podcast
details
.com
Print
Share
Look for any podcast host, guest or anyone
Search
Showing episodes and shows of
Eldar Heide
Shows
Tru og meining i gammal tid
93. Landemerke og gøymestader langs leia, reflekterte i stadnamn
Korleis har folk tenkt om orientering og landskap når dei har fare med båt langs kysten vår gjennom tusenvis av år? Alle gamlingane er døde, men mange stadnamn har overlevd sidan urgammal tid, og når vi ser dei i samanheng med landskapet, som framleis er det same, så kan vi seia ein heil del – om guddomleg nyttige landemerke, guddomleg gode hamner – og om hamner som folk har gøymt seg i. I Ytre Oslofjord har vi eit nyoppdaga, spennande tilfelle. Stikkord: Blå Jungfrun, Helgenæs, Jomfruland, Hvaler, Herføl / Herfellbukta, Lindesnes, Bokn / Boknafjorden, S...
2025-07-13
49 min
Tru og meining i gammal tid
92. Fallossteinar, brødkorger eller både – òg? Samtale med arkeolog Frans-Arne Stylegar
Ifølgje vanleg oppfatning er fallossteinar ein funntype frå eldre jarnalder, som symboliserer potens, fordi dei er forma som erigerte ….. øh, … ja. I Sverige blir den same gjenstandstypen rekna som kuleforma og tolka som symbolske … brødkorger. Tolkingstradisjonen legg tydelegvis sterke føringar for kva ein ser i materialet. Går det an å koma lenger i forståinga av desse steinane, kanskje i lys av norsk folketradisjon og samisk tradisjon nedskriven i tidleg moderne tid? Kan problemet minne oss om korleis etnisk religion fungerer? Andre stikkord: Heilage kvite steinar, stenklot / gravklot, falloskult, fruktbarheitskult, dei underjordiske, Hans Jacob Will...
2025-06-29
1h 27
Tru og meining i gammal tid
91. Den eldste lova. Intervju med rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde
Kva slag prinsipp la dei vekta på, dei som utforma dei eldste lovene våre? Kva såg dei som det verste ein kunne gjera? Kva var ikkje så farleg? Kva stilling gav lovene kvinner? Kor tidleg juss har vi vitnemål om? Korleis oppstod lovene? Vart jussen mykje endra av kristninga? Dette, og meir til, får du høyre om i denne episoden.
2025-06-15
1h 30
Tru og meining i gammal tid
90. Mytologiske stolpehol. Samtale med formidlar Karen Bek-Pedersen
Vi veit vel mykje om norrøn mytologi? Tja, kanskje er det heller slik at vi veit litt, om dei viktigaste figurane. I dag skal vi snakke om nokre vi berre ser avtrykk av i kjeldene, eit fotspor eller to. Vi ser holet, der det ein gong har stått eit mytekompleks. Dette frustrerer, men kanskje får det oss til å sjå klårare kva tolkingsarbeidet går ut på. Og det er faktisk spennande å grava fram dei få detaljane vi har, prøve ulike tolkingsmulegheiter, og rive seg i håret. Stikkord: Gjevjon / Gefjon, Uppsala-kongane, Mälaren, Sjælla...
2025-06-01
1h 36
Tru og meining i gammal tid
89. Klangen i landskapet. Samtale med musikkarkeolog Gjermund Kolltveit
I gammal tid var lyden i landskapet viktig. Folk utnytta lyden som berre var der, og dei utnytta landskapet til å skapa og forsterke lyd – for å kommunisere, og med rituelt føremål. Det kan dreie seg om plassering av hellemaleri og den slags, og om skikkar knytte til klangsteinar og dei underjordiske – heilt fram til vår tid. Kva inneber det at folk kalla ekko for dvergmål?
2025-05-18
1h 29
Tru og meining i gammal tid
88. Norrøn mytologi juridisk forstått. Samtale med historikar Anne Irene Riisøy
I vårt samfunn er det eit skarpt skil mellom religion og rettssystem. Men vi skal ikkje langt tilbake før vitne skulle sverja ved Bibelen. I førkristen tid var rettsstellet nært kopla til religionen. Lovene var gjevne av nornene, gudane søkte til tings når vanskar oppstod, og fredsavtalar kunne sverjast ved religiøse gjenstandar eller gudane, og dei juridiske leiarane var òg kultleiarar. Dette heng saman med eit evig spørsmål: Korleis kan du binde folk til å snakke sant eller oppføre seg slik dei seier?
2025-05-04
1h 23
Tru og meining i gammal tid
87. Håvamål. Samtale med norrønfilolog Mikael Males
Håvamål er eit av dei mest kjende eddadikta. Men kva er det for eit dikt? Kor gammalt er det? Er det dikta av éin eller mange? Kva var diktaren eller diktarane ute etter? Kvifor legg han / dei orda i munnen på Odin? Passar levereglane i diktet vår tid? Kor tidleg bør du eigentleg stå opp dersom du skal drepa nokon?
2025-04-20
1h 14
Tru og meining i gammal tid
86. Tunkallar og huldrefolk i Nordhordland. Samtale med illustratør og landskapsforvaltar Kjersti Isdal
Kva skapningar måtte folk tilpasse livet etter i det førmodernejordbrukssamfunnet? Her ser vi på dette i naturmytiske segner frå ein region på Vestlandet. Det blir tunkallar og huldrefolk, magisk felespel og feite huldrekyr, stålkasting, flatbrødbrenning, pining av spedbarn, sensur, huldreelsk, schizofreni og utruskap, jordmor hos dei underjordiske og tjørekrossar over døra. Men kva funksjon hadde desse førestillingane?
2025-04-06
1h 18
Tru og meining i gammal tid
85. Lynkurs i namnetolking. Samtale med namnegranskar Peder Gammeltoft
Korleis går du fram for å tolke stadnamn? Finst det ein metode? Ja. Er den handverk eller vitskap? Ja. Kanskje pseudovitskap? Nei. Men vanskeleg. Bli med på ein tur gjennom eit landskap fullt av snubletrådar.
2025-03-23
1h 08
Tru og meining i gammal tid
84. Ty, solulvar og vårjamdøgn
Ty blir tradisjonelt oppfatta som gud for himmelen og dagslyset – fordi namnet knyter han til indoeuropeiske himmelgudar og ord for himmel. Men dei norrøne tekstane seier kanskje heller at Ty var krigsgud. Kan begge delar stemme? Ja, det ser ut som krigsgudrolla har samanheng med sola og vårjamdøgn. Vidare skal vi innom solslukande ulvar i eit vêrfenomen på himmelen, stjernebiletet Ulvekjeften, og fimbulvinteren på 500-talet. Ikkje minst blir det ei heilt ny forklaring av guden Vidar. Andre stikkord: Bisol / parhelion, krigsguden Mars, tidsrekning, vekedagsnamna, tysdag / tysdag, ringborger / trelleborger,Trundholmvogna / Trundholmvognen, Tysnes, Fenrisulven, Hyades, Auriga...
2025-03-09
1h 03
Förmödrars makt
82. Staven!
Staven - ett magiskt verktyg med lång historia. den kommer i alla storlekar och i fler former än vi tror. Vad är egentligen stavens kraft och funktion i magiskt arbete? Ett avsnitt för er som gillar staven specifikt men även för er som generellt gillar stav. Rebecca har blivit lillgammal och brådmogen, Emilia hävdar att hon ser ut som ett vattenlik, Olof vet varför jägare är glada på vintern och Veronica hävdar att man visst kan para ihop cosplay och spinnrock som överlevnadsmetod. OBS varning långt avsnitt med supernördigt tema....
2025-02-27
1h 35
Tru og meining i gammal tid
83. Orddanning gjennom 5000 år. Samtale med filolog Kristin Fridtun
Korleis oppstår ord? Kva slag tankegang og tankeprosessar ligg bak? Her skal vi gå gjennom ein haug med døme frå dei siste 5000 åra, opp til dagen i dag. Eller, dagen i fjor. Mekanismane er ganske like dei vi såg i stadnamn i episode 40.Innspela på Ås 7.3.2024.
2025-02-23
1h 27
Tru og meining i gammal tid
82. Horg i stadnamn, landskap og førkristen kult
Kva var ein horg i førkristen tid? Vi kjenner ordet frå fjellnamn og gardsnamn kringom i landet, men det var òg ein type kultstad og kultbygning i gammalgermansk religion. Kva det var for noko, har det vist seg vanskeleg å finne ut av. Eg gjev mi forklaring i ei vitskapleg bok som kjem ut no, og her får du høyre kva som står i den. Eg har undersøkt landskapet rundt alle stader som heiter noko medhorgi Norden for å finne det eg meiner er svaret.Figurane vi kommenterer i episoden, kan du sjå i pdf-en av...
2025-02-09
1h 06
Tru og meining i gammal tid
81. Fordelen med likbrenning. Samtale med arkeolog Terje Østigård
Kvifor brende folk dei døde gjennom lange periodar av førhistoria? Kan vi forstå meir av det gjennom å studere likbrenning og tankegang rundt det i andre delar av verda i dag? Kva er mest respektfullt – å brenne liket, grava det ned, søkke det ned i vatn, eller leggja det ut til åtselfuglar? Opnar den eine eller andre måten for fleire rituelle og symbolske mulegheiter enn andre? Terje Østigård har granska kremasjon i Asia i dag, og tolkar kremasjon i førhistoria vår i lys av det.
2025-01-26
1h 28
Tru og meining i gammal tid
80. Gand før ganding. Trolldom, sjelsførestillingar og primitiv dominans
I Trøndelag og Nord-Noreg er det mange i dag som kjenner ganding som ei form for trolldom, som særleg blir tilskriven samane. Å gande skal vera heilt abstrakt å kaste vondt over nokon. Då har det endra seg veldig frå gand i mellomalderen, som er dagens tema. Då var ein gand fyrst og fremst ein trolldomsutsending, gjerne i dyreham, som skaffa opplysningar eller slost med andre gandar. Men faktisk var gand eit kryssingspunkt for mange kompleks av førestillingar.
2025-01-12
46 min
Tru og meining i gammal tid
79. Tidsrekning 2: Døgnet, livet, historia og terminologien. Samtale med kulturformidlar Jarle Øvrehus
Korleis heldt folk styr på klokka før dei hadde klokke? Korleis såg arbeidsdagen ut? Når kom 24-delstimen? Kva rolle spela stjernehimmelen som klokke? Visste folk kor gamle dei var før det fanst prestar som skreiv det opp i kyrkjeboka? Kor langt historieperspektiv hadde folk? Kva er tanken bak dei ulike nemningane vi brukar i omtale av tida? Og – finst det heilt andre tidsoppfatningar enn vi har?
2024-12-29
1h 16
Tru og meining i gammal tid
78. Tidsrekning 1: årsinndelinga og høgtidene. Samtale med kulturformidlar Jarle Øvrehus
I dag har vi ei tidsrekning som er globalt synkronisert på hundredelssekundet, og vi meiner universet er 14 milliardar år gammalt. Men det finst naturfolk som ikkje har tidshorisont på meir enn nokre månader. Korleis var det her i Norden i førkristen tid? Kva slag tidsoppfatning hadde folk? Korleis delte dei inn året, og korleis heldt dei styr på høgtidene sine Dei tykte det nok det var ergerleg at sola og månen var i utakt. Kva gjorde dei med det? Og kvifor har veka sju dagar?
2024-12-15
1h 25
Tru og meining i gammal tid
77. Samiske trommer. Samtale med religionsvetar Konsta Kaikkonen
I samisk kultur har dei rituelle trommene stått sentralt og hatt stor symbolverdi. Å få konfiskert eller uskadeleggjort dei vart ei hovudsak for misjonærane på 16-1700-talet, og i dag er det krav om å få tilbakeført gamle trommer til samiske miljø. Men korleis vart trommene brukte i den gamle kulturen? Kva rolle spela dei? Og kva opplysningar har vi eigentleg om desse tinga? – Innspela i HVLs Medielab 22. oktober 2024.
2024-12-01
1h 13
Tru og meining i gammal tid
76. Oseberg-teppa: gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Samtale med arkeolog Marianne Vedeler
Biletteppa frå Oseberg-funnet er fascinerande på mange måtar. Det er sprøtt at dei har overlevd i jorda i over 1000 år. Konserverings- og rekonstruksjonsarbeidet er imponerande. Scenane ein har klart å få fram, gjev eit eineståande gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Men det som slår meg mest, er kor tungt vi har for å forstå det vi ser. Det kan minne oss om at fortida er eit framandt land. Korleis tolkar vi eigentleg fortida? Fleire stikkord: Gravferdsprosesjon, svart katt, hekser på kosteskaft, seiðr / seid, Gislesoga, Överhogdal, Hekneveven, Darraðarljóð / Darradarljod, oppstadvev, skjolddik...
2024-11-17
1h 19
Tru og meining i gammal tid
75. Skirnesmål: mytologisk kjærleiksdrama. Samtale med norrønfilolog Nina Stensaker
I eddadiktet Skirnesmål får guden Frøy sjå ei møy heilt borte i jotunheimane. Ho heiter Gerd, og Frøy blir så forelska at han får ein knekk. Han sender tenaren sin, Skirne, for å fri til henne. Skirne lokkar Gerd med makelause skattar, men ho vil ikkje. Han trugar henne med våpen, før han går over til forbanning. Fyrst når han trugar henne med uuthaldeleg lyst som ikkje kan sløkkast, gjev ho seg. Men Frøy hadde gjeve frå seg sverdet sitt, og kvifor reiste han ikkje sjølv? Er han i grunnen ein
2024-11-03
1h 14
Tru og meining i gammal tid
74. Gamle vêrmerke – vås eller fornuft? Samtale med seglar Vegard Heide
Stemmer det at det blir mykje snø når det er mykje rognebær? Njä. Mange gamle vêrmerke er vel berre tull og tøys? Ja. Men korleis oppstod ideane då, og korleis kan sånne idear halde seg seigliva inn i vår meteorologiske tid? Det kan nok forklarast ut frå tendensar og behov i menneskepsyken. Og så er det massevis av gamle vêrmerke som er presise og nyttige den dag i dag. Faktisk kan vi, i gammal tradisjon, laga nye og nyttige vêrmerke baserte på skyfenomen som ikkje har eksistert før (!). Andre stik...
2024-10-20
1h 22
Tru og meining i gammal tid
73. Bygdeborgene – mangetydige nøkkelanlegg. Samtale med arkeolog Ingrid Ystgaard
Korleis skal vi forstå bygdeborgene? Det etablerte synet er at dei er forsvarsanlegg. I episode 60 argumenterte Jan-Henrik Fallgren for at dei er kultanlegg, med utgangspunkt i Öland. Kor godt høver dette på norske forhold? – eller på resten av Sverige? Kvifor heiter bygdeborgene ofte slikt som Tjuvåsen, Røverkollen eller Slottet? Seier dette noko om funksjon i førhistorisk tid? Er eigentleg bygdeborg éin ting? Andre stikkord: Tanemsåsen, Hoøya i Selbusjøen, Ytraberget i Hafrsfjord, Lisjstenen, Vardåsen, Tjuvenborgen / Tjuvenborn, Steinberget i Eidfjord, Stein, liminale stader, Sverresoga, Snorre Sturlason, Bornholm, Odensala prästgård, Oluf Rygh, Michae...
2024-10-06
1h 22
Tru og meining i gammal tid
72. Gresk-romersk, norrøn og samisk religion i kontrast til kristendomen. Samtale med religionshistorikar Christian Hervik Bull
Gresk-romersk, norrøn og samisk religion reknar vi som etniske religionar. Kva har dei felles? Og på kva måtar skil dei seg frå kristendomen, som erstatta dei? Avstanden er større enn ein skulle tru, på nær sagt alle område, for det dreiar seg om heilt ulike religionstypar.
2024-09-22
1h 45
Tru og meining i gammal tid
71. Rusmiddel i gammal tid. Samtale med kulturformidlar Eirik Storesund
Kva slag rusmiddel brukte folk i Norden i gammal tid? I kva situasjonar brukte dei rusmiddel? Kva samfunnsgrupper var det som brukte rusmiddel? Kvifor brukte folk rusmiddel? I denne episoden prøver vi å svara på desse spørsmåla basert på dei dataa vi har. Episoden er ikkje noko innlegg til støtte for rusmiddel. Stikkord: Øl, mjød, etymologi, honning, vin, bjor, alu, urnordiske runeinnskrifter, spytt, brygging, vanekrigsmyten, Kvase / Kvasir, lut, fiskeslo, cannabis, Oseberg, fleinsopp / nøgenhat / toppslätskivling, flugesopp, bulmeurt / bolmört / villrot, samisk noaide / noaidi / nåejtie, Håvamål 138-139, Isaak Olsen, joik / juoiggus, tromm...
2024-09-08
1h 54
Tru og meining i gammal tid
70. Sakrale stadnamn og religiøst landskap
Mengdevis av stadnamn vi har rundt oss i dagleglivet vitnar om tru og kult i førkristen tid. Dei fortel om ei religiøs tolking av landskapet – det same landskapet som vi lever i i dag. Bli med på ei reise gjennom dette religiøse landskapet – eller gjennom litt av tankegangen som skapte det.
2024-08-25
1h 48
Tru og meining i gammal tid
69. Nornene: Spennande på ein annan måte enn vi trudde. Samtale med formidlar Karen Bek-Pedersen
I norrøn mytologi er det ei gruppe på tre kvinner som blir kalla nornene og som representerer fortid, notid og framtid, og som spinn og vev lagnad / skjebne / öde for menneska. Det er i alle fall det vi har lært, det som står i bøkene og på nettet. Grunnlaget er for det synet er dessverre spinkelt når vi sjekkar mot kjeldene. Men nornene er spennande lell. Dei er klårt knytte til fødsel og fødselshjelp, som dei samiske akka-ene. Samtidig overlappar dei med valkyrjene, som rid i krigsmundur over slagmarka og plukkar ut dei som...
2024-08-11
2h 06
Tru og meining i gammal tid
68. Lejre: Arkeologi og segnhistorie. Samtale med kulturformidlar Krister Vasshus
Korleis heng arkeologiske funn og tekstar saman når det gjeld den eldste historia i Norden? I dag ser vi på tilfellet Lejre, som ser ut til å ha vore sete for danske kongar frå folkevandringstida til 900-talet. Kva slag historier kan litteraturen fortelja om denne eldste historia vår? Og korleis oppstod ein stad som Lejre? Kvifor akkurat der? Er det noko med landskapet? Geografien? Finst det kanskje stadnamn som kan fortelja om det? Innspela i Lejre 18. juli 2024.
2024-07-28
1h 43
Tru og meining i gammal tid
67. Medtaking til fiske. Samtale med tradisjonsberar, folkeminnesamlar og namnegranskar Finn Myrvang
Korleis fann folk fram dit fisken stod ute i sjøen før i tida? Og korleis fann dei tilbake til ein god fiskeplass? No har vi både ekkolodd og GPS, men før det? Jo, dei utforska landskapet på både land og sjø, og dei krysspeila mot punkt i landskapet. Rundt dette er det mykje artig tradisjon, både om stadnamn og fiskeplassar frå huldrefolket. Andre stikkord: Fiskelykke, fiskeplass, tabuspråk, hemmeleghald, huldrefolket, marmel / marmennil, medvers, Grímsmið, Soga om Bård Snæfellsås / Bárðar saga Snæfellsáss, Andøya, Vesterålen, Grytøya...
2024-07-14
52 min
Tru og meining i gammal tid
66. Voluspå. Samtale med norrønfilolog Nina Stensaker
Voluspå er den viktigaste kjelda vi har til norrøn mytologi. Mange eddadikt gjev eit vell av viktige opplysningar om mytologien, men berre Voluspå set opplysningane saman til ei kosmisk verdshistorie, frå skapinga av verda i grå fortid til undergangen langt der framme – og heilt til den nye verda atter stig av havet. I denne episoden gjev vi bakgrunn for diktet og går gjennom teksten nesten strofe for strofe. Andre stikkord: Handskriftgransking, pergament, skriftkultur, Codex Regius, Snorre Sturlason, gudedikt, heltedikt, Ragnarok, apokalypse, gullaldermyte, brettspel, syklisk tidsoppfatning, jotunen Yme, vanekrigen, dvergane, Ask og Embla, verdstreet Yggdrasil...
2024-06-30
1h 31
Tru og meining i gammal tid
65. Solkult i Noreg? Samtale med lokal entusiast Torill Kobberstad Eide
Solkulten i det gamle Egypt er godt kjend, med Ra som segla over himmelen om dagen og tilbake gjennom underverda om natta, og tempel der sola skin inn gjennom korridorane til altaret to gonger i året. I Irland og på Orknøyane er det gravhaugar frå steinalderen der sola på vintersolkverv skin heilt inn ein gang til botnen av gravkammeret. Har vi noko liknande hos oss? Ja, vi har norrøne mytar som liknar dei egyptiske, om transport av sola over himmelen. Og i fleire tilfelle er arkeologiske monument plasserte på det punktet som sola i samspe...
2024-06-16
1h 43
Tru og meining i gammal tid
64. Kvifor fascinerer historia? Intervju med journalist Øyvind Arntsen, ex "Museum"
Kva er det som fascinerer oss med historia, fortida, korleis folk levde før, kva dei gjorde, tenkte og trudde i gammal tid? Dagens svar kjem frå ein som jobba som journalist med sånne tema i 20 år. Øyvind Artnsen deler nokre høgdepunkt og tankar frå denne perioden med oss. Innspela på Ås 22.12.2023
2024-06-02
49 min
Tru og meining i gammal tid
63. Plantar i gammalnordisk medisin, kult og myte. Samtale med arkeobotanikar Jens Heimdahl
Mat må vi ha for å leva, og mykje mat får vi frå plantar, både vi og husdyra våre. Men plantar har òg ei rolle i kult, medisin og myte. Korleis dette var i Norden i gammal tid, får du høyre litt om her. Stikkord: Lækjeurter, læknisgras, medisinplante, romarane, krydder, groblad, ryllik, kamille / kamomill, bulmeurt / villrot / bolmört, ølbrygging, pors, skvattram, humle, røsslyng / ljung, mjødurt, lauk / lök, kvitlauk / vitlök, knollhestehavre / knylhavre, lin / hør, grønsaker, hagebruk / trädgårdsbruk, fruktdyrking, planteforedling, epletre, eplemost, Oseberg-grava, valnøtter, hassel, misteltein, ti...
2024-05-19
1h 44
Tru og meining i gammal tid
62. Språkmøte på vikingferder. Samtale med språkhistorikar Kristin Bech
Kunne vikingane snakke med folk i landa dei kom til, i vest, sør, aust eller nord? Forstod folk i dei landa nordisk? Kunne vikingane andre språk? Eller var det språk som var gjensidig forståelege? Framstiller litteraturen det kanskje som om språkbarrierar ikkje eksisterte? Andre stikkord: dǫnsk tunga, lingua franca, fransk, latin, frisisk; nordiske vikingtidslånord i engelsk, irsk, fransk og russisk; samisk, Bjarmeland, Ottar frå Hålogaland, kong Alfred, urnordiske lånord i finsk, nordiske stadnamn i England, Kongsspegelen, Kongespeilet, Soga om Gunnlaug Ormstunge, Leiðarvísir, Odd munks soge om Olav Tryggva...
2024-05-05
1h 21
Tru og meining i gammal tid
61. Samisk offertradisjon som framleis lever. Intervju med tradisjonsberar Tom Kappfjell
Samane vart offisielt kristna på 16-1700-talet. Men i skjul levde mykje av religionen vidare ei tid, i visse miljø, og visse element i religionen har overlevd til i dag. Det er særleg offertradisjon. Den snakkar vi om i denne episoden, med ein som står i tradisjonen. Stikkord: Sørsamis religion, levande offertradisjon, landskap, offersteinar, heilage fjell, takkeoffer, samemisjonen, religionsfridom, reindrift, fornorsking. Innspela på Ås 7. november 2023.
2024-04-21
2h 00
Tru og meining i gammal tid
60. Var bygdeborgene kultanlegg? Intervju med arkeolog Jan-Henrik Fallgren
Vi har alltid lært at bygdeborgene var forsvarsanlegg som folk i omlandet kunne søke tilflukt i når det kom ufred - så kunne dei forsvara seg der. Men kanskje var det snarare kultanlegg, samlingsstader for byda, litt som kyrkjene i seinare tid? Her får du høyre eit innlegg for det synet. Andre stikkord: Öland, Eketorp, Ismantorp, Skedemosse, Hjerteskeppet, Odensala prästgård, Torshälla, hillforts, Irland, England, Kontinentet, Cæsar, Alesia, Delphi, ringforma tunanlegg, Sandtorg, tingstader, hesteløp, skeid, fågelskådning. Innspela 5. mars 2024.
2024-04-07
1h 21
Tru og meining i gammal tid
59. Barneleik før og no. Samtale med kulturhistorikar Audun Kjus
Kva er leik? Kva funksjon og meining har leik, i livet og samfunnet vårt? Korleis blir leikar overførde til nye generasjonar? Korleis oppstår leikar? Kor gamle er dei sentrale leikane våre? Kva skilnad er det på barne- og vaksenleik? Finst det leikforsking? Kva seier i så fall den? Og…korleis går det med tradisjonell leik i dag? Innspela på Bygdøy 6. mars 2024.
2024-03-24
1h 56
Tru og meining i gammal tid
58. Lars Mytting om segner og mytar i Hekne-trilogien
Hekne-trilogien om liv, kjærleik og tragedie i Gudbrandsdalen gjennom tre hundre år trollbind lesarane og er trykt i store opplag. Men kvifor valde Lars Mytting å bygge denne historia på segner og mytar? – Og kvifor skreiv han nokre av dei sjølv? Kvifor meiner han fortida er viktig? Romantiserer han fortida? Her får du nokre svar. Andre stikkord: Stavkyrkje, ragnarok, dommedag, Midgardsormen, nornene, biletvev, skriveprosess, forteljetradisjon, fantasylitteratur, villrein. Innspela i Oslo 14. februar 2024.
2024-03-10
1h 43
Tru og meining i gammal tid
57. Draug, segling, bølgjer og mainnskit. Samtale med historikar Mariann Mathisen
Draugen er ein dauding som seglar i halv båt og varslar uvêr og forlis, eller han prøver å dra deg uti sjøen når du er i fjæra ved naustet ditt. Skal du skremme han bort, så bruk mainnskit. Korleis har førestillingane om draugen oppstått? Kan det vera fysiske og sosiale fenomen på sjøen som ligg bak? Andre stikkord: Stavkyrkje, ragnarok, dommedag, Midgardsormen, nornene, biletvev, skriveprosess, forteljetradisjon, fantasylitteratur, villrein.
2024-02-25
1h 41
Tru og meining i gammal tid
56. Seiðr, spinning og ku-lokk
Den viktigaste forma for trolldom i norrøn kultur var seid. Med den kunne ein dra til seg personar eller ressursar, ein kunne skaffe opplysningar, eller spå. Seid var helst for kvinner, og det var perverst på ein eller annan måte, særleg dersom menn dreiv med det. Men korleis ein gjorde det, det seier kjeldene ingen ting om. Då må vi gjera nokre uvanlege metodegrep. Andre stikkord: seidstav, rokkehovud / distaff, vikingtidskvinnegraver, ekstatisk trolldom, rituelle spesialistar, samiske noaidar, hekser, sopelime, fisken seid, smørkatt, tjuvmjølking, vindtrolldom, gand, folketradisjon, folkloristikk, metode, hyperkritikk.
2024-02-11
1h 26
Tru og meining i gammal tid
55. Estetikken i norrøn skaldedikting. Intervju med Bergsveinn Birgisson, norrønfilolog og forfattar
Dagens kultur er gjennomsyra av ein gresk-romersk estetikk som kom med kristendomen. Det fanst ein førkristen estetikk som var markant annleis, og den har vi best tilgang til gjennom den norrøne skaldediktinga, som er Nordens mest originale bidrag til verdslitteraturen. Den har eit barokt system av poetiske omskrivingar og eit a-naturalistisk stilideal som heng saman med ein minneteknikk vi kjenner frå mange munnlege kulturar. Bergsveinn Birgisson har doktorgrad på desse temaa. Innspela i HVLs Medielab 19. oktober 2023.
2024-01-28
1h 31
Tru og meining i gammal tid
54. Samisk religion. Samtale med religionsvetar Konsta Kaikkonen
Kva veit vi om den førkristne religionen til samane? Likna han den norrøne religionen? Tja, han likna på ein del måter, og var ulik på andre måtar, og vi kan sjå at det var kontakt mellom religionane. Kjeldesituasjonen er vanskeleg i begge tilfella, men på ulike måtar. Kanskje er det misvisande å snakke om samisk religion? Innspela i HVLs Medielab 16.11.2023.
2024-01-22
1h 25
Tru og meining i gammal tid
53. Samlivsråd i vikingtida. Samtale med familiepsykolog Frode Thuen
Kva slag samlivsproblem hadde folk i vikingtida? Kva råd kunne vi ha gjeve til folk som stod i sånne problem – ut frå normene i dag, og normene den gongen? Kva var for resten normene den gongen, og korleis skilde dei seg frå dagens? Andre stikkord: Kjønnsroller, perversjon, utruskap, blodhemn, ære, status, fredløyse, snikmord, islendingsoger, kongesoger, Soga om laksdølane, Soga om Gisle Sursson, Njålssoga, Olav Tryggvason, Sigrid Storråde, Slaget ved Svolder
2023-12-29
1h 26
Tru og meining i gammal tid
52. Ståle i Setesdal og Stállu hos samane – greiner av utgammal julebukktradisjon
Over store delar av Nord-Europa har det vore tradisjon for at barn og unge særleg i romjula kler seg ut og går frå hus til hus og gjer spikk og vil ha julemat og drykk. Hos oss no kallar dei fleste dette for å gå julebukk. Men i tradisjonane blir eit slikt følgje òg kalla julesveinar, julegeit og mykje anna, og det er både eit overnaturleg følgje og eit følgje av menneske utkledde som det overnaturlege. I Setesdal kan leiaren for eit slikt følgje kallast for Ståle. Det ser ut til å vera same ord som...
2023-12-18
59 min
Tru og meining i gammal tid
51. Mosegrodde forteljingar i dag. Samtale med forteljar Heidi Dahlsveen
Kan mosegrodde forteljingar som eventyr og segner ha nokon viktig plass i dagens samfunn? Ja, det er til og med viktig at dei har det. Men korleis kan dei ha det? Vi spør ein profesjonell forteljar. Andre stikkord: populærkultur, Hollywood, dataspel / dataspill / gaming, barnehage, barneskule, personleg utvikling, toleranse, kreativitet, fantasi, kunstig intelligens, Oskefisen / Oskeladden / Askeladden, munnleg kultur, forteljetradisjon, folkloristikk. Innspela i Oslo 14. oktober 2023
2023-12-03
1h 32
Tru og meining i gammal tid
50. Indoeuropeisk religion. Intervju med religionshistorikar Peter Jackson Rova
Dei fleste språk i Europa stammar frå eit indoeuropeisk urspråk som truleg vart snakka på steppene nord for Svartehavet 3-4 tusen før Kristus. Ganske mykje av det urspråket kan vi rekonstruere. Men kva kan vi rekonstruere av religionen eller ideologien til dei som snakka det språket? Andre stikkord: Vedisk religion, Rigveda, sanskrit, Homer, Illiaden, Odysseen, iransk religion, gammalgresk, Håvamål, steppefolk, Ukraina, Sør-Russland, indoeuropeisk språk, komparativ historisk språkvitskap, rekonstruksjon, Dumézil, Kurgan, jamnakulturen (yamnakulturen), Zevs / Zeus, Ty / Týr, Dievas, Dievs, Perkunas, Fjǫrgyn / Fjǫrgyn, hirdskald...
2023-11-19
1h 51
Tru og meining i gammal tid
49. Kunne Danmark gjeninnført heidendomen i 1864? Samtale om åsatru, shinto og Japan 1868 med historikar Mark Teeuwen
På 1800-talet var Japan gjennomgripande buddhistisk. Så vart nasjonen audmjuka av USA i 1868. Då bestemde japanarane seg for å gjeninnføre religionen dei hadde hatt før verdsreligionen kom, i eit patriotisk krafttak – og klarte det, på eit vis. I 1864 opplevde danskane ei liknande nasjonal audmjuking i krigen mot Preussen. Korleis ville Danmark og Norden vore i dag dersom danskane hadde gått same vegen som japanarane? Tankeeksperimentet med Danmark 1864 mest frå 1:22:20. Innspela på Blindern 10. oktober 2023.
2023-11-05
1h 51
Tru og meining i gammal tid
48. Førmoderne, folkeleg pedagogikk. Samtale med Jon Bojer Godal, nestor i tradisjonshandverk
I dag er pedagogikk eit kjempestort fag med mange teoriar og retningar og tusenvis av fagstillingar verda over. Men opplæring og kunnskapsoverføring har folk drive med til alle tider. Korleis gjorde folk det på grasrota i førmoderne tid? Kva prinsipp følgde dei? Det skal vi prøve å seia litt om her, ut frå nokre eldgamle handverk som har ubroten tradisjon fram til vår tid. Sentralt stod eit prinsipp om pedagogisk hemmeleghald, i rak motsetnad til dagens idé om læringstrykk. Innspela ved Sillongen på Toten vinternatt 2023.
2023-10-22
1h 45
Tru og meining i gammal tid
47. Offersjø i jarnalderen og nøkk-tradisjon på 1800-talet - kan det ha samanheng? Samtale med arkeolog Torun Zachrisson
Finst det tilfelle der folketradisjon frå moderne tid formidlar minne om offerstader i førkristen tid? Tja, det finst i alle fall tilfelle der det er rimeleg å tru. Dagens tema er ein innsjø i Uppland der tradisjon om nøkken frå 1800-talet høver slåande med ofring av dyr og menneske i jarnalderen. Andre stikkord: Bokaren i Uppland, Menneskeoffer, hesteoffer, folketradisjon, Långbacka-Jan, meisterspelmann, hundare, Odin, Frøya, landskapsminne, grense, liminalsone, fossegrimen, näcken, strömkarlen. Innspela i Uppsala 2. oktober 2023.
2023-10-08
1h 31
Tru og meining i gammal tid
46. Slavic religion. Interview with historian of religion Jiři Dynda
Our knowledge of Slavic pre-Christian religion is quite limited. This episode gives an overview of what we think we do know – and how.
2023-09-24
1h 23
Tru og meining i gammal tid
45. Kva historiesyn hadde Snorre? Samtale med historikar Sverre Bagge
Skal du skrive lesverdig historie, så må du ha ein ide om kva historie er, som strukturerer dei lausrivne dataa du sit med, til meiningsfulle samanhengar. I vår tid kan ein meine at naturgrunnlaget set avgjerande rammer, eller at alt følgjer av økonomi og produksjonssystem, eller av ideologi, eller av viljen og evnene til enkeltpersonar. Kva var den strukturerande ideen til Snorre og dei andre mellomalderhistorikarane?
2023-09-10
1h 09
Tru og meining i gammal tid
44. Menneskeofring. Samtale med religionshistorikar Klas Wikström af Edholm
Var det menneskeofring i førkristen tid i Norden? Det har forskarane diskutert lenge, og mange har meint at det ikkje kan vera sant. Men i ei fersk doktoravhandling svarar religionshistorikaren Klas Wikström af Edholm "ja", basert på gransking av alt tilgjengeleg skriftleg og arkeologisk materiale, og han er det vi snakkar med her. Ei popularisert utgåve av avhandlinga, "Vikingatidens människooffer", kjem 1. september. Andre stikkord: Norrøn litteratur, Kjalnesinga saga, Jómsvikinga saga, Håvamål 138, Helge Trauste, Orkneyinga saga, Kristni saga, Íslendingabók, Adam av Bremen, kalendariske offer, kongeoffer, våpenofring, blodørn, hlunnrǫð, Øve...
2023-08-27
1h 42
Tru og meining i gammal tid
43. Dødsrikefjell. Samisk saajve, norrønt Helgafell - og Siggjo, Lyderhorn, Hornelen og Romsdalshorn?
Dei fleste kjenner Hel og Valhall som dødsrike i norrøn religion. I tillegg var det førestillingar om at slekta hadde eit felles dødsrikefjell i det lokale landskapet. Den tradisjonen ser det ut til at vi langt på veg delte med samane. Ein del slike fjell kan vi framleis peike ut på Island og langs den norske vestkysten, ikkje minst i samiske strøk. Den som døydde inn i eit slikt fjell, slo i ein viss forstand lag med huldrefolket, kan det sjå ut til, i alle fall hos samane. Andre stikkord: Torolv Mostrarsk...
2023-08-13
1h 11
Tru og meining i gammal tid
42. Ragnarok-myten: Nordisk, kristen eller iransk-nordisk? Samtale med religionshistorikar Anders Hultgård
I norrøn mytologi er endetidsmyten blant dei mektigaste. Gudar og jotnar barkar saman, sola sloknar, verda går opp i logar før jorda søkk i havet. Så stig ei ny jord opp og nokre av gudane kjem att til den nye verda. Mange meiner denne myten i stor grad kjem av kristen påverknad. Kva er grunnlaget for det synet, kva er motargumenta, og kva er alternativa? Den som har grave djupast i dette er den svenske religionshistorikaren Anders Hultgård, og han peikar på at gammaliransk mytologi har dei næraste parallellane. Andre stikkord...
2023-07-30
1h 00
Tru og meining i gammal tid
41. Lågteknologisk navigasjon. Til Vinland og Miklagard utan kart og kompass. Samtale med seglar Lena Lisdotter Börjesson
I vikingtida og mellomalderen segla forfedrane våre til Istanbul og Amerika – utan kart og kompass, for ikkje å snakke om GPS og kartplottar. Korleis fann dei fram, og kva slag modell av landskapet hadde dei i hovudet? Lena Lisdotter Börjesson har gjort mange praktiske forsøk som tyder på at med konsentrasjon og erfaring, så kan ein krysse Atlanteren med rimeleg presisjon utan noko slag navigasjonsinstrument. Fleire stikkord: Himmelretningar, orienteringssystem, mentalt kart, terminologi, roing, distanseeiningar på land og sjø, vika sjóvar / veke sjøs, rǫst / rast, sjømil, nautisk mil, solstein / sólarsteinn / leiðarsteinn, solkom...
2023-07-16
1h 36
Tru og meining i gammal tid
40. Stadnamna rundt oss – tidskapslar frå folk før oss. Samtale med namnegranskar Peder Gammeltoft
Namna på stadene rundt oss er tidskapslar som fortel kva folk la merke til og korleis dei tenkte for 200 eller 2000 år sidan. Og namna vi lagar i dag fortel mykje om vår tid og vår kultur. Episoden er ein presentasjon av kva (stad)namn er, grunnleggjande sett, og korleis dei oppstår, korleis dei kan gå tapt og kva namn som lever lengst. Utgangspunktet er namn som uttrykk for korleis mennesket tenkjer, kva vi festar oss ved, kva vi oppfattar som vesentleg. Namn fortel mykje mentalitetshistorie. - Peder Gammeltoft er fagleg leiar av Språksamlingane ved Universitetet i Berge...
2023-07-02
1h 33
Tru og meining i gammal tid
39. Jonsokbål og danseplassar – stader gjenbrukte sidan førhistorisk tid
Jonsok / sankthans / midtsommar er ei stor feiring. Men kor gammal er ho, og kva var innhaldet i feiringa i gammal tid? Det får du høyre om her – og om at mange av stadene folk har feira jonsok på i moderne tid, ofte har minne om kult og folkeliv frå førkristen tid.
2023-06-21
1h 04
Tru og meining i gammal tid
38. Med skriftkultur på Europa-reise i mellomalderen. Samtale med Åslaug Ommundsen og Synnøve Midtbø Myking
Nordmenn reiser mykje - i dag og i vikingtida. Men kva med den mørke mellomalderen? Då vart det vel slutt? Nei, Noreg heldt fram som dominerande skipsfartsnasjon i Nord-Europa, og kristendomen førde med seg stor internasjonal kontakt, m.a. gjennom ein skriftkultur som har gjeve oss dei viktigaste kjeldene til norrøn mytologi. Den skriftkulturen er dagens tema. Fleire stikkord: Tospråkleg skriftkultur, snakke latin, studere i Paris, internasjonale nettverk, utferdstrong, væringgarden i Miklagard / Konstantinopel / Istanbul, Gamalnorsk homiliebok, preikesamlingar, kristen litteratur, omsett litteratur, fransk litteratur, norrøn litteratur, norrøne handskrifter, tap av handskrifter, reformasjonen, kloster, boktrykkekunsten, Æsops fabl...
2023-06-04
1h 12
Tru og meining i gammal tid
37. Kva var opphavet til Loke? Eit forslag
Den seint nedskrivne tradisjonen om Loke kan sjå ut til å ha lite felles med Loke i dei norrøne mytane. Kan dei likevel ha samanheng? Ja, her får du eit forslag.
2023-05-21
1h 00
Tru og meining i gammal tid
36. Det enorme gravfeltet: Hæreid i Hardanger. Samtale med arkeolog Anne Drageset
Det suverent største gravfeltet på Vestlandet ligg i Eidfjord i Haranger. Kvifor akkurat der? Kva tykte folk var så spesielt med den staden? Svaret må liggja i landskap og geografi - resonnerer vi oss fram til, basert på landskapet rundt, ferdslevegane i området, landskapet ikring andre store gravfelt, opplysningar i dei norrøne tekstane, og samiske offerstader. - Innspela på Hæreid 22. april 2023.
2023-05-07
1h 11
Norse Mythology: The Unofficial Guide
Episode 32 - Associated with Fire
How many times have you heard in the past that Loki is associated with fire? It's true, in fact, but how many people who told you Loki was associated with fire ever provided any examples of that association? In this episode, we'll dig in to why your answer to that last question is "none of them", and what this association with fire really means. By the way, are you familiar with the Ash Lad? Sources: “Loki, the Vätte, and the Ash Lad: A Study Combining Old Scandinavian and Late Material”, by Eldar Heide, 2011 “The Poetic Edda”...
2023-04-24
40 min
Tru og meining i gammal tid
35. Den seine tradisjonen om Loke - lite kjend, fascinerande og utfordrande
Loke er blant gudane vi har flest opplysningar om i dei norrøne tekstane. Men i tillegg finst det ein omfattande, lite kjend tradisjon om han nedskriven etter mellomalderen. Den tradisjonen er dagens tema. Stoffet er komplekst og vanskeleg å få tak på – slik vi kunne vente, når det gjeld Loke. Då må det bli nokre metodevurderingar òg.
2023-04-23
1h 08
Tru og meining i gammal tid
34. Korleis manipulere dvergar? Lynkurs ved filolog Ugnius Vizgirda Mikučionis
I norrøn mytologi er det dvergane som lagar omtrent alle dei underfulle tinga, som bomeranghammaren til Tor og Skipet til Frøy som kan segle i lufta. Men dei vil ikkje selja noko, du må presse eller manipulere dei til å laga åt deg det du vil ha. Kvifor det? Og korleis kan du gjera det? Det får du svar på her.
2023-04-16
44 min
Tru og meining i gammal tid
33. Våpenet til Tor – blåseinstrument og vindkule?
Alle veit at Tor hadde ein hammar som våpen. Ikkje like mange veit at det var stor variasjon i våpenet hans. Dagens tema er vindvariantar av våpenet. Det kan sjå ut til at Tor kunne sende ut eit vindprosjektil med å blåse i skjegget, som om han blés i eit blåseinstrument, og at han kunne laga lyn og torebrak på den måten. Det kan til og med sjå ut til at han sende ut hugen sin med den vinden. Episoden bygger på denne artikkelen: https://eldar-heide.net/onewebmedia/PDFer/Kultur-%20og%20religionshistorie/Heide%202004,%20V%C3%A5penet%2...
2023-04-09
55 min
Tru og meining i gammal tid
32. Einar Selvik om gammal kultur, musikk og meining
Einar Selvik gjer global suksess med bandet Wardruna. Kva går det musikalske prosjektet ut på, og kva meining finn han i det? Stikkord: Djup reserach, fossegrimen, folkemusikk, tidleg musikk, lyre, fidle, bronselur, bukkehorn, naturtoneskala, verdsmusikk, eigen sjanger, runer, suksess.
2023-04-02
1h 15
Tru og meining i gammal tid
31. Kokegroper i arkeologi og filologi. Samtale med arkeolog Marie Ødegaard
I kokegrop, norrønt seyðir, kan ein baka mat med glovarme steinar. Denne tillagingsmåten var i Noreg særleg brukt i romartida og folkevandringstida. På somme stader finst det store felt med kokegroper frå gammal tid. Dette er særleg tingstader, kultstader og andre samlingsstader, og ein teori er at kokegroper særleg vart brukte til rituelle måltid. I denne episoden ser vi på kva arkeologisk materiale, gammalgermanske tekstar og stadnamn kan fortelja om kokegroper. - Innspela i Oslo 17.10.2022.
2023-03-26
36 min
Tru og meining i gammal tid
30. Samisk magisk fiske på 1100-talet
Dreiv samane med trolldom? Tja, det meinte i alle fall nordmannen som skreiv den eldste Noregs-historia, på 1100-talet. Dagens episode er ein metodestudie, der vi ser på korleis folketradisjon nedskriven i moderne tid kan vera til hjelp i tolking av tekstar frå mellomalderen. Sentrale ingrediensar er tørrfisk, blodpølse og samisk trolldom. Andre stikkord: Seid / seiðr, gand, skrei / skreið, Historia Norwegie, negativ haldning til samane.
2023-03-19
35 min
Tru og meining i gammal tid
29. Why are myths so weird? Interview with historian of religion Jan Kozák
Many myths are weird, in Old Norse and other mythologies. Why is that? To answer that question, we first need to answer the question of what mythology is. Keywords: Old Norse mythology, theories about mythology, poetry, beyond the horizon, mead of poetry, Kvasir, creation of the world, Ymir, the binding of Fenrir, the unconscious, Jung. - Recorded in Prague 25. November 2022.
2023-03-12
38 min
Tru og meining i gammal tid
28. Fyrste sikre norske kultbygning. Samtale med arkeolog Søren Diinhoff
Hadde folk i førkristen tid eigne kultbygningar, slik vi har kyrkjer frå kristen tid? Det har forskarane diskutert lenge, men no er saka avgjord. Det var eigne kultbygningar, og i Ørsta har ein gjort fyrste sikre funn av ein slik bygning i Noreg. I denne episoden snakkar vi med Søren Diinhoff frå UiB, som leidde utgravinga, om funnet, korleis han kan seia at det er ein kultbygning, tidlegare funn elles i Norden, og om forskingshistoria når det gjeld kultbygningar. Synet på kva det er rimeleg å hevde, har svinga att og farm på fascinerande vis. Fleire stikkord: Uppåkra, Gudme...
2023-03-05
45 min
Tru og meining i gammal tid
27. Heimdall, nordstjerna og verdspålen. Ein nygammal teori
Heimdall blir gjerne rekna som den gåtefulle av dei norrøne gudane. Det er litt merkeleg, for vi har mange opplysningar om han. Men vi strevar med å få dei til å henge saman og gje meining. Her får du mitt forslag. Stikkord: Verdspålen, himmelkvelven, Nordstjerna, rammegud, opphavstid, endetid, grensegud, far til alle, samisk mytologi, Raedie, finsk mytologi, sibirsk mytologi, stålampe.
2023-02-26
48 min
Tru og meining i gammal tid
26. Fantasy-litteratur. Samtale med litteraturvetar Lykke Guanio-Uluru
Fantasy-litteratur gjenbrukar urgamle mytar og eventyr. Kvifor det? Og korleis kan denne litteraturen vera så populær, når livet i dag er fundamentalt annleis enn i den tida mytane og eventyra vart til? Stikkord: Harry Potter, J. K. Rowling, Tolkien, Ringdrotten, ChatGPT, minnekultur, kollektive forteljingar, dikteprosess, resirkulering, arketypar, Jung, tidleg psykologi, Oskeladden.
2023-02-19
38 min
Tru og meining i gammal tid
25. Kosmosmodellar under stjernehimmelen
Folk i gammal tid hadde ikkje folk fly og romskip. Men dei kunne observere at vi bur på ei jordskive som himmelen kvelver seg over, roterande rundt eit punkt, nemleg nordstjerna. Korleis tolka folk dette for å få samanheng og meining? I denne episoden går vi gjennom fire kosmosmodellar som folk i nordlege strøk laga seg med å tolke desse observasjonane i lys av ting dei kjende frå dagleglivet. Stikkord: Stjernehimmelen, naturleg lys, himmelstolpe, verdspåle, kosmisk kvern, kosmisk telt; kosmisk kvelvd kjel, jordskive, rund jord og segling, finsk tradisjon, samisk tradisjon, sibirske tradisjonar, norrøn og nordisk tradisjon.
2023-02-12
47 min
Tru og meining i gammal tid
24. Herskarideologi. Samtale med religionshistorikar Olof Sundqvist
Mange forskarar meiner det var eit sakralt kongedøme i Norden i førkristen tid. Kongane stamma frå gudane, leidde den sentrale kulten og garanterte god avling og velstand i riket. Då var fallhøgda stor, og det ser ut til at kongane i ekstreme tilfelle kunne ofrast. Vi ser nærare bak kjeldene som fortel om dette og teoriane ein har brukt for å forstå dei. Fleire stikkord: Sakralt kongedøme, uår, arveleg kongedøme, legitimitet, tyranni, allmøte og flat struktur på 70-talet, USAs grunnlov, rett til opprør, evolusjonisme, Frazers "The Golden Bough". Innspela 17.11.2022
2023-02-05
46 min
Tru og meining i gammal tid
23. Tabuspråk
Tabuord er ord vi helst ikkje skal bruke. I gammal tid kunne ein unngå slike ord for å halde seg inne med makter, eller for å unngå å påkalle makter, eller – for å finte ut makter. Vi har tabuord i dag òg, og nye oppstår, ofte av ideologiske grunnar. Mekanismane er til dels dei same no som før. Stikkord: Tabu, noa, godnemne, overtru, fiske, haill, banning, nestenbanning, norrøne tabu, ved Jupiter!, Beforeigners, dei underjordiske, alvane, diskriminering, likestilling.
2023-01-30
50 min
Tru og meining i gammal tid
22. Eddic poems performed as drama? Interview with Terry Gunnell
The Eddic poems are our best source for Old Norse mythology. But how were they performed? Were they just sung or recited, or could some of them have been performed as drama? Terry Gunnell believes the answer is "yes" and in this episode he tells us why. Gunnell is professor of folkloristics at the University of Iceland. - Recorded in Prague 25. November 2022.
2023-01-22
39 min
Norse Mythology: The Unofficial Guide
Episode 25 - Where Are the Nine Realms?
Way back in episode 1, I mentioned that the sources are not exactly as clear on what "the nine realms" are as popular media would have us believe. In this episode, we dig into all the ways the phrase "nine realms" is used in the sources, and try our best to put together a working model of how the Norse cosmos was really shaped. Sources: “Contradictory cosmology in old norse myth and religion – but still a system?” by Eldar Heide, 2014 “The Poetic Edda”, transl. by Carolyne Larrington, 2014 “The Prose Edda”, transl. by Anthony Faulkes, 1995 Contact: Write in: wael...
2023-01-16
43 min
Tru og meining i gammal tid
21. Kropp og sjel i førkristen tid
Frå kristen tradisjon kjenner vi todelinga i kropp og sjel, altså at mennesket består av ein materiell og ein ikkje-materiell del. Naturvitskapen seier at berre den materielle delen finst. Korleis tenkte folk seg dette i førkristen tid i Norden? Det snakkar vi om i denne episoden, med utgangspunkt i myten om Ask og Embla. Versjon 2, 16.01.2023
2023-01-15
54 min
Tru og meining i gammal tid
20. Oseberg- og Gokstad-gravene. Samtale med arkeolog Unn Pedersen
Oseberg- og Gokstad-funna er mest kjende for dei godt bevarte skipa. Men det var òg eit fantastisk rikt gjenstandsinventar og i Oseberg dessutan eit biletteppe som truleg viser m.a. gravprosesjonen. Dermed gjev desse gravfunna eit einståande innblikk i liv og tanke på 800-talet. I denne episoden snakkar eg med arkeolog Unn Pedersen ved Universitetet i Oslo om dette. Kvifor la folk så mykje arbeid i desse gravene? Kva meining skapte det? Korleis fungerte dette i lokalsamfunnet? Kva slag sosial kontrakt kan ha lege bak? Innspela i Oslo 17. oktober 2022.
2023-01-08
34 min
Tru og meining i gammal tid
19. Loke og Oskeladden - tvillingar, men motsett vinkla
Loke i norrøn mytologi og Oskeladden / Oskefisen i eventyra er svært like. Men historiene om dei har motsett synsvinkel, og derfor oppfattar vi dei to som svært ulike. Korleis heng dette henge saman? Kva funksjon har dei to i sine univers? Og kva er nøkkelen til suksessen deira?
2023-01-01
39 min
Tru og meining i gammal tid
18. Alvedronninga som reiste heim til jul
Alvane er nemnde mange gonger i dei norrøne kjeldene, ofte i samanheng med æsene (gudane). Men vi får dårleg med opplysningar om dei. Derfor er det ekstra gledeleg å kunne argumentere for at ei alvesegn nedskriven på Island på 1840-talet ganske sikkert eksisterte på 1200-talet òg, og kanskje i førkristen tid. Segna fortel om ei alvedronning som måtte vera hos menneska, men fekk reise heim til sine eigne julenatta og få med seg feiringa der.
2022-12-24
29 min
Tru og meining i gammal tid
17. På førjulsblot hos ny-heidningar
Åsatru finst som levande religion i Noreg i dag. Trur dei då at det blir torevêr fordi ein kraftkar køyrer med bukkar over himmelen og slår med hammaren sin? Er det mogeleg å blåse liv i ein religion som har vore daud i 1000 år? Eller er det kanskje ikkje det dei prøver på? Slike spørsmål får du svar på i denne samtalen med høvdingen i Åsatrufellesskapet Bifrost, spela inn i samband med førjulsblotet dei nyleg hadde i Trysil. Dei fleste vil truleg bli overraska over korleis folk i dette miljøet ser på seg sjøl...
2022-12-18
35 min
Tru og meining i gammal tid
16. Ski og norrøn mytologi - Ull og Skade
I norrøn mytologi er det to som er knytte til skigåing: guden Ull og jotunkvinna eller gudinna Skade. Kva er bakgrunnen for at akkurat dei to er knytte til skigåing? Det snakkar eg med ein skimakar om i denne episoden. Då blir det òg mykje om ski og skikultur generelt i gammal tid. Stikkord: Ski og jakt, jotunkvinne, samlivsproblem, den mest gåtefulle guden, himmelgud, saueull, aking for langt lin, sakrale stadnamn, 7000 år gammalt skifunn, skikultur i Altai, skileik, nasjonsbygging. - Innspela i Valdres 3.12.2022.
2022-12-11
45 min
Tru og meining i gammal tid
15. Are the Eddic poems really pre-Christian? Interview with Haukur Þorgeirsson
The Eddic poems are our best source for Old Norse mythology. But they are only handed down to us in manuscripts from the 13th century or later, two centuries or more after the conversion. What makes us believe that they really are pre-Christian and not, in fact, composed in the High Middle Ages?The research into this has made substantial progress during the latest decades. Haukur Þorgeirsson at Iceland's Árni Magnússon manuscript institute walks us through the criteria that are used. Recorded in Helsinki 8 August 2022.
2022-12-04
40 min
Tru og meining i gammal tid
14. Trekantdrama og trolldom i 1324
To gamle dokument fortel om eit trekantdrama med trolldom og rettssak i Fusa ved Bergen i 1324. Kva opplysningar har vi, og korleis kan vi tolke dei? Stikkord: Forbanning, pakt med djevelen, åndeutsendingar, impotens; sverd, brød og erter i senga, fengselsstraff, tvungen pilgrimsreise.
2022-11-27
22 min
Tru og meining i gammal tid
13. Kristninga. Samtale med religionshistorikar Olof Sundqvist
Når vart Norden kristna? Kva motiv hadde dei som fekk det til å skje? Kva strategiar brukte dei? Var det store regionale skilnader? Korleis såg prosessen ut frå heidendomens synsvinkel, og frå synsvinkelen til enkeltmenneska som stod midt oppi det? Innspela 28.10.2022 i HVLs Medielab
2022-11-20
1h 04
Tru og meining i gammal tid
12. Odin hengde seg i verdstreet, ofra til seg sjølv
I fem strofer i Håvamål fortel Odin korleis han i urtida hengde seg sjølv i verdstreet og såra seg sjølv med spjut, som offer til seg sjølv. Der hong han i ni netter og fekk derfor løyndomsfull innsikt frå jotnane, gjennom runekunst og rusdrykk. Desse strofene er blant dei mest drøfta av alle tema i norrøn religion. Vi går detaljert gjennom dei, kommenterer plasseringa i Håvamål og nemner nokre måtar dei kan tolkast på. Stikkord: Krigsguden Odin, sjølvoffer, Kristus, sibirsk sjamanisme, myrlik / moselik, mystikk / mystisisme, nyreligiøsitet...
2022-11-13
24 min
Tru og meining i gammal tid
11. Segner.no - ressurs til tverrfaglege opplegg i skular og barnehagar
Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Gram Økland har brukt tusenvis av timar på internettbasen segner.no sidan 1990-talet, med utgangspunkt i lærarutdanninga på Stord. Her fortel dei om tanken bak basen: å bygge ein ressurs for tverrfaglege opplegg i skular og barnehagar. Dei gjev fyldige døme på bruk av materialet i praktiske undervisningsopplegg, ofte samarbeid mellom norsk, samfunnsfag og kroppsøving. Stikkord: Lokalhistorie, heimkunnskap, bruke kroppen, ekskursjon, storytelling, litteraturhistorie, skriveopplæring, mønsterskriving, dialekt, språkendring, skilnad mellom talemål og skriftspråk, segner og eventyr, dataspel - og tips om eit doktorgradsprosjekt som garantert gjev r...
2022-11-06
16 min
Tru og meining i gammal tid
10. Ære og kjønnsroller - sex, blodhemn og mjølkestell
Vi ser på æressystem i samband med kjønnsroller i vikingtidssamfunnet på Island slik vi møter det særleg i islendingsogene, med sideblikk til lovene vi kjenner frå høgmellomalderen. Stikkord: Analogi mellom stikket i senga og stikket på slagmarka. Menn i trong og nådelaus kjønnsrolle. Rett til å blodhemn for ymt om homofili. Mann og kone med felles ære. Underordna kvinner med stort armslag som «piskar» mennene til å hemne. Samfunn utan politi og statsmakt. Korleis var det for dei fattige? Kan vi tru på det sogene fortel?
2022-10-30
34 min
Tru og meining i gammal tid
9. Segner på Vestlandet - trollskap, magi og forklaring før naturvitskapen
I dag snakkar eg med Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Gram Økland med utgangspunkt i internettbasen segner.no, som inneheld 2600 segner frå Vestlandsfylka, søkbare via tema, kart m.m. Bjørn og Nils Tore har bygd opp basen som ein ressurs for skular og barnehagar. Vi kjem inn på fossegrimen som lærde opp spelemenn og er med i fontena på Ole Bulls plass i Bergen; eit 2,5 liters drikkehorn stole frå dei underjordiske på Stord, med hjelp frå tunvorden (jf. vardøger-episoden); den magiske krafta i matkorn, stål, kyrkjeklokker, visse kjelder og namn; bergtaking, tr...
2022-10-23
39 min
Bobagens Imperdíveis
3.9: Me engana que eu gosto
Em uma era de golpes e enganação, o que os vigaristas da ficção ainda são capazes de nos ensinar? Qual a diferença entre os trapaceiros da mitologia e os golpistas da vida real? Só enfiando a mão debaixo do chapéu para descobrir. Créditos: Roteiro, pesquisa, produção, edição, narração e ilustração: Aline Valek Apoie este podcast: apoia.se/alinevalek Me pague um café: ko-fi.com/alinevalek Visite meu planeta: alinevalek.com.br Links...
2022-10-21
33 min
Tru og meining i gammal tid
8. Det mytologiske verdsbiletet – bunde til forteljingar
Innføringsbøker om norrøn mytologi seier gjerne at ein tenkte seg verda som ei skive, med gudane og Åsgard i midten, så menneska og Midgard i ring rundt, så jotnane i Jotunheimane i ring utanom der, og utanfor der att havet og Midgardsormen. Denne modellen er problematisk. Namnet Utgard er brukt berre éin gong, i ein underleg samanheng, og ser ein breiare i kjeldene, plasserer dei både jotnar, menneske og gudar litt her og der, slett ikkje i det ordna ringmønsteret. Derfor er det forskarar som har meint at det ikkje var noko system....
2022-10-16
38 min
Tru og meining i gammal tid
7. Ofringar i myrar og vatn. Samtale med arkeolog Julie Lund
Kvifor la folk i vikingtida dei aller finaste smykka og våpna sine i myrar og vatn? Er gullskattar i myrar og vatn avgløymde «innskot» i gammal tids «bankar», eller er dei rituelle deponeringar? Er det så stor skilnad mellom offer- eller deponeringsskikkane i eldre og yngre jarnalder som ein har meint? Let folk seg manipulere til å leggja verdigjenstandar i myrar og vatn, eller var dette meiningsfulle handlingar for frie menneske? Folk såg tydelegvis på myrar og vatn som grenseflater mot den andre verda, men korleis kan slike idear oppstå? Kva kan mellomaldertekstar og folketradisjonar seia om tankegangen...
2022-10-09
44 min
Tru og meining i gammal tid
6. Tor - macho, latterleggjort og tvitydig
Tor ser ut til å ha vore den viktigaste guden i sluttfasen av heidendomen. Tor med hammaren, kraftkar og macho, det veit vi. Bondegud og trygg forsvarar av det etablerte samfunnet, guden som nær sagt åleine heldt jotnane i sjakk. Men så vart han latterleggjort? Hm. Og tvitydig? Altså meir komplisert enn vi oppfattar med det same? Ja, slik kan det sjå ut. - På slutten nærare om opphavet til Tor og korleis forskarane har resonnert til ulike tider.
2022-10-03
29 min
Tru og meining i gammal tid
5. Finnish-Karelian and Old Norse mythology. Interview with Joonas Ahola
In this episode Joonas Ahola presents the central gods / heroes and ritual practices known from Finnish-Karelian mythology and popular traditions, and we discuss differences and similarities with Old Norse mythology. Joonas is a Finnish folklorist and Old Norse scholar at the University of Helsinki. Recorded in Helsinki 8 August 2022.
2022-09-25
37 min
Tru og meining i gammal tid
4. Vardøger - tanken din som varsel og drone
Eg skisserer ein flik av komplekset ikring vardøger og hug. Det dreiar seg om at vi har ei følgjeånd attmed oss, som ein variant av oss sjølve, som vi ufrivillig sender i veg til andre når vi tenkjer på dei og som dei kan merke fysisk når det skjer. Dette kan fungere som varsel, og rituelle spesialistar kan sende denne følgjeånda i veg medvete, for å skaffe opplysningar eller ressursar. Framstillinga bygger på doktoravhandlinga mi frå 2006, Gand, seid og åndevind
2022-09-17
18 min
Tru og meining i gammal tid
3. Var dei norrøne gudane på stjernehimmelen? Intervju med Gísli Sigurðsson
Slår ein opp i innføringsbøker i norrøn mytologi, så står det lite eller ingen ting om at gudane eller mytologiske strukturar kan ha samanheng med stjernehimmelen. Dersom dette stemmer, så er det overraskande, for ser ein på etniske religionar kringom i verda, er normalen at himmel-lekamane har ei viktig rolle. I dette intervjuet fortel Gísli Sigurðsson ved det islandske Árni Magnússon-instituttet om kva han er komen fram til om gudane og stjernehimmelen. Det er ein god del gode og uavhengige argument som knyter også dei norrøne gudane til stjernehimmelen. Mellom desse er truen...
2022-09-04
22 min
Tru og meining i gammal tid
2. Kjernen i norrøn religion: Det finst ikkje gratis lunsj
I denne episoden pratar Eldar med Gry om det som ser ut til å vera kjernetanken i norrøn religion, basert på forsking av Preben Meulengracht Sørensen, Gro Steinsland, Else Mundal, Margaret Clunies Ross og Jens Peter Schjødt frå 1970-talet til 1990-talet.
2022-09-04
17 min
Tru og meining i gammal tid
1. Velkomen til Tru og meining i gammal tid!
Vi presenterer oss og skisserer ideane bak podkasten og ein del om innhaldet.
2022-09-04
09 min
Brute Norse Podcast
34: Viking Drone Warfare - Spinning, seiðr & gandr with Eldar Heide
Few things about Norse paganism are as misunderstood or -represented as the practice of seiðr, and that's saying something. But if there is one single man that stands firm as mountain, jutting forth from the sea of quackery, that man is Eldar Heide. Linguist, Old Norse philologist, maritime conservationist, ski-tree-jumper. Pioneer of retrospective methods, and one of the main minds behind the prevailing paradigm of Norse magic, and its fascinating connection to the pre-Christian religion of the Fenno-Scandinavian Sami. A wacky world of textiles, bodily orifices, magic missiles, breath (good and bad!), and sexual taboos await! You can find m...
2021-03-22
1h 20
Brute Norse Podcast
34: Viking Drone Warfare - Spinning, seiðr & gandr with Eldar Heide
Few things about Norse paganism are as misunderstood or -represented as the practice of seiðr, and that's saying something. But if there is one single man that stands firm as mountain, jutting forth from the sea of quackery, that man is Eldar Heide. Linguist, Old Norse philologist, maritime conservationist, ski-tree-jumper. Pioneer of retrospective methods, and one of the main minds behind the prevailing paradigm of Norse magic, and its fascinating connection to the pre-Christian religion of the Fenno-Scandinavian Sami. A wacky world of textiles, bodily orifices, magic missiles, breath (good and bad!), and sexual taboos await! You c...
2021-03-22
1h 20
Brute Norse Podcast
Ep. 27: World on a Wire, Norse Cosmology, and Heroic Death (Valhalla interlude)
Brute Norse goes to the movies in this spoiler saturated interlude to the series on Valhalla. What are the gods, and how do they see us? With its unsettling depiction of a simulated reality, Rainer Werner Fassbinder’s 1973 sci-fi masterpiece «World on a Wire» (Welt am Draht) is an oft cited example of a film way ahead of its time. In this episode, we’re going to turn that claim upside down and let the mythic merge with the cybernetic, using the film as an opportunity for a Scandifuturist reading of Norse Pre-Christian cosmology, and notions of heroic transcendence. Support Brute...
2020-05-11
30 min