podcast
details
.com
Print
Share
Look for any podcast host, guest or anyone
Search
Showing episodes and shows of
Gjengevoll Mangesysleri
Shows
Gjengevoll Pludrecast
140: Påske 🐣
Hei vår og hei april! Vi har hatt ei god og innhaldsrik påske kor vi har kome nokre dugelere skritt vidare til å verta klare til sesongen. Om tre veker startar lamminga, og målet er å få gjort så mykje som mogleg av det som hastar mest før den tid kjem. Det er ei kamp mot klokka å få hagen klar og logistikken på plass før alle plantene skal ut og alt allereie er overgrodd. Nytt i år er at vi oppskalerer eggeproduksjonen og har mål om å byrja å ha hønsa på beite rundt omkring...
2024-04-01
31 min
Gjengevoll Pludrecast
139: Mykje nytt og spanande
No har vi mykje nytt å melda! Kjetil har fått seg ny jobb (!), og det har på ein måte Mari óg (i meir enn ein betydning). Vil du vita meir, må du lytta til episoda :) Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram: @mangesyslerietEpost: hallo@gjengevoll.noP.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
2024-03-11
34 min
Gjengevoll Pludrecast
138: Korleis arrangera dugnadar?
Dagane vert stadig lysare og våren kjem stadig nærmare. Det er godt å kjenna at den mørkaste vinteren er bak oss og at vi har ei lang periode med lys og varme foran oss der naturen kjem til live igjen.I denne episoda snakkar vi om våre erfaringer med å arrangera dugnad på garden, og deler eit par tips til ting å tenkja på viss du skal gjera det same.Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram: @mangesysleriet...
2024-02-12
46 min
Gjengevoll Pludrecast
137: Tente vi penger i 2023?
Årets mest ettertrakta (?) episode!I denne episoda gjev vi deg alle dei saftige detaljane om økonomien i drifta vår og fasiten for året som har gått. Kva gjekk i pluss? Kva gjekk i minus? Kva for salskanaler har funka best? Kva for produkt har vi selt mest av? Kva for nokre erfaringer har vi gjort oss og korleis vil vi gå vidare med bakgrunn i lærdomane vi har gjort?Fest setebeltet og gjer deg klar for ein episode fullspekka av tal og godsaker!Viss du har spørsmål eller tilbakeme...
2024-01-29
1h 44
Gjengevoll Pludrecast
136: Hei 2024!
Vi har starta på eit nytt år, og med det er det på tide å venda om eit nytt blad i boka om livet på Gjengevoll. Vi har lagt jul og nyttår bak oss, og står i skjæringspunktet mellom å evaluera og reflektera over 2023, og leggja planar for året vi har foran oss.Ei spanande nyheit er at vi køyrer digitalt mangesyslarkurs denne seinvinteren, og at påmeldinga har opna no! Kurset har oppstart 5. februar, og du kan lesa alt om det på denne sida: https://gjengevoll.no/digitalt-mangesyslarkurs/Elles er Kjetil på jakt etter del...
2024-01-08
43 min
Gjengevoll Pludrecast
135: Jul og takksemd
Jula og solsnu nærmer seg med stormskritt, og vi er to slitne bønder som byrjar å sjå lyset i enden av tunnellen.Det har vore ein travel haust og ein røff desember, og vi har fokus på å stå løpet ut fram til julefreden tek oss. I denne episoda prøver vi å muntra oss sjølv opp med å tenkja på kva vi er takknemleg for no når vi står midt i julestria.Vi takkar alle våre lyttarar for å ha holdt følgje med oss gjennom 2023. Riktig god jul, så snakkast vi på nyåaret! ...
2023-12-18
30 min
Gjengevoll Pludrecast
134: Lefser og landbrukspolitikk
Vi speler inn denne episoda etter dagens lefsebakst. No er det snart desember og julemusikken har fått lov til å entra produksjonslokalet medan vi står og baker.Mari bruker lefsebaksten til å reflektera over livet som bonde og som mangesyslar. I jakta på lønsemd og draumen om å skapa sin eigen jobb, kan det vera lett å gløyma seg sjølv og kva som eigentleg er grunnen til at ein valte eit slikt liv i utgangspunktet. Mykje kan vera både lurt og lønsamt, men det er arbeid og oppgåver som ein eigentleg har lyst til å fylla h...
2023-11-27
49 min
Gjengevoll Pludrecast
133: Vi lever!
Ja, vi er her framleis, skjønt det har vore stilt frå denne kanten ei stund.Det har vore ein del som har skjedd, mellom anna ein del farting fram og tilbake og mykje introspeksjon, men no er vi i gong med juleinnspurten og all bakinga som skal gjerast fram mot jul.Elles: Mari har vunne EM i kor!Vi har flytta hønsa ut i drivhuset for vinteren.Og vi held på å rydda og mala litt i huset.Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gj...
2023-11-13
46 min
Gjengevoll Pludrecast
132: Farvel, Fride
I går sendte vi avgarde årets lam og sauer til slakt. Der vi tidlegare år har slakta ganske få dyr sidan vi har bygd opp flokken, slaktar vi i år ganske mange: sytten stykk. Og blant dei er nokre av dei vaksne sauene og. I denne episoda tek vi særleg farvel med gjerdehopparen Fride, dottera hennar Aurora og fjorårets flaskelam Valeria. Fride har vore med oss frå start, og det er ekstra tungt å ta avskjed med dei som har fått ein spesiell plass i hjartet.På den positive sida, har Mari fått bilen sin ti...
2023-10-02
39 min
Gjengevoll Pludrecast
131: Vårt fyrste mangesyslar-kurs 🤩
Vi har gjennomført vårt fyrste introduksjonskurs for mangesyslarar!Vi samla ein ordentleg triveleg gjeng med ulike folk som hadde det til felles at dei ønsker seg eit annleis og naturnært liv utanfor hamsterhjulet. Vi jobba, snakka, draumte og delte tankane våre ei heil helg i lag, og stemninga var heilt nydeleg.Dette gav meirsmak, og no tenkjer vi på korleis vi kan tilby fleire kurs framover og vidareutvikla konseptet.Elles: No er det haust, og med det kjem klipping, utrangering, slakt og planlegging av paring og vinterfôring for sauene...
2023-09-18
39 min
Gjengevoll Pludrecast
130: Jazzkonsert og Bergen matfestival
Vi er godt slitne og legg ei innhaldsrik veke bak oss idet vi kan sjå tilbake på ei helg med både matfestival i Bergen og konsert på garden.Det er fyrste gong vi deltek på Bergen matfestival i år, som arrangerast for 24. gong. Vi går gjennom korleis vi førebudde oss, korleis standen såg ut, kva ein må tenkja på når ein står på marknad, og kva for type varer som selte bra. Alt i alt var det ei positiv oppleving og vi skulle gjerne stått der på laurdagen og!Då hadde vi...
2023-09-04
51 min
Gjengevoll Pludrecast
129: Utstyr og lagringsplass
Velkomen tilbake! Mari har vore fleire veker borte kjenst det ut som, på kurs og på fjelltur, men no byrjar kvardagen og hausten å slå inn.I dag er hovudtemaet (og frustrasjonen) lagringsplass, eller mangel på det, og tendensen mange (og kanskje særleg bønder) har til å samla opp ting. Mykje er ting som trengst i drifta, og særleg når ein er eit mangesysleri har kvar periode av året sine ting og sine verktøy som stadig skal hentast fram. For eit ryddig ordensmenneske kan det i seg sjølv by på sine utfordringar...
2023-08-28
51 min
Gjengevoll Pludrecast
128: Debiorevisjon
Vi har hatt vår fyrste debiorevisjon! Det var mykje trivelegare og mykje mindre skummelt enn det vi såg for oss som relativt ferske øko-bønder.No har vi (framleis) økologiske grønsaker, urter og ville vekster, og til hausten vert det økologisk sauekjøt og også fleire økologiske foredla produkt.Elles er framleis ei av årets største nøtter (og årets største frustrasjonar) å finna ut av ein beiterigg som funkar for oss. Vi har i år gått for nofence som gjerde i det målretta beitet, men det er fleire ting som gjer det v...
2023-08-07
38 min
Gjengevoll Pludrecast
127: Årenes rytme, blomar og heilt mundane ting
Juli går inn i august og årstidene kverner sin vante gang. Det er framleis sommar, men seinsommaren har ei annan kjensle, ei anna luft og eit anna lys enn forsommaren.Vi har relativt god piff og er relativt optimistiske for tida som kjem, samstundes som vi førebur oss på at tempoet frå sommaren skal gli over i haust-tempo.Vi snakkar litt om årstider og korleis det å bu på gard har endra vårt syn på kva tid året startar og slutter. Vi pratar óg om retreaten vi arrangerte, ting som skjer til hausten og tek ein l...
2023-07-31
34 min
Gjengevoll Pludrecast
126: Tilbake til ein slags kvardag
Vi har kome oss heilskinna gjennom både bryllup og bryllupsreise, og har no vendt tilbake som nesten nye menneske. Halleluja!I denne episoda får du høyra mest om korleis bryllupet og den store bryllupsfesten vår var (spoiler alert: alt vart heilt fullstendig magisk), men óg litt om den korte, men deilige bryllupsreisa + og tida etterpå. Vi har til dømes hausta vår aller fyrste sommarhonning og er no litt meir engasjert over bieprosjektet vårt enn vi var for kunn ein månad sidan.Vi snakkar óg litt om dei spana...
2023-07-10
1h 00
Gjengevoll Pludrecast
125: Bryllup!
Vi lever! Jada, vi er her framleis og alt går sin gang på mangesysleriet. Men i tillegg til våronna har det vore litt ekstra mykje for oss å tenkja på dei siste vekene, for vi har samstundes jobba med å førebu oss til BRYLLUP.Er vi ikkje allereie gift, tenkjer du kanskje. Jo, det er vi, men festen fekk vi aldri hatt, og dei fleste fekk ikkje med seg at vi gifta oss heller, for det skjedde i smug i februar 2020. Så kom koronaen, den store feiringa måtte utsetjast, og så flytta vi på gard og...
2023-06-19
19 min
Gjengevoll Pludrecast
124: Minisagbruk og ny åker
No er det snart 1. juni og fyrste sommarmånad!Kjetil er veldig nøgd med å ha fått eit minisagbruk i posten, slik at vi no kan saga våre eigne plank og materialar. Vi snakkar litt om korleis det funkar.Vi snakkar óg litt om sjeldne potetsortar, dyrking av korn, framskritta i hagen og ikkje minst den nye åkeren vi held på å anleggja no midt i våronna.Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram: @mangesysleriet
2023-05-29
44 min
Gjengevoll Pludrecast
123: Vårglede, overnatting og komplekse kjensler
Det er vår! Det plantast! Lamma er ute på beite! Sola skin! Dette bondelivet innbyr til det fulle og breie spekteret av livets store kjensler. Vi er overvelda over alt som skjer i naturen akkurat no og over det faktum at vi får lov å vera ein del av det heile. Samtundes er dei store konstrastane sterke i augeblikka kor vi plutseleg må ta stilling til liv og død, eller til usikkerheita i vår eigen økonomi.I dag snakkar vi om våronna, naturen sine mirakel, bekymringene kring inntekt og framtida vår på garde...
2023-05-15
56 min
Gjengevoll Pludrecast
122: Bønder, arbeidarar og kampen for like rettar
Nyheit! Påmeldinga til kurset vårt den 19.-21. mai, introduksjonskurs for småbrukarar og mangesyslarar, har opna. Les meir og meld deg på her: https://gjengevoll.no/introduksjonskurs-for-mangesyslarar/ Gratulerer med dagen! I dag er det 1. mai, og vi feirer kampen for eit rettferdig samfunn med å snakka om jordbruksoppgjeret og bøndene sin kamp for ei anstendig inntekt. Kva har skjedd med forhandlingane så langt i år? Kva er ståa? Er kravet høgt eller lågt? Kven kjempar for retten til å definera sanninga? Det og mykje meir kjem vi innom i denne episoda, for alle dykk...
2023-05-01
49 min
Gjengevoll Pludrecast
121: Trillingar!
Lamminga er over halvvegs, og det går unna i fjosen. Vi har fått mange fleire lam enn i fjor (og våre fyrste trillingar) og snakkar litt om kvifor lammetala varierer frå år til år. Vi kårer også dei beste sauemødrene våre, snakkar om riggen i fjosen og om beiting, parasittar og helse.Elles er det sjukt fine dagar for tida, noko som passar veldig godt sidan det er mykje å gjera ute i hagen. I helga hadde vi dugnad og fekk tatt nokre sjumilssteg i riktig retning fram mot å få plantene skal i jorda, men...
2023-04-17
41 min
Gjengevoll Pludrecast
120: Lamming og spanande nyhende
Vi har ein fjos full av høggravide søyer! I denne episoda fortel vi om korleis påska vår har vore, og koreis lamminga har gått så langt. Dei fleste lamma gjenstår, og dagane og nettene våre går no med til jamnlege turer til fjosen.Vi deler og nokre spanande nyhende: Vi skal ha vårt aller fyrste kurs på garden! Himmelfartshelga, 18.-20. (eller 21.,) køyrer vi vår fyrste pilot-runde med vårt heilt nye inkubator-kurs for mangesyslarar. Dette vert eit dybdekurs der vi jobbar med deg som har ein draum om livet...
2023-04-11
39 min
Gjengevoll Pludrecast
119: Påskestemning
Endeleg er vi tilbake etter to veker med influensa på begge to. Og denne episoda er også årets fyrste ute-episode (tatt opp på verandaen)! Det betyr at våren er her for alvor. Vi nyter påskesola, sår masse frø og ventar på at lamminga skal byrja.Sidan sist har også Mari starta ein ny podcast! Den heiter Regenerativt liv og handlar om kjensler, autentisitet, livskvalitet og alt som er knytt til det å vera ekte og heile menneske. Sjekk han gjerne ut der dy høyrer podcast.Viss du har spørsmål eller tilbak...
2023-04-03
51 min
Gjengevoll Pludrecast
118: Endring og utvikling
Vi startar vekas episode med å takka for alle dei gode meldingane vi har fått sidan førre veke. Det å få lov til å inspirera og påverka til å skapa ei felles rørsle av engasjerte jordbrukarar, sjølvbergarar, mangesyslarar og bevisste forbrukarar er eit privilegium.Vi snakkar og om det å stadig læra og utvikla seg som bonde og som menneske. Vi er alltid i endring, og dei tinga vi trudde vi visste, er under konstant revisjon. Det er ikkje ein svakheit, men ein stor styrke å tilpassa seg etter kvart som ein får ny kunnskap.
2023-03-13
47 min
Gjengevoll Pludrecast
117: Engasjer deg! (a.k.a. tilskot til marknadshagar)
Korleis påverka systemet? Korleis endra verda?I dag snakkar vi om det å engasjera seg for å forandra jordbrukspolitikken. Vi snakkar om systemet slik det er i dag, kva som er gale med det og kva som gjer at du kanskje skal engasjera deg likevel - nettopp fordi det trengst å forandrast.Mari fortel om helgas årsmøte i fylkeslaga til Hordaland og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag. Der vart det vedteken ei felles uttale der vi kravde at det må innførast eit nytt tilskot til marknadshageproduksjon.Per i dag er dette berre ei...
2023-03-07
51 min
Gjengevoll Pludrecast
116: Kvifor du kanskje ikkje skal søkja Innovasjon Norge
I dag byr vi på ein klassisk pludre-episode der vi oppdaterer om nokre av tinga som har skjedd sidan sist, og litt stream of consciousness-prat. Du får ein god, gammeldags rant om Innovasjon Norge, litt prat om vatningssystemer, pengar, død og fordervelse, litt snakk om kor viktig sola er, og anna snacks. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram: @mangesyslerietEpost: hallo@gjengevoll.noP.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podc...
2023-02-27
42 min
Gjengevoll Pludrecast
115: Kva gjer du når partnaren din ikkje vil handla på REKO?
Det å handla på REKO eller handla direkte frå bonden er eit verdival folk tek av ulike grunnar, mellom anna miljømessig berekraft, dyrevelferd, rettferdig inntekt til bonden, rein mat og helse. Men kva gjer ein når ein har ein partnar som ikkje støttar ein i vala og prioriteringane ein gjer omkring mat? Kva gjer ein når han eller ho ikkje tykkjer desse temaa er like viktige som ein sjølv? I dag pratar vi om eit komplekst og vanskeleg tema med mange spørsmål: Kva er det som gjer at vi menneske e...
2023-02-20
1h 00
Gjengevoll Pludrecast
114: Gjer du plass for dei store steinane?
Denne veka titter vi raskt innom for å gi ein oppdatering på korleis det går med hønseflokken vår (vi har hatt storslakt), og for å fortelja ei lita historie om steinar, sand og vatn. Dagens oppmoding er å tenkja gjennom kva du fyllar glaset ditt med. Fyllar du på med dei store steinane fyrst, eller fyller du på med vatn slik at det ikkje vert plass til noko anna?Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram: @mangesyslerietEpost: hallo@g...
2023-02-13
22 min
Gjengevoll Pludrecast
113: Frø!
Vi har bestilt årets frø til hagen, og med det er hagesesongen 2023 i gang! Planen for kva som skal dyrkast i dei ulike beda er klar, og vi har eit ganske ambisiøst mål om alt som skal vera klart før plantene skal i jorda (mellom anna skal vi dyrka opp ein åker og gjera ferdig vårt nye plantefelt Sveits.) Vi snakkar litt om kva som vil vera dei viktigaste endringane i marknadshagedrifta vår i år samanlikna med i fjor.Sjølv om det framleis er vinter og vi tek det roleg for å prøva å lad...
2023-02-06
50 min
Gjengevoll Pludrecast
112: Kva tenkjer du om pengar?
I dag pratar vi om eit litt uvant tema, nemleg penge-tankesett. Eller sagt på ein annan måte: kva for slag bevisste og ubevisste historier vi fortel oss sjølv om pengar og rikdom.Folk har ulike syn på pengar, men ein ting er sikkert, og det er at pengesynet vårt har store konsekvensar for våre moglegheiter til å leva eit liv i overflod eller ha ein berekraftig økonomi i drifta vår. Dette er eit vanvittig kompleks og interessant tema vi utforskar litt i denne episoda.Viss du har spørsmål eller tilbakemeld...
2023-01-30
33 min
Gjengevoll Pludrecast
111: Tente vi pengar i 2022?
Når vi no er godt i gang med eit nytt år, er det på tide å sjå på rekneskapen for i fjor. Og etter to år med oppstart og minus i rekneskapen, er vi veldig spente: vart 2022 året kor vi endeleg gjekk i pluss? I denne episoda får du svar på spørsmålet, samt ein gjennomgang av kva for nokre produksjonar som har vore meir og mindre lønsame (eller har gått saftig i minus).Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook...
2023-01-23
1h 06
Gjengevoll Pludrecast
110: Teknologi - bonden sin ven?
I dag pratar vi litt om ustyrlege vêrar og hanar, og Mari fortel litt om kva ho har lært på helgas agronomsamling. Vi styrer inn på ein liten rant om teknologioptimismen i landbruket og korleis effektiviseringa har hjulpe oss å produsera meir mat på færre bønder. Det vert snakka om som eit effektiviseringseventyr, men effektvisieringa er eigentleg finansiert av at stadig færre bønder tek på seg stadig større gjeld og må jobba dobbelt for å finansiera alle dei nye teknologiske framskritta. Det gjer oss forarga! Viss du har spørsmål eller tilbakemel...
2023-01-16
28 min
Gjengevoll Pludrecast
109: Ønske for året som kjem
I helga hadde vi ein seremoni som har vorte ein ny tradisjon for oss, nemleg vårt årlege nyttårsritual. I det høve reflekterte vi mykje over året som gikk og året som skal koma, kva vi vil leggja bak oss og kva vi vil utvikla vidare. Vi deler nokre av tinga vi har satt oss som ønske og mål i 2023. Kanskje du kan kjenna deg igjen i nokre av dei?Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram...
2023-01-10
39 min
Gjengevoll Pludrecast
108: Hei 2023!
Nytt år, nye moglegheiter!Endeleg har vi komt oss hit - til 2023. Fjoråret er lagt bak oss og vi har komt oss heilskinna gjennom desember til januar, den rolege perioda. Sola har snudd, dagane vert lysare. Vi har pusterom, og vonleg snart energi til å byrja å leggja konkrete planar for året foran oss.I denne episoda nemner vi nokre av dei viktigaste minnene vi har frå året som har gått. Som alle år hadde 2022 både opp- og nedturer. No ser vi fram til eit år som vonleg har endå meir lys, varme, frodigheit og ikkje min...
2023-01-03
40 min
Gjengevoll Pludrecast
107: Desember som forsvann
Endeleg ny pludrecast-episode! No har vi hatt ein lang pause frå podden medan vi har måttet fokusera på desember-sirkuset. Det gode nyhendet er at vi har klart å koma oss fram til jul i god behald! Desember har budd på intense dagar, marknad og utleveringar, lange bakedagar, sjukdom og til slutt eit deilig julebord i byen for å få ein skikkeleg bra slutt på årets sesong. No er det ikkje lenge igjen til juleroen kan senka seg.Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:Faceb...
2022-12-22
30 min
Gjengevoll Pludrecast
106: Korleis går det?
Vi tek ei pause frå juleførebuingane for å pludra litt og ta ein fot i bakken. Korleis går det? Korleis har vi det? Ikkje så aller verst, eigentleg! Alt går i perioder, men denne veka startar vi med eit friskt og litt lysare blikk framover. Energien tek seg opp, vi har trua, og snart er det jul.Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram: @mangesyslerietEpost: hallo@gjengevoll.noP.S. Gi gjerne eit bidrag t...
2022-11-21
40 min
Gjengevoll Pludrecast
105: To-do-lista
Kva for slags oppgåver er det som skal gjerast på garden på denne tida av året? Det får du eit innblikk i når vi går gjennom gjeremålslista for dei neste to vekene, og "masterlista" for garden som vert kontinuerleg oppdatert i nye versjonar 🙃 Ein ting er sikkert - å driva mangesysleri vert aldri keisamt eller einsidig!Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram: @mangesyslerietEpost: hallo@gjengevoll.noP.S. Gi gjerne eit bidrag...
2022-11-07
43 min
Gjengevoll Pludrecast
104: Høns, grisespekk og ull
Det er travle tider! Vi har framleis mykje foredling av haustens råvarer å gjera, og skal samstundes byrja på juleprodukta, medan vi også må gjera ferdig alt som skal gjerast i hagen før vinteren kjem. I tillegg er det mykje marknadar og salsarbeid for tida, samt at hausten er høgtid for kurs og faglege samlinger. Og vi har mange besøk på garden. Puh! I denne episoda pratar vi om høns som vert ete av rovfugl, om grisefeitt som ikkje stivnar og ikkje minst om ull! Det har nemleg vore ullveke her hjå oss, og Mari har...
2022-10-31
40 min
Gjengevoll Pludrecast
103: Folk treng folk 💚
Det er Mari sin bursdag! Starten på dagen vart feira med vaflar og is til frukost i lag med gjengen på garden. No er det haust og hyggestemning på Gjengevoll. Vi reflekterer litt over kor kjekt det er å vera fleire på garden, og kor mykje lettare det er å gjera hyggelege ting utan å få dårleg samvit når vi er fleire som gjer det saman. Vi har framleis både dreng og praktikant buande hjå oss, og fellesskapen gjev meirsmak. Mari har vore på nasjonal nettverkssamling for småskala marknadshagedyrkarar, og er kome heim med massevis av ny inspirasjon...
2022-10-17
33 min
Gjengevoll Pludrecast
102: Vinterførebuingar og inneproduksjon
Tenk at det allereie er oktober! Vi avsluttar dyrkesesongen ute, og haustar inn dei siste grønsakene. I veka som kjem skal vi ha fokus på produksjon av matvarer vi kan selja på markandene før jul, og omstilla oss til å førebu oss på vinteren.Ute i hagen skal alle beda avsluttast og klargjerast for ein ny sesong. Drivhuset tømmast, ny flis skal leggjast ut i gangane, beda skal få ny næring og jorda skal dekkast til. Det er mykje som skal gjerast no før vinteren kjem. Heldigvis har vi eit par veker med ekstra...
2022-10-10
47 min
Gjengevoll Pludrecast
101: Økologisk blomedyrking med Elisa Kolle
I denne episoda har vi kapra vår eigne, lokale snittblomedyrkar Elisa til å snakka om alt som har med økologisk småskala blomeproduksjon å gjera. Elisa driv Dalahagen i Bjørnafjorden, og dyrkar snittblomar for direktesal i marknadshagen sin på eitt dekar. Kvifor er det viktig å tenkja økologisk også i blomedyrking? Korleis skil Elisa sin hage seg frå konvensjonell, storskala dyrking? Korleis omset ho blomane sine og tener pengar? Korleis ivaretek ho jordhelsa? Dette og mykje meir snakkar vi om i denne episoda, som vert utgitt som ein del av Økoveka Bergen 2022. Dalahagen finn du på dalahagen.no o...
2022-09-26
1h 09
Gjengevoll Pludrecast
100: Episode hundre!
Denne veka feirer vi at vi har laga hundre episodar av pludrecasten!Vi pratar litt om kor mykje som har skjedd sidan vi byrja å laga podcast, og vi snakkar om alle dei tinga vi er takksame for som gjer at feiringa vert ekstra stas.Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram: @mangesyslerietEpost: hallo@gjengevoll.noP.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjen...
2022-09-19
1h 01
Gjengevoll Pludrecast
99: Pust, kobla på, set grensar (stress-spesial)!
Dagens episode handlar om folkesjukdomen vi alle har (men kanskje ikkje er klar over), nemleg kronisk stress.Kva er stress og korleis påverkar det kroppen vår? Kva for langsiktige konsekvensar har kronisk stress, og kvifor normaliserer vi det i dagens samfunn? Ikkje minst - kva kan vi gjera for å bryta ut av den onde sirkelen og få eit liv med meir ro, glede og overskot? Vonar du kan få nytte av denne episoda og bli inspirert til å ta nokre grep for ditt eige liv!P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka ut...
2022-09-12
56 min
Gjengevoll Pludrecast
98: Bondefest
Vi pustar ut etter ein fortreffeleg helg med mykje hygge og kjekke folk. Denne helga inviterte vi nemleg nye vener og bondekollegaer på fest på garden, noko som nok fortener å verta ein fast tradisjon. Vi snakkar litt om det å danna nye venskap i vaksen alder, viktigheita av sosialt samhald og korleis bønder ofte er ei gruppe som av ulike grunnar er ekstra utsett for einsemd. Vi har også klypt sauar (eller, fått ein saueklyppar på besøk som har gjort det for oss) og flytta grisar til nytt beite. Grisane skal til slakteriet om nokre dagar, og...
2022-09-05
38 min
Gjengevoll Pludrecast
97: Marknad og skule
Vi har produsert opp ein del produkt og byrjar å verta klare for hausten. Kjetil og Sigrid har vore på sesongens fyrste marknad. Mari har vore på fyrste samling på agronomlinja for vaksne. Dei neste to åra skal ho vera på ei samling i månaden på Stend jordbruksskule for å få "bondeutdanning". Vi pratar litt om kva ho har lært i helga og kva ho gler seg mest til.P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!Viss du har spø...
2022-08-29
40 min
Gjengevoll Pludrecast
96: Kva skal Mari bli når ho blir stor?
Vi er tilbake i kvardagen etter nokre veker med sommar og unntakstilstand. Mari har vore på orkesterseminar og fjelltur, og vi begge har vore på byferie i to heile dagar. Hausten nærmar seg, og vi pratar om tider som endrar seg og korleis hausten ofte bring med seg kjensla av nye byrjingar.Mari har i laupet av sommaren fått ei lita openbaring når det gjeld eigen jobb og interessar, og vi pratar ein del om balansen mellom å gjera det ein verkeleg elskar på den eine sida, og vera avhengig av ein fast jobb og inntekt...
2022-08-19
38 min
Gjengevoll Pludrecast
95: Traktorlaus gard
I dag snakkar vi logistikk! Kva er grunnen til at vi ikkje har traktor på garden? Korleis går det, kva saknar vi, og kva hadde vi måtta endra om vi skulle hatt ein traktor? Vi pratar også om fordelane og ulempene ved bruk av ATV og kvifor vi valte ein sekshjuling framfor ein firehjuling.Og så pratar vi om at hausten ikkje er så verst, og at Mari vil spela musikk.P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsn...
2022-08-09
33 min
Gjengevoll Pludrecast
94: Kor kan vi oppskalera?
I denne vekas episode snakkar vi litt om kva moglegheiter som finst for oppskalering av varer og tenester på garden. Vi snakkar om korleis gardskafeen har gått i sommar, og diskuterer ulike moglegheiter for aktiviteter og besøksverksemd for å få fleire bein å stå på økonomisk.P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram: @mangesyslerietEpost: hallo@g
2022-08-01
35 min
Gjengevoll Pludrecast
93: Tempus fugit
Vi tittar raskt innom denne veka for å snakka litt om grønsaker, sommaren, livet, tida som går og at vi alle skal døy, kanskje snarare enn vi trur. Ingenting utanom det vanlege, altså.P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram: @mangesyslerietEpost: hallo@gjengevoll.no
2022-07-25
19 min
Gjengevoll Pludrecast
92: Veslemøy
Vi er midt i juli, og sjølv om vêret ikkje gjev inntrykk av det, er sommaren godt i gang. Vi held på med sundagskaféar og jobbar på i hagen, som endeleg har byrja å kasta av seg dei fyrste grønsakene sjølv om det er tolva gradar og konstant regn. Elles sankar vi ville vekster, lagar stadig fleire produkt og rigger oss klare til ein travel haust med mykje sal og marknadsaktivitet.Mykje av denne episoda vert også via til Veslemøy - vårt nydelege og hjarteknusane vesle lam som haldt ut i det lengste...
2022-07-18
48 min
Gjengevoll Pludrecast
91: Dei gode tinga
I frykt for at vi har klaga litt mykje i podcasten dei siste vekene, prøver vi å kompensera litt i dag! For alt er heldigvis ikkje alt svart, tvert imot er det ganske mykje å setja pris på. Og godt er det ❤️P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram: @mangesyslerietEpost: hallo@gjengevoll.no
2022-07-04
25 min
Gjengevoll Pludrecast
90: Litt for mykje
Det er berre å konstatera at no er det mykje. Vi balanserer på grensa til overveldelse. Av nyhende kan vi sei at vi har fordobla tal bifolk og laga tre nye avleggjarar av dei etablerte kubene våre, og vi har sendt avgarde fyrste pulje med grisar til slakt. Vi har kjøpt nye høner for å supplera eggproduksjonen vår. Vi står på for bare livet for å få dei siste beda i hagen ferdig, og vi slåst med nebb og klør mot sniglar, regn, kulde og jordlopper for å halda vekstene i jorda levande. I tillegg har vi...
2022-06-20
38 min
Gjengevoll Pludrecast
89: Tung vår, lys sommar
Det har vore ein krevjande vår på fleire måter, som har gjort at vi verkeleg har kjent på tvilen om vi er skapt for å vera bønder. Mykje bekymringer for sjuke dyr, kaldt og vått vêr som har tatt knekken på fleire av plantene våre, manglande inntekter og fleire veker med sjukdom på toppen av det heile har satt oss på prøve.I denne episoda oppsummerer vi utfordringane vi har hatt den siste tida, men retter også blikket framover. Vi har ein spanande sommar i vente med mange planar - mellom anna skal vi h...
2022-06-13
1h 03
Gjengevoll Pludrecast
88: Samliv på gard
Å kjøpa gard i lag kan vera ein test for eitkvart forhold. Det er mykje arbeid, kanskje liten tid til kjærleiken og lett for at ein ikkje klarer å ha det så bra som ein føler ein "burde" når ein endeleg får leva ut småbruksdraumen. Dette pratar vi om i dagens episode. Korleis klarer vi å ta vare på kvarandre og oss sjølv? Kva er viktig for at vi skal ha det bra? Og kva har vore utfordringane saman så langt i bondelivet vårt? Vi gjev også ei oppdatering på kva som har skjedd på gar...
2022-05-23
1h 03
Gjengevoll Pludrecast
86: Våronn
Dette er ei av dei travlaste tidene på året for bønder, og det kjenst litt rart å jobba så mykje når resten av samfunnet nyter våren og feirer fridagane som april og mai har å by på. Men vi koser oss med lange dagar ute i finveret. Nesten alle lamma er fødd, og alt har gått bra hittil. Dei siste dagane har vi fått gjort framskritt i hagen, og no dei neste vekene kjem det til å skje mange synlege forandringar ute. Det ser vi fram til! Vi kommenterer også jordbrukets krav til årets jordbruksforhan...
2022-05-02
40 min
Gjengevoll Pludrecast
55: Gardsfellesskapen
Korleis har den sosiale fellesskapen på garden endra seg dei siste hundre åra? I gamle dagar budde ein i store familiar på gardane, og kanskje fleire familiar saman. Garden var ein arbeidsfellesskap og eit nav for det sosiale livet. I denne episoda av Gjengevoll Pludrecast reflekterer vi litt over om det eigentleg er berekraftig å driva gard på den måten flesteparten av norske bønder gjer i dag: ofte åleine og kanskje til og med ved sidan av ein annan jobb. Garden som sosialt nav er utrydningstruga, men handlar ikkje det å driva berekraftig og regenerativt også om å trivast som...
2021-08-23
45 min
Gjengevoll Pludrecast
49: Vatning, planter og sommarferie
No er det endeleg sommar på ekte! Det vil sei at fellesferien har inntatt landet og folk flest nyt late dagar. "Ferie" på Gjengevoll vert nok ikkje det folk flest forbinder med ferie, men vi nyt i alle fall sommaren og eit litt anna tempo enn vi vanlegvis har. Ved inngangen til juli ser vi lyset i enden av tunnellen for ein del av dei store oppgåvene vi har jobba med i fyrste halvår. Arealet som skal dyrkast i år er stort sett opparbeida, plantene er i jorda og vi kan byrja å ta fatt på andre ti...
2021-07-05
49 min
Gjengevoll Pludrecast
46: Rikskjendisar
Denne veka har vi vore med i to nyheitssaker, kor ei av dei var intet mindre enn nyhenda på sjølvaste rikskringkastaren. Stor stas med publisitet! Vi har og øvd oss på å klyppa sauar, og ikkje minst: No er drivhuset endeleg ferdig. Vi gler oss til å flytta ut alle tomatane.Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram: @mangesyslerietEpost: hallo@gjengevoll.no
2021-06-14
28 min
Gjengevoll Pludrecast
45: Hagen - og bier!
No går det raskt framover i marknadshagen, og vi fortel om alle endringane som har skjedd ute sidan sist, og alle plantane vi har fått i jorda. Vi pratar og om planane våre om å få bier og starta med birøkting. No har vi vore og handla alt utstyret vi treng, og om nokre få veker får vi våre fyrste bifolk!Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram: @ma...
2021-06-07
45 min
Gjengevoll Pludrecast
44: Næringsoppgåva, rekneskap og Fiken
Vi har levert vår fyrste næringsoppgåve! Mari fortel om korleis prosessen med utfylling av skjemaa har vore og kva som er spesielt for landbruksføretak. I det høve pratar vi også litt om korleis det er å bruka Fiken som rekneskapsprogram for landbruk, og kva ein bør vera obs på, for dykk som har lurt på det.Vi går også inn på ein større diskusjon om lønsemd i landbruket og spør: går det an å leva av eit småbruk? Vi har det trangt økonomisk for tida, og no har gardsbilen vår k...
2021-05-31
52 min
Gjengevoll Pludrecast
43: Hageframskritt
Vi er tilbake etter ei lita 17. mai-pause og oppdaterer på alt som har skjedd ute. Vi har fått masse hjelp frå gode dugnadsfolk og har tatt nokre sjumilssteg på hagefronten. No er dei fyrste vekstene i jorda og drivhuset på veg opp! Vi pratar også litt om mental helse, arbeidspress og opp- og nedturer som jordbrukarar.Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram: @mangesyslerietEpost: hallo@gjengevoll.no
2021-05-24
48 min
Gjengevoll Pludrecast
42: Jordbruksoppgjør og bondeopprør
Denne veka tek vi for oss alt du lurer på (eller ikkje veit at du lurer på) om jordbruksoppgjeret, både generelt og 2021 spesielt. Fest setebeltet for ei skikkeleg nerdete episode!Visst du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:Facebook: Gjengevoll MangesysleriInstagram: @mangesyslerietEpost: hallo@gjengevoll.no
2021-05-10
1h 01
Gjengevoll Pludrecast
41: Gjerdetrøbbel og hagearbeid
Vi gjev siste oppdatering på lammefronten: kor mange lam er komen? Korleis har lamminga gått? Vi pratar også om gjerdesituasjonen på garden, og korleis det å halda styr på dyr kan by på mang ein hovudpine. Særleg sauar med utforskartrang. Vi gler oss til No fence-en kjem i posten!Elles pratar vi om framskritta i hagen og kva som skjer ute for tida. Mykje arbeid vert gjort - mykje arbeid gjenstår. Følg med!Visst du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med os...
2021-05-03
39 min
Gjengevoll Pludrecast
40: Teknologioptimisme og effektivisering
Denne veka tek vi for oss eit stort tema, nemleg korleis teknologioptimisme og fokus på effektivisering kan stå i konflikt til eit berekraftig matsystem. Er vi bakvendte fordi vi tykkjer beitedyr først og fremst bør eta gras? Var alt betre før? Eller er framtida mest mogleg effektiv (inne)produksjon av både dyr og grønt? Kva mister vi i så fall på vegen? Og kva er eigentleg effektivt? Vi sveiper innom både kraftfôr, dyrevelferd, forskning, økosystem, effektivisering og spesialisering i denne smakebiten på eit stort tema.Elles oppdaterer vi på lammesitua...
2021-04-26
54 min