Look for any podcast host, guest or anyone
Showing episodes and shows of

Øystein Nygard

Shows

SandmyrSandmyrJostein GravdalSunderland 'Til I Die Jostein Gravdal, fikk en sesong i Bryne på 90 tallet og er nok mest kjent for flere år i Figgjo. Jostein er tippekamp generasjonen og Sunderland ble etterhvert hans store lidenskap. I dag er Jostein lærer og er fortsatt lidenskapelig opptatt av balløya og han forteller om hans oppgave han nå holder på med i regi av læreryrket. Dette er også den aller siste Brynepoddene. Nå legger vi ned og det kommer ikke noe mer Brynepoddene. Hør episoden for å få vite mer :) Tusen takk! Øystein Nygård 2024-08-2948 minSandmyrSandmyrEirik Bjørnø, Hans Øyvind Sagen og Øystein ElvestadEKSKLUSIVT!! De er alle ledere for hver sin storklubb. Hvilke utfordinger står de overfor og hva er status i klubbene ? Vi får et unikt innblikk i en leders hverdag. Møt Vikings Eirik Bjørnø, Bryne FKs Hans Øyvind Sagen og Sandnes Ulfs Øystein Elvestad. 2023-06-291h 13SandmyrSandmyrTurne oppsummeringDå var turneen kome til vegs ende, men kva har me lært og sett på desse månadane. Øystein Nygård og Asgeir Ueland går gjennom nokre ting dei beit seg merke i langs RV44. Samstudes takkar Asgeir Ueland av frå Brynepodden. Det er snart vår i lufta og ein ny sesong er alt på trappene med helgas cupkampar. Øystein reiser vidare med podcasten inn i fotballåret 2023. 2023-03-0933 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP117#Post-Nord-ligaen. Kolbjørn Fosen, Vard, og Ojan Bijan, EIK oppsummerer ligaen så langt. Øystein tok turen til Oslo og sjekka trykket hos Jan Halvor Halvorsen i Lyn. 2022-07-2149 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP103Det byrja med ein lett spøk på twitter. Ei snau veke etter sat lokalfotballens enfant terrible, Øyvind Jacobsen, i studio. Me snakka om cup, lokalfotball, politikk og litt om denne "tjuagutten" frå Vassøy.  Me ønsker våre lyttarar god påske. 2022-04-141h 08SandmyrSandmyrBrynepoddene Ep102Generalsekretæren i Ishockeyforbundet, Ottar Eide, dukka opp på Bryne midt i koronaen. Eitt knapt år seinare er han ny stryreleiar for Bryne FK. Kven er han, og kva tenker han om klubben framåt? Det vert òg ein god dose hockey.  2022-04-0758 minSandmyrSandmyrReaksjoner Sandnes Ulf -BryneSondre Norheim, Kevin Knappen, Bjarne Berntsen og Martin Ramsland om derbyet som enda 2-1 til Sandnes Ulf i fyrste kamp av 2022-sesongen. 2022-04-0208 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP101Endeleg seriestart på normal tid. Me har hatt Arturo Cleveland og Kevin Knappen i studio for å snakke om derbyet mellom Sandnes Ulf og Bryne no på laurdag. Og Even Sel om FK Haugesund føre sesongstarten.  2022-03-311h 16SandmyrSandmyrEkstrasending Eirik LunderEKSKLUSIVT. I fjor fekk Eirik Lunder oppfylt draumen om å bli profesjonell sykkelryttar for det russiske laget Gazprom-RusVelo. Men krigen i Ukraina vart alt snudd på hovudet. I eit eksklusivt intervju med Brynepoddene fortel han om karrieren så langt, og uvissa i vakuumet som har oppstått. Det er venta at laget kjem med ei endeleg avklaring om framtida til ryttarane og laget sundag 27. mars.  2022-03-2536 minSandmyrSandmyrBrynepoddene Ep100I vår studiosending nummer 100 inviterte me ein av dei mest markante idrettsleiarane i Rogaland i dette hundreåret - Pål Higson. Han snakkar om det eventyret som er skapt i Stavanger med ishockeyen og korleis klubben har jobba seg opp i Norges toppen. Me kan ikkje anna enn å ønske lukke til i resten av sluttspelet.   2022-03-2459 minSandmyrSandmyrCupekstra Sulf-GodsetVår reporter var til stades på kvartfinalen i Sandnes og fekk desse reaksjonane frå Kristoffer Hay og Godset-trenar Håkon Wibe-Lund. 2022-03-2006 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP99Lokalfotballen får ein tidleg start med kvallifisering for cupen. Ørjan Grøden og Simon Stapnes er i studio for å snakke om den tidlege starten og stoda i 4. divisjon i det som ser ut som eit normalår igjen. Tour de Tord rullar vidare med tips om korleis ein kan køyre drag i Tyrkia, eller kanskje Kartavoll er tryggare? 2022-03-1755 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP98Tour de Tord Kurt Asle Arvesen braut gjennom då han vann U-23 VM i 1997. Men profflivet starta i motbakke, før han enda opp med å hausta erfaring hos det som ein gong var Team Sky, og no losar han folk fram i UNO-X laget. Me høyrde litt om vegen dit, korleis dei tenker og fekk nokre ord om Tord Gudmestad òg.  2022-03-1042 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP97Alt er tilfeldigheiter seier Hans Olav Braut til Brynepoddene. Fotball spelte han i Orre. Men det eit langt liv i og rundt fotball, skuleverket og eit hjarte for lag og organisasjonar osm gjer han til ein type menneske det ikkje lengre er så mange av. Dei som set felleskape føre seg sjølv. Tilfeldig vart han trenar for eit U18 landslag. Her spelte mellom anna ein ung John Arne Rise. Han fant opp keepertreninga i Bryne, og han var vore styreleiar i det som den gong heitte Rogaland Fotballkrets. Men han er ikkje heilt sikker på at streamlininga ein...2022-03-031h 04SandmyrSandmyrBrynepoddene EP96Ingmar Austberg og Christian Røer er to av dei nye andleta som har signert for Bryne i år. Me tok ein prat med dei for å finne ut litt meir om nysigneringane, og kva erfaringar dei tar med seg frå RBK og Kongsvinger.  2022-02-2440 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP95Eivind Karlsbakk var knapt 19 år då han reiste frå Stryn til Bergen og Brann i 1994. No, like gamal som faren var den gong, køyrer sonen Daniel Karlsbakk frå Bryne til Stavanger for å spele eliteserien. Både har spelt på aldersbestemte norske landslag. Kva er likt og kva har endra seg i forballen på desse litt over 25 åra.  2022-02-1755 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP94Sist veke hadde me ein fin kveld på Mellombles. Her er opptaket av livepoden med Kevin Knappen, Mikkel Bjørnstad og Roger Eskeland.  2022-02-101h 06SandmyrSandmyrBrynepoddene EP93Svein Hagen har i mange år dekka sport for Rogalands Avis og Aftenbladet, på sida av å vere lærar, men han har òg ei lang og aktiv fartstid i friidrett. Sist såg du han i dokumentaren Team Ingebrigtsen. Sonen Jørn kom til Bryne som ungt talent og fekk ei god karrere i norsk fotball. Men for ei tid sidan, medan han var juniortrenar i Bryne, skjedde det noko i livet hans. Me tok ein prat med far og son om laust, fast, og livet. 2022-02-0358 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP92Tord Gudmestad har nettopp byrja oppkøyringa for sin fyrste sesong som proffsyklist på UNO-X-laget. Kven er han og kva er måla for sesongen? Me byrjar Tour de Tord 2022 her. 2022-01-2753 minSandmyrSandmyrEkstra Hans Øyvind SagenI dagens siste sending har me intervjua Hans Øyvind Sagen om den nye jobben som dagleg leiar i Bryne FK. Litt om kor han kjem frå, og kva tankar han gjer seg på sparket før han byrjar i mars. Han kjem i alle høve til å ta tak i mangelen på bordhockeybord på klubbhuset, trur me.  2022-01-2019 minSandmyrSandmyrEkstrasending ny dagleg leiarHans Øyvind Sagen vert ny dagleg leiar i Bryne FK. Han har vore SNV for salg i Akvagroup, og har erfaring som marknadssjef i Viking. Me høyrer med Geir Pollestad om kvifor valet falt på Sagen, og kjem attende seinare i dag med intervju med den nye daglege leiaren.  2022-01-2003 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP91Styreleiar i Bryne Geir Pollestad har snart vore styreleiar i to år. I mars skal ein velje eit nytt styre. Og mens med lurer på om han tar ein periode til ber me han oppsummera si tid som styreleiar så langt.  2022-01-201h 06SandmyrSandmyrBrynepoddene EP90Morten Kalvenes er kanskje den som har gått mest under radaren i trenarteamet til Bodø-Glimt. Mannen som byrja som trenar for Arna-Bjørnar går nå laus på fjerde sesong for klubben frå Nordland. Alt 17. feburar ventar Celtic i Europa Conference League. Men kva har dei gjort i Bodø, og korleis kom han dit kor han er i dag? 2022-01-1357 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP89Pierre Gallo var ein av svenskane som kom til Bryne tidleg på 2000-talet. Den gong var laget ennå på det øvste nivået. Han forsvann som mange andre etter nedrykket i 2003, og spelte fotball til han var 37. Dei siste åra har han mellom anna prata med Zlatan, og no pratar han med Brynepoddene.  2022-01-0646 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP88Ojan Bijan var naturleg nok skuffa etter at opprykk og kvallik glapp for EIK. Men han går på med friskt mot inn mot neste sesong. Korleis har tida i Egersund vore til no, og kva er tankane for neste år? 2021-12-301h 01SandmyrSandmyrBrynepoddene EP87Owe Salvesen har på mange måtar vore ein trenaranes trenar sidan han forsvant ut av søkelyset til Dalane Tidende og tok jobb i ULF. Då han vart utviklingsleiar i Klepp Elite var han framleis ikkje den som stod fyrst i mediastormen, men ettet at han tok over laget i august var han meir å sjå i media. Etter nedrykket takka han ja til å halde fram som trenar for distriktets lokomotiv på kvinnesida. Men likevel har han vore litt i skuggane heilt til han dukka opp i studio og byrja prate. Me nyttar òg høve å ønske alle ei god jul. 2021-12-2359 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP86Vebjørn Hagen sleit ut dei fyrste fotballskoa i Klebe, før han gjekk til Viking-akademiet. I år har han vore utleigd til Hødd, og er truleg den jærbuen som kjenner Team-Knappen best. Me snakka om tida i Hødd og karrieren så langt, samt kva som er måla framåt.   2021-12-1636 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP85Magnus Johansson har vore med på det meste i fotballen. Det er no snart seksten år sidan han kom til eit Bryne på veg opp. Kva skjedde og kor er han no?, undra me. Så slo me på tråden og fant ut litt meir. Her er resultatet. 2021-12-0958 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP84Me tar avskjed med Jan Halvor Halvorsen og Even Sel, og oppsummerer tida deira i Bryne.  2021-12-021h 15SandmyrSandmyrBrynepoddene EP83Gjert Ingebrigtsen treng ikkje nokon nærmare presentasjon. Med det som utgangspunkt skrudde me på mikrofonane i jakta på noko meir enn det me har sett på fjernsyn.  2021-11-251h 10SandmyrSandmyrBrynepoddene Ep82Thomas Brantsæter byrja som digitalt ansvarleg i Norges Fotballforbund i haust. Han har alt hatt ei lang fotballreise i sitt unge liv. Han har jobba i klubbar som Liverpool og Midtjylland, og sett korleis dei driv der. Det var dette me ville høyre meir om.  2021-11-1854 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP81Det er landslagspause. Og mens Asgeir sov, var Øystein på telefonen til Berlin. Han snakka med Rune Almenning Jarstein.  2021-11-1144 minSandmyrSandmyrEkstra Bryne JervBryne tok nokre formidable steg for å sikre spel i OBOS neste år. Reaksjonar frå Henning Romslo, Arne Sandstø og Jan Halvor Halvorsen. 2021-11-0607 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP80Geir Dahle Høyland var i si tid ein spanande ung spelar i Bryne. Men med åra farta han litt rundt i lokalfotballen, før han vende tilbake til moderklubben. I dag spelar han i Rosseland, men "knakk" internett med biletet saman med Erling Braut Haaland i potetåkeren. Geir tenker fotball og snakkar om karrieren. Åsane har fått opp eit unikt anlegg, Øystein snakka med Roald Bruun-Hansen og tidlegare Bryne-spelar Trond Bjørndal om korleis det fekk dette til.  2021-11-0459 minSandmyrSandmyrEkstrasending Åsane BryneReaksjonar etter kampen Åsane - Bryne i samarbeid med Toyta Sørvest. Med Geir Andre Herrem, Jan Halvor Halvorsen og Rogvi Baldvinson. 2021-11-0109 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP79Sondre Norheim kom heim frå USA og har glidd rett inn på laget, men korleis har dei siste åra over there vore? Kim Rune Hellesund sparka seg inn i hjartene til Bryne-fansen. Men han har òg mange år i hordalandsfotballen og gjer ei innsikt om stoda der føre kampen mot Åsane på måndag.  2021-10-281h 00SandmyrSandmyrEkstrasending Bryne RaufossReaksjonar etter at Bryne slo Raufoss 3-1, og tok eit laaaaaangt steg mot foryna kontrakt. Med Daniel Karlsbakk, som utlikna til 1-1 og hadde assist på det andre. Sixten Dalen Jensen, og Even Sel.  2021-10-2407 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP78Johnny-Mikael Gallefoss hadde eit kort opphald på Bryne før ferda gjekk vidare til Hordaland og ut i verda. Han vart hyrt inn av Vincent Company, dreiv anlegg i Dubai, før han no er trenarutviklar på eit Viking-akademi som straks når fem stjerner. Me drog han ut frå heimen på Rosseland til studio på Tu, og fekk høyre om det meste. Med tanke på talentutvikling har Viking tatt grep kor andre har slumra.  2021-10-211h 24SandmyrSandmyrBrynepoddene EP77"Opprykkskampen" mellom EIK og Skeid enda 2-2. Øystein var på stadion og fekk reaksjonar frå Ojan Bijan og Morten Berre. Laurdag møter Bryne Fredrikstad, som rykka opp saman med Bryne i fjor. Me hadde ein lang prat med trenar Bjørn Johansen om stoda i Fredrikstad, utvikling og utfordringar, spelestilar og litt om tida hans i Tromsø.  2021-10-1451 minSandmyrSandmyrBrynedpoddene EP76Oddvar B. Høyland har to flotte idrettsanlegg på Nærbø og Åkra på CVen. Korleis kan ein få ting til å henge saman om ein skal bygge nytt, og kva gjorde han for å stable Nye Loen og Åkrahallen på føtene? Og korleis kan ein spele på lag i lokalsamfunnet, det og mykje anna snakkar me om denne veka.  2021-10-071h 02SandmyrSandmyrEkstrasending - Ny brynetrener Kevin KnappenBrynepoddene kommer med ekstrasending etter utnevnelsen av Kevin Knappen som brynetrener fra 2022. Roger Eskeland om prosessen, styreleder Geir Pollestad om valget. Kvein Knappen om fotballferden så langt, spillestil, overgangen fra Hedmark til Vestlandet og de uforglemmelige romjulsturneringene med Formel 1 kjøreren Michael Schumacher.  2021-10-0442 minSandmyrSandmyrEkstra Sandnes Ulf BryneReaksjoner etter at Sandnes Ulf vant 2-0 over Bryne fra Even Sel, Dybevik og Bjarne Berntsen.  2021-10-0205 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP75Reaksjonar etter 2-0 sigeren mot Ull-Kisa. Fenderup, Sundgot og Even Sel. Me ser fram mot laurdagens derby mot Sandnes Ulf med Even, og dagleg leiar i Ulf, Tom Rune Espedal.  2021-09-301h 05SandmyrSandmyrBrynepoddene EP74Jonas Munkvold arbeidar i akademiet til Nottingham Forest, som har den høgaste klassifiseringa i England. Korleis er kvardagen i eit slikt akademi, og kva gjer ein for å utvikle spelarar som er framtidas Premier League-spelarar. Me har høyrt om kva som liknar og kva som er ulikt i England og Noreg.  2021-09-2349 minSandmyrSandmyrBryne Start EkstraEndelig seier 2021-09-1807 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP73Reaksjonar frå Hamar frå Even. Sør-Rogalands to toppklubbar har veld to unge daglege leiarar til å styra skuta. Thomas Langholm Engen i Klepp og Eirik Bjørnø frå Viking kom i studio. Korleis jobbar dei med klubbane? Kva har dei lært, og kva retningar tar dei klubbane? Det og mykje anna snakka me om i over ein time på Bryne.  2021-09-161h 23SandmyrSandmyrBrynepoddene EP72Det ligg ein landslagspause over landet, og difor har me snakka med den fyrste jærske OL-deltakaren individuelt sidan Åge Storhaug turna i 1960 og 1964. Narve Gilje Nordås har sprunge det han er mann for i fleire år, men då han kom under vingene til Team Ingebrigtsen fant han ut at det var lurt å bytte sko av og til. Etter å ha erfart OL i Tokyo siktar han no inn mot fleire meisterskap. Og så kan han ein del om fjøs i tillegg.  2021-09-0953 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP71Jan Halvor Halvorsen oppsummerar halvspelt sesong.  2021-09-0249 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP70Onsdagens livesending på Mellombels. Ørjan Grødem, Klepp, Torfinn Edland, Rosseland. Espen Undheim og Sigbjørn Bø. Ungdomsavdelingen BryneFK. Tidl og nåværende styreledere Nils Steinsland og Geir Pollestad. Arvid Salte og Ingebrigt Aarbakke, sponsorer.  2021-08-262h 06SandmyrSandmyrBrynepoddene EP69Tore Christiansen er ein av dei mest interessante klubbyggaren i Rogaland dei siste 20 åra. Korleis har han gjort det i Stavanger Oilers, og kva kan ein lære i fotballen om klubbygging, og så har han nokre tankar om travsporten og.  2021-08-191h 08SandmyrSandmyrBrynepoddene EP68Vår siste sommargjest er Gaute Larsen. No er det attende til kvardagen i by og bygd. Me køyrer på vidare inn i haustsesongen.  2021-08-121h 14SandmyrSandmyrBrynepoddene EP67Vår andre sommargjest er legenden Birk Engstrøm. 2021-08-0551 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP66Sommargjest denne veka er Jærbladets Tarjei Sel.  2021-07-291h 01SandmyrSandmyrBrynepoddene EP65Reaksjonar frå Bryne-Sandnes Ulf. Men òg vår fyrste sommargjest Svein Axel Johannessen.  2021-07-221h 01SandmyrSandmyrBrynepoddene EP64Ferien er her, men me køyrer 90 minutt pluss ein ekstraomgang. Me har eit eksklusivt intervju med Tottenham sin U23 keeper, Isak Solberg, med faren Thomas med på laget. Me snakkar om livet på akademiet til ein topp seks Premier League klubb.  Even med analyse og fram mot Fredrikstad og Sandnes-Ulf. Magnus Meling, frå Ålgård, som har jobba i FFK i 8 år, Tord Salte på litt dårleg linje frå Sogndal.  Nyt sommaren.  2021-07-151h 42SandmyrSandmyrBrynepoddene EP63Even Sel analyserar dei to siste kampane, og ser fram mot Sogndal. Ein som kjenner Sogndal ut og inn er Eirik Bakke. Handen største spelaren staden har forstra. Me tok ein lang drøs med han om alt frå oppveksten med ei klubblegende til far. Verte guida av legendar under tida i Leeds. Og kom oss inn i samtida då me spurde om korleis han ser på trenaryrket.  2021-07-081h 11SandmyrSandmyrBrynepoddene EP62Tett program for Bryne og dei andre laga på nivå to dei komande dagane. Etter kampane fredag og måndag har me lagt bak oss ein tredjedel av serien. Difor har me lagt eit tett progam denne veka:  Even Sel om sigeren på Sørlandet og dei to komande kampane. Blinks unge og lovande trenar, Tom Dent, om England og jobben med å få laget frå Stjørdal opp og fram. Tobias Guddal om den korte tida så langt i Bryne, og rogalendingen Hermann Kleppa om livet og fotballen på vestsida av Mjøsa. Del oss gjerne vidare og spre ordet2021-07-0154 minSandmyrSandmyrEkstra Start mot BryneStart verka til å ha full kontroll fram til det 90. minutt, så kom Bryne... Reaksjonar frå SørArena. Med Holtan, Halvorsen, Tjelmeland og vår mann. 2021-06-2707 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP61Even Sel med analysen. Og Bjarne Undheim om eit langt liv i Bryne FK, og tilbakevendinga til feltet.  2021-06-241h 09SandmyrSandmyrBrynepoddene ekstrasending om EIKI årevis har kysten mellom Jæren og Kristiansand vore eit litt aude land i fotballsamanheng. Som dei gråe anortositt-knausane har det vore eit landskap for vidarekomne, litt skjult for allmugen. Fotball for lokalpatriotar med von om at det i år er vår tur. Men i år kan det godt vere at Egersunds IK, ein av dei eldste klubbane i fylket tar steget opp i det selskapet som er dei to øvste divisjonane. Utfallet av sesongen i år er ikkje gjeve, sjølvsagt, men likevel har me høyrt snakk i gangane om at optimismen rår i den...2021-06-191h 07SandmyrSandmyrBrynepoddene EP60Pål Arne Johansen er trenar for G-19 landslaget, og snakkar i podcasten om dei beste unge, kva mål ein har for landslaga, og den kampen kor han såg at Erling Haaland kunne verte noko eksepsjonelt. Even Sel med analysen, og Einar Tunheim Lye snakkar om livet i collegefotballen i USA.  2021-06-171h 22SandmyrSandmyrEkstra Jerv-BryneReaksjonar etter kampen i Grimstad frå Meinhard Olsen, Arne Sandstø og Jan Halvor Halvorsen.  2021-06-1207 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP59Even Sel med oppdatering føre kampen mot Jerv. Knut Eriksen er tilbake i Klepp som sportseleg leiar. Stoda i toppklubben på damesida og kvifor det er vanskelegare å halde på talenta. Arne Sanstø om stoda i Jerv og korleis Jan Halvor Halvorsen kom på glattisen i Berlin.  2021-06-101h 18SandmyrSandmyrBrynepoddene Ep58Egil Østenstad var ein av dei mest markante fotballspelarane i fylket. Dei siste åra har han mellom anna vore aktiv som trenar rundt damelaget til Viking. Me tok ein prat om damefotball, karriera og om å hoppe ut på djupt vatn i administrasjonen i Viking den gong. Even Sel med analye, og Meinhard Olsen live frå landslagssamlinga til Færøyene. 2021-06-031h 18SandmyrSandmyrBrynepoddene EP57Kjetil Rekdal er ein av dei mest markante skikkelsane i moderne norsk fotball. Me fekk ein fascinerande time med han om alt frå siloslått i Rekdal til korleis han har fått sving på HamKam. Even Sel med analysen, og Geir Pollestad med status på jakta etter dagleg leiar.  2021-05-271h 35SandmyrSandmyrBrynepoddene EP56Even Sel rett etter sigeren mot Ranheim. Magnus "Rets" Grødem om overgangen til Molde, og korleis han kom seg over bomturen til Danmark. Hovudgjesten er Aage Aasland som i fleire år var ein sentral person i klubben, men så forsvant frå miljøet. Aasland er kanskje ein av klubbens gløymde heltar. Me henta han fra frå gløymsla.  2021-05-201h 22SandmyrSandmyrBrynepoddene før kampstartEven Sel om kampen mot Ålesund, no ein liten time før avspark. Kven starter? 2021-05-1511 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP55Endeleg startar serien. Bryne drar til Sunnmøre for å møte Ålesund. Me har snakka med Lars Arne Nilsen, trenar for Ålesund. Og tre markante sunnmøringar som har spelt for Bryne, Knut Ertesvaag, Børre Meinseth og Kenneth Giske fortel om linken mellom Jæren og Sunnmøre.  2021-05-131h 26SandmyrSandmyrBrynepoddeneEP54Det luktar seriestart, men til helga er det generalprøve med Sandnes Ulf - Bryne. Steffen Landro og Jan Halvor Halvorsen kom i studio og snakka om korleis dei ser på sesongen, trenaryrket og kva som skjer når spelarar forsvinn rett før seriestart.  2021-05-0659 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP53Det vert truleg ikkje oppstart i lokalfotballen før etter ferien, seier Heidi Østerhus frå NFF Rogaland. Likvel håper ein på treningskampar. Sixten Jesen er ein av dei nye i Bryne, me høyer korleis overgangen har vore. Per Ravn Omdal snakkar om alt frå SIF til Superliga. Og me markerer sjølvsagt at Kaare Lindboe, ein bauta i Rogalands-fotballen, gjekk bort i førre veke.  2021-04-291h 18SandmyrSandmyrBrynepoddeneEP52Hans Olav Frette har hatt dei fleste roller i Bryne FK. Keepertrener, hjelpetrener, hovedtrener, administrativt tilsett, sportsleg utval. Politimannen la handjarna frå seg og satsa på fotballen. No har han kvardagen hos Aarbakke, men han har mykje å sei om åra sine i klubben. Brynepoddene markerer eitt år som podcast med ein av Saudas store søner.  2021-04-221h 02SandmyrSandmyrBrynepoddene EP51Korleis har covid prega lokalfotballen, spør me denne veka. Til å svara på det har me MILs Oddbjørn Mihle Strand og Ålgårds Ole Hjelmhaug. Men det vert mykje god drøs om andre ting òg.  2021-04-151h 03SandmyrSandmyrBrynepoddene Ep50Geir Pollestad om stoda etter årsmøtere. Og de gamle harde forsvarsspillerne Ingve Bøe og Jan Bø om hvordan det var å være en kompromissløs forsvarsspiller, og forskjellen på unge spillere i dag.  2021-04-081h 25SandmyrSandmyrBrynepoddene EP49Noreg er det fotballandet som har lidd mest av coronaen og konsekvensane kan verte store, seier Rune Skarsfjord. Men mannen som har holdt falkeblikk på norsk toppfotball dei siste åra snakkar òg om utdanning og utvikling av spelarar, og at han snart er klar for å kome attende til sidelinja.  2021-04-0158 minSandmyrSandmyrBrynepoddene Ep48Kenneth Andersen har halde taumene i Egersunds IK i over eit tiår no. På vegen har det svirra mange rykter om både han og tigrane i den sørlege delen av fylket. Me sette oss ned og fekk soga om klubben sør for Tengselva, samt korleis stoda er no i starten av det andre coronaåret. 2021-03-2555 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP47Han har spelt for alle toppklubbar i Rogaland, Viking, Bryne, FK Haugesund og Sandnes Ulf. I Sandnes tok han eit lag frå 2 divisjon til tippeligaen, og ting har aldri vore i nærleiken etter det. Men er han framleis sulten på ein trenarjobb? Me har snakka med Asle Andersen. 2021-03-1856 minSandmyrSandmyrBrynepoddene Ep46Me tok ein telefon til Tallin og traff Marek Lemsalu heime. Den solide midtstopparen om å spele saman med Klopp i Mainz, prøvespelet for Liverpool og åra på Jæren. I tillegg fortel Estlands tidlegare landslagskaptein om kvifor dottera er meir kjend enn han i heimlandet. 2021-03-1149 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP45Tor Jan Førland har vore Mr. Tasta i mange år, og Jørn Brekke har vore Vardenesets mann i fleire år. Saman har dei omtrent 100 år som ihuga supportarar og sjåarar av lokalfotball, men koss er stoda no som alt har stoppa opp? Dei hugsar òg den gong Stavanger-folk fylte Bryne stadion, jamvel om Viking var på ein annan kant av landet. Me fekk dei på ein sundagstur utover Jæren for å fortelje meir.  2021-03-0459 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP44Roar Wold og Kenneth Eidsaunet har hjelpt mange med dei fyrste stega inn i trenargjerninga. Men dei har òg sett mange talent vekse fram i Rogaland, både på herre og damesida. Me fekk dei i studio. Her snakka me om vegen til å bli trenar, og korleis ein jobbar med talentutvikling.  2021-02-251h 18SandmyrSandmyrBrynepoddene EP43Bjørn Erik Taksdal er nyleg tilsett som spelarutviklar og trenar for G-16, mellom anna. Men kva har han tenkt å gjere? Tommy A. Velde skulle vere kjend for alle som hugsar litt om lokalfotballen, no skal han vere med damelaget framåt. Me snakka om dei nye rollene deira, men òg om lokalfotball, spelarutvikling og kva coronaen har gjort med fotballen.  2021-02-181h 09SandmyrSandmyrBrynepoddene EP42Even Sel med status så langt i år. Får me snart sjå treningskampar? Else Karin Stangeland var ein pioner i damefotballen. Sidan den gong har ho meir og mindre vore aktiv i Klepp. Me tok ein prat me ho om utviklinga i fotballen, og om laget som har vore på toppnivå i 34 år. 2021-02-111h 11SandmyrSandmyrBrynepoddene EP41Tore K. Nybø er dommerstandens grand old man, me kopla han saman med eleven Micha Kellerhals, som er ein av fylkets store talent i svart. Det vart ein time om dømming, utfordringar, VAR, og kvifor Nybø ikkje har planta føtene i Hovsherad sidan den skjebnesvangre dagen ein gong på 80-talet.  2021-02-041h 10SandmyrSandmyrBrynepoddene EP40Vegar Landro - enkelt og greitt. Medan me venter på starten av treningskampane tok me ein prat med mannen som kom til Bryne for eit par år, men som vart verande elleve sesongar. Han bur framleis på Bryne og kallar det no heime.  2021-01-2852 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP39Magnus Erga har ein sesong som hovudtrenar i Notodden bak seg. I år kjem nye utfordringar med mindre budsjett og ein spelarkabal som må leggast. Då han var heime i jula kom han i studio og fortalde litt om tida i Notodden, livet der og kva han tenker kring trenaryrket. Trenartalentet frå Kåsen er klar for ein ny sesong.  2021-01-2154 minSandmyrSandmyrBrynepoddeneEP38Albert Braut Tjåland gjekk i vår til Molde i von om å nå toppen. Det var mildt sagt vore eit spesielt år for 16 åringen som flytta til Romsdal. Men kvar tenker han om denne sesongen og korleis tenker ein familie med ein son som har ambisjonar? Me har snakka med far Hans og son Albert om det.  2021-01-1443 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP37Asgaut Steinnes var i mange år røysta som ga oss lokalnyhende i Jærradioen. Han sang inn det nye året med Jærrock på Thime Station i mange år. No driv han gitarmuseum og med store alpakkaer på småbruket i søre Hå. Me sette oss ned i studio og let Asgaut fortelje om erfaringar frå eit langt liv i eteren.  2021-01-0753 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP36Med 2020 på hell, eit spesielt år på alle måtar, treng me litt optimisme. Geir Magnus Sandve er normalt å høyre føre mikrofoen i Bryneposten. Han har vore engasjert i klubben i ein mannsalder, og er kanskje den eivige optimist, men kven er han eigentleg? Det freista me å finne ut i årets siste sending.  2020-12-311h 16SandmyrSandmyrBrynepoddene EP35Bjarne Berntsen har stått midt i stormen i det siste. Som ihuga Liverpool-fans veit han at lerka syng når stormen er over. Me tok ein lang prat med han om opp og nedturar i eit langt liv i fotballen. Og så får me nokre ord til jul frå Jan Halvor Halvorsen. Med det seier me god jul til alle lyttarane våre.  2020-12-241h 07SandmyrSandmyrBrynepoddene EP34Kjell Olav Stangeland var sentral i klubben i glansdagane på 80-talet, før Jærbladet vart hans nye heim. Me har snakka om den gong, og livet i pressa. Men kva var Jæren Stein og Grus? Jonatan Braut Brunes feira nyleg opprykk med Lillestrøm, kva er planane hans for neste år? 2020-12-171h 26SandmyrSandmyrBrynepoddene EP33Rune Haugseng er drivkrafta som tok Nærbø til handballtoppen i Noreg. Korleis har den gamle landslagsspelaren i handball klart dette?, spør me i Brynepodden. Til svar får me ei uvanleg soge om ein uvanleg mann. 2020-12-101h 11SandmyrSandmyrBrynepoddene EP32Korleis er det eigentleg å rykke opp sett på avstand? Me har snakka med Gabriel Høyland, opprykk 1975, og Bent Apneseth, opprykk 1999, om nett det, samt tida deira i fotballen. 2020-12-031h 12SandmyrSandmyrBrynepoddene EP31Han vart med eitt sjef for nødlandslaget - i denne episoden høyer du om dramet før og under kampen i Wien. Leif Gunnar Smerud snakkar òg om vegen til å verte landslagstrenar og stoda i norsk fotball, og kva ein ventar av dei som vil verte landets beste.  2020-11-261h 11SandmyrSandmyrBrynepoddene EP30Jan Halvor Halvorsen oppsummerer sesongen, og seier litt om hva som er i vente neste år. Men blir det noe ferie på han etter kampen mot EIK? Stian Selveland er ein trufast slitar i EIK, med siger på laurdag tar laget hans kvallikplassen. Korleis ser han på kampen? 2020-11-1947 minSandmyrSandmyrBrynepoddene Ep29Even Sel har fått ein velfotent pust i bakken frå analysehjørna, men me festa han på band etter opprykket på laurdag. Kva skjer vidar no etter at opprykket er sikra? Knut Ove Joa kom i studio og snakka om året som har gått og vegen framåt.  2020-11-121h 10SandmyrSandmyrBrynepoddenes opprykksekstraRomslo, Holtan, Pollestad og Jan Halvor Halvorsen om opprykket. Nyt. 2020-11-0709 minSandmyrSandmyrBrynepoddene EP28Even Sel om opprykkskampen. Inge Brigt Aarbakke har sponsa Bryne sidan starten på 80-talet. Det har vore opp og nedturar, men han brenn framleis for klubben. Bryepoddene sette seg ned med den mest kjende næringslivsleiaren på Jæren og spurde litt om fotball, liv og næringsliv. Resultatet får du her.  2020-11-051h 18SandmyrSandmyrBrynepoddene EP 27Livesending frå Mellombles med Tommy Bergersen og Ole Hjelmhaug. 2020-10-281h 13SandmyrSandmyrEkstra Daniel KarlsbakkDaniel Karlsbakks reaksjon etter Vard-kampen. 2020-10-2401 minSandmyrSandmyrBrynepoddene Ep26Det er ingen som har så lang fartstid i Bryne som Reidar B. Thu. Han har vore med på det meste av opp og nedturar som klubben har hatt. No held han framleis kontrollen i pensjonistgruppa kvar måndag.  Men soga om Thu er og soga om staden Bryne. Me let han snakka om alt mogleg han har opplevd gjennom 87 år.  Even med analysehjørnet og Torben Dvergsdal om tida i klubben så langt.  2020-10-221h 33SandmyrSandmyrBrynepoddene EP25Denne veka har me ein lang prat med Einar Braut om tida i Bryne. Oliver Rotihaug er med, det er òg Even Sel, som vanleg. Fløytrenar Nikola Trajkovic gjer oss ei innsikt i si lange reise frå Raude Stjerne Beograd som spelar og fram han vart trenar for Fløy.  2020-10-151h 20