podcast
details
.com
Print
Share
Look for any podcast host, guest or anyone
Search
Showing episodes and shows of
Ole Morten Hobberstad Og Per Tore Salte
Shows
Eder & Galle
Ekte hat, surt tap – men me er Bryne
I kveldens episode av Eder & Galle tek podkastduoen for seg det smertelege tapet mot erkefienden Viking. Det var flotte rammer rundt kampen, og mange hadde gleda seg til eit ekte hatoppgjer i norsk fotball. Men gleda vart kortvarig – for kampen enda som eit sviande nederlag. Duoen legg kampen bak seg, men ser alt fram til moglegheita for hemn mot «driten» i oktober.Alle dei faste spaltene er sjølvsagt med. I Tippe-tipset vart det endeleg klingande mynt igjen, og inntektene går som alltid til Barnekreftforeningen – eit lyspunkt i ei elles tung veke. I Fantasy-spalta ser Hobberst at no må...
2025-07-28
1h 37
Eder & Galle
Hatet lever – og no smeller det!
I denne episoden av Eder & Galle har me mykje å ta tak i – men alt peikar mot det eine: hatoppgjeret mellom Bryne og Viking på ein fullsatt Bryne Stadion søndag kl. 14:30. Det blir krig på graset, og stemninga ligg allereie tjukt i lufta.Me startar med ein kjapp tur innom Nordens Paris, der Bryne gjekk på eit surt 3–1-tap. Me deler ut børs til samtlige spelarar. Deretter rullar me inn i dei faste, folkekjære spaltene våre: Fantasy , tippetips og snapchat spørsmål frå dykk lyttarar.Men så, KAMPEN alle snakkar om:Hobberst har...
2025-07-23
1h 27
Eder & Galle
Frå jubel på Jæren til vågal optimisme i nord
Denne veka gjenopplever Hobberst og Salte den sterke sigeren mot Vålerenga. Fleire spelarar får seg eit løft på børsen – nokre klatrar både eitt og to hakk etter innsatsen mot VIF.Salten har også med seg ei heilt ny spalte, podkasten har no teke steget inn på Snapchat. Kva som eigentleg skjer der, får du berre vita om du lyttar til episoden!Mot slutten av sendinga rettar begge blikket mot neste kamp i Tromsø. Salten Kjenner lukta av poeng, medan Hobberst kanskje lovar litt i overkant dersom Bryne skulle dra heim alle tr...
2025-07-15
1h 19
Eder & Galle
Frå krøll mot KFUM til krig mot kongeblå – og kva skjer med Moreira?
I dagens episode av Eder & Galle er det kampen mot KFUM som vert analysert av Hobberst og Salte. Kva kan Bryne ta med seg vidare? To spelarar har forlate Jæren – det vert kort nemnt før fokuset skiftar over til overgangsrykter. Kven er det som byr på Moreira? Kven ønskjer duoen seg inn dørene på Bryne stadion? Og har klubben faktisk sendt ut eit konkret bod på ein ny spelar?Det vert også ein runde med Fantasy-prat. Som vanleg kjem dei også med tippetips, slik at du kan gå helga i møte med både innsi...
2025-07-10
1h 15
Eder & Galle
Episoden der lyden spelar på bortebane
I dagens episode – som dessverre tek eit steg eller ti tilbake på det tekniske planet – tar Hobberst og Salten likevel fram dei store brillene for å snakke om HamKam-kampen. Dei går gjennom sjølve kampen, delar ut børs til spelarane, og ser nærare på kva som gjekk bra og mindre bra.Det blir også tid til litt tipping, ein runde med fantasy-prat, og ein kort kikk på den kommande kampen mot KFUM. Der trur duoen at Bryne kan møte tøffare motstand enn mange ventar.Tross tekniske utfordringar – ekte Bryne-prat, som alltid!
2025-06-30
38 min
Eder & Galle
Bryne i medvind og motvind – og litt Görlich i sidebrisen
I denne ferske episoden av Eder & Galle tek Hobberst og Salte føre seg 1–1-kampen borte mot Sarpsborg. Dei to går og grundig inn på det som har vorte ein snakkis i Bryne-krinsar: den noko spesielle situasjonen med Luis Görlich, som valde å kjøpa seg ut av kontrakten med klubben. Kvifor skjedde det, og korleis handterte Bryne det i media? Hobberst og Salte sparar ikkje på meiningane når dei diskuterer korleis saka vart kommunisert ut.Mot slutten rettar dei blikket framover mot den komande eliteseriekampen på Bryne Stadion, der HamKam kjem på vitjing. Dei kjem ikkje å...
2025-06-25
51 min
Eder & Galle
Eliteserien er tilbake – og det er brått meiningstvang igjen
Podkastferien er over, og duoen er tilbake – småbleike, middels opplagde, men klare for å meine ting igjen. Først blir det litt snakk om treningskampen mot FK Haugesund. Var det noko som såg bra ut? Kanskje. Var det noko som såg litt så som så ut? Definitivt.Deretter skal den heilage bunken med lytterspørsmål plukkast frå kvarandre. Ingenting er for smalt, for breitt eller for kranglete – alt skal få svar, anten det fortener det eller ei.Så blir det tipping! Det er klart for ny runde i Eliteserien, og podkast-duoen prøver å gjette seg...
2025-06-19
51 min
Eder & Galle
Bryne mot Sandefjord, børs, odds og trenarrykter!
Hobberst og Salte tek deg gjennom oppgjeret mot Sandefjord – med spelarvurderingar, analyse og prat om korleis Bryne leverte.Dei sjekkar om det var pengar å hente på oddsen denne runden, og fantasy-laget får seg ein grundig gjennomgang – kven leverte, og kven svikta?I tillegg snakkar dei om rykta som går: Er hovudtrenar Kevin Knappen på veg bort? HamKam skal visstnok ha han på blokka – bør Bryne-fansen uroa seg?
2025-06-06
42 min
Eder & Galle
Siger, håp og marknadssjef i studio
I vekas episode av Eder & Galle går Hobberst og Salte gjennom den sterke innsatsen mot FFK, der Bryne tok med seg tre nye poeng. Optimismen spreier seg i studio – faktisk så mykje at dei byrjar å tru på nye tre poeng heime mot Sandefjord til helga.Denne gongen har dei og fått med seg marknadssjef i Bryne FK, Bjørn Hagerup Røken, som svarar på misnøya rundt kampopplevingane på stadion så langt denne sesongen. Han fortel kva klubben jobbar med for å betre arrangementa, og tek opp korleis bestemannspremiane har gitt Bryne mykje positiv merksemd i media.
2025-05-29
1h 37
Eder & Galle
Poeng i Drammen, cupen glapp, kritikken traff – og Fredrikstad lurer i horisonten
I vekas episode av Eder & Galle tek Hobberst og Salte oss med tilbake til 16. mai i Drammen, der Bryne drog på bortekamp mot Strømsgodset. Med låge forventningar i bagasjen lurte duoen på om det i det heile tatt var mogleg å få med seg poeng heim. Men Bryne svara med innsats og effektivitet – og jammen vart det ein lukkeleg tur tilbake i taxi mot Gardermoen. Riktignok ikkje utan ei viss uro og særs variabel humor under transporten.Deretter går turen vidare til cupkampen mot KFUM. Gleda var stor då trekninga vart kjend – men dessverre enda det heil...
2025-05-21
1h 00
Eder & Galle
Nederlag, gevinst og tur til Drammen
I denne ferske episoden av Eder & Galle snakkar Hobberst og Salte om nederlaget mot Molde. Trass i skuffelsen meiner dei at Molde er eit betre lag enn tabellplasseringa tilseier – det synte dei tydeleg på bana. Likevel er det eit surt tap for gutane, som hadde håpa på meir mot laget frå rosenes by.Men det finst lyspunkt: Tippinga har endeleg gjeve avkastning! Denne veka har dei treft blink, og premien – som alltid – går rett inn på kontoen som skal donerast til Barnekreftforeininga. Snart ventar også ein tur for duoen. Fredag 16. mai – sjølvaste fotballens festda...
2025-05-15
1h 28
Eder & Galle
Cupnerver, klokkeklar scoring og neste stopp: Molde!
I denne episoden tek me dykk med til den dramatiske cupkampen der Bryne sikra seg vidare avansement med eit mål heilt på tampen – berre to minutt før det ville blitt straffesparkkonkurranse. Med høg puls og lågt blodtrykk går me gjennom den intense avslutninga, der Bryne verkeleg viste cupform og kjempa seg vidare. Vidare tek me for oss lytterspørsmål. Til slutt rettar me blikket mot neste kamp: Molde på heimebane. Korleis skal Bryne angripe dette? Kva må til for å få med seg poeng?
2025-05-09
55 min
Eder & Galle
Gutar mot menn på Lerkendal
Det vart brutalt då Bryne tok turen til Lerkendal – ein kamp der Rosenborg viste kvar skapet skal stå. Det vart gutar mot menn, og det prega både resultatet.Vi går gjennom spelarane ein etter ein og en vi ser òg framover, for det kjem ein ny kamp: Cupkamp mot Brann på onsdag. Ein moglegheit til å slå tilbake, vise karakter og kanskje overraske. Vi diskuterer kva som må til for å tukte eit Brann-lag i form, og kven som bør få tillit i det som kan bli ein cupklassikar.
2025-05-05
46 min
Eder & Galle
Brannslukkinga gjekk skeis
I denne episoden av Eder & Galle tek Hobberst og Salten oss med på tur til Bergen – byen mellom dei sju fjella – der Bryne tok ein tidleg 2–0-leiing mot Brann. Alt såg lovande ut, men historia har ein tendens til å gjenta seg, og som før: det heldt ikkje. På overtid rakna det, og Brann stakk av med alle poenga. Det vart ein tung heimtur for duoen som allereie i forkant hadde åtvara seg sjølve – Bryne og 2–0 i Bergen er sjeldan ein trygg kombinasjon.Oddstipsa til gutane får som vanleg stempelet skot i blinde, og så langt i sesonge...
2025-04-30
56 min
Eder & Galle
Frå Torvastad til Bergen – og eit lam på vegen!
I den nyaste episoden av podkasten Eder & Galle diskuterer Hobberst og Salte Bryne sin 3–1-siger over FK Haugesund. Dei går gjennom kampen, kven som utmerka seg, og korleis Bryne klarte å sikre seg tre viktige poeng.Ein del av praten går òg til dette mykje omtalte lammet som vart gitt som premie til banens beste – eit stunt som har skapt både latter og diskusjon i fotballmiljøet. Gutane kommenterer responsen og deler sine eigne tankar om kva som er greitt og kva som kanskje går litt langt.Vidare tek dei for seg cupkampen m...
2025-04-25
1h 04
Eder & Galle
Cup, Eliteserie og 2003: Kvar står klubben no?
Spørsmålsbonanza! I tillegg: 🥔 Me ser tilbake på cupkampen mot Varhaug – blei det cupfest eller meir slit enn magi? 🏟️ Det kjem mange spørsmål om stadion, og me tek ein grundig prat om tribunene og kva som må på plass for å halda nivået oppe på stadion på kampdag. ⚽ 2. påskedag er det klart for kamp igjen – me ser fram mot heimeoppgjeret mot FK Haugesund i Eliteserien. 📅 Me samanliknar klubben i dag med 2003, sist me var i det gode selskap – kva har endra seg, og er me betre rusta no?
2025-04-16
1h 13
Eder & Galle
Tapet på Nordmøre, Varhaug og Skrettingpølser i cupen
I denne episoden av Eder & Galle får alle Bryne-spelarane poeng etter 2-1-tapet på Nordmrøe. Hobberst og Salte diskuterer også om Bryne er heldige som ikkje har tapt meir mot Kristiansund. Når det gjeld straffesituasjonen på slutten, er dei sa,de om hendinga. Begge meiner det er eit klart straffespark.Så vender gutane blikket mot den kommande NM-runden mot Varhaug. Det er ein viss optimisme i lufta, men også ein god dose humor. Hobberst er tidleg ute med å spørje om dei har fått tak i Skrettingpølsene som tradisjonen tilseier og Salte er ikkje sein...
2025-04-11
55 min
Eder & Galle
Er Bryne betre enn Olympiakos?
I denne episoden av Eder & Galle tar Hobberst og Salte eit dypdykk i Bryne si serieopning mot Bodø/Glimt. Dei diskuterer kampens høgdepunkt, kva som fungerte bra, og kva som kan bli betre.Vidare går dei gjennom lyttarspørsmåla som har komme inn. Det blir tid til å snakke om fantasy-laga deira og korleis dei har prestert så langt, samtidig som dei reflekterer over korleis det står til i fantasy-ligaen-I tillegg får vi ei oppdatering på korleis tippinga deira har gått.Avslutningsvis ser dei fram mot Bryne si neste ka...
2025-04-04
1h 11
Eder & Galle
Eliteserien 2025, nye spaltar og Fantasy-satsing!
I denne episoden av Eder & Galle tippar Hobberst og Salte Eliteserien 2025.Episoden startar med Bryne, der ein spelar er på veg ut, medan ein annan er på veg inn. Nye spaltar skal presenterast, og Oddsen er ein ny spalte i samarbeid med ein sponsor, der all gevinst vil gå til Barnekreftforeningen.Som ein ekstra godbit har vi også ein ny spalte med Eliteserien Fantasy. Gutane presenterar laga sine og kjem til å halde lytterne oppdaterte med resultat og kven som toppar tabellen i Eder & Galle-ligaen.
2025-03-27
1h 11
Eder & Galle
Fullt hus
I denne episoden av Eder & Galle får Hobberst og Salte besøk av Sondre Norheim, Axel Kryger og Kevin Knappen. Samtalen dreier seg mykje om den kommande sesongen i Eliteserien, og dei diskuterer alt frå forventningar til utfordringar. Kevin er med på å gå gjennom treningskampane, og gir innsikt i korleis laget har forberedt seg før seriestarten. Axel deler også sine tankar om den dramatiske kampen mot EIK frå i fjor, og minnene frå den kampen blir eit sentralt tema. Det er mykje god fotballprat, og både innsikt og spekulasjonar om kva vi kan vente oss framover.
2025-03-21
1h 49
Eder & Galle
Er Bryne og Bryne Stadion klar for Eliteserien?
Hobberst og Salte har fått tema frå folk der ute. Dei diskuterer nye spelarar, går i gjennom dei siste treningskampane og tek siste nytt om Stadion. Mange der ute reagerer litt på løysingane som blir gjord, for å få innsikt i dette har me med oss dagleg leiar Hans-Øyvind Sagen for å belysa synet til klubben, som gutane nødvendigvis ikkje er samde i.
2025-03-07
1h 18
Eder & Galle
Treningskampar og nye tribuner
I denne episoden av Eder & Galle tek Hobberst og Salte ein gjennomgang av Bryne sine treningskampar mot Sandnes Ulf, Åsane og HamKam. Det er også ny prøvespeler innom hos klubben, han har eitt fantastisk etternamn som Hobberst lovar å synleggjera om det viser seg å vera ein habil fotballspelar.Hobberst har teke seg tid til å besøke Bryne Stadion, og han deler sine inntrykk av den nye sittetribunen, Felt F. Han gir sin dom over den nye tribunen.
2025-02-21
34 min
Eder & Galle
Nicklas Strunck Jakobsen
I denne episoden av Eder & Galle er Hobberst og Salte tilbake og dei er klare til å oppsummere dei siste treningskampane til Bryne. Dei deler sine inntrykk frå kampane og diskuterer kva dei har sett av laget, både på den positive og negative sida. Det blir og snakka om spelarane som har kome inn, med fokus på dei nyaste overgangane.Ein spennande del av episoden er intervjuet med danske Nicklas Strunck Jakobsen, som nylig har blitt ein del av Bryne. Han er med som gjest og deler sine første inntrykk av laget og kva han håper å o...
2025-02-07
50 min
Eder & Galle
Sondre Norheim
I årets første episode av Eder & Galle er vertane Hobberst og Salte endeleg tilbake, og denne gongen har dei med seg den solide midtstopparen Sondre Norheim. Dei tek ein grundig prat om det fantastiske opprykket til Eliteserien, og ser med spenning fram mot den komande sesongen i 2025. I tillegg får Sondre svara på fleire interessante og engasjerande lytterspørsmål som har kome inn. Episoden inneheld også litt fersk informasjon om det siste som skjer rundt klubben.
2025-01-24
58 min
Eder & Galle
Nei til VAR, ja til Bryne!
I den ferskaste episoden av Eder & Galle er det mykje spennande på agendaen! Først og fremst, vi jublar for at medlemmene våre stemte mot VAR i norsk fotball! Eit stort steg for fotballen, seier vi!Men vi stopper ikkje der. Vi går også gjennom overgangane og signeringane i vintervindauget. Kanskje nokon rykter også er på sin plass?Og så, ein stor gratulasjon til Bryne FK! Dei har nett blitt kåra til årets OBOS-klubb, og det er verkeleg ei velfortent utmerking for laget som har hatt ein fantastisk sesong. Det er kjekt å sjå at små...
2024-12-22
51 min
Eder & Galle
Sødal om karrieren og Hobbersts stolte øyeblikk
I denne episoden av Eder & Galle får lytterne ein rask gjennomgang av kvalifiseringskampen mellom Moss og FK Haugesund, der resultatet enda med at FKH skal spele vidare i Eliteserien 2025. Etter å ha oppsummert denne spennande kampen, kjem Lars Erik Sødal, Bryne-spelaren, på besøk til podkasten. Sødal deler sine erfaringar frå tida i Bryne og fortel om sine opphald i V*k*ng, Sandnes Ulf og EIK, og gir lytterne eit innblikk i si karriere og dei ulike stadiane han har vore igjennom.I tillegg til desse innslaga, kjem Per Tore innom eit tema som fekk st...
2024-12-11
59 min
Eder & Galle
Kvalikkampene og slakting av Bryne-styret
I dag startar me med å diskutere kvalikkampen mellom Jerv og Mjøndalen, som vart eit avgjerande oppgjer for å sikre plassen i OBOS-ligaen.Deretter får me besøk av Christian Thuessen frå Moss-leiren, som kjem inn for å bidra med innsikt og spådommar om den spennande kampen mellom Moss og FKH. Dette er eit oppgjer som avgjer kven som får den siste plassen i Eliteserien 2025.Til slutt i denne episoden kjem nyheita om at styret i Bryne har anbefalt klubben å jobbe for VAR. Dette set verkeleg kok i oss, og vi har sterke meiningar om VAR i n...
2024-12-05
54 min
Eder & Galle
Kvalikkampane og poengfest: Me gir Bryne-spelarane karakter
I denne episoden av Eder & Galle tek gutane for seg kvalikkampane. I tillegg blir det det årlige ritualet der Bryne-spelarane får poeng for sine prestasjonar. Kven har verkeleg utmerkt seg? Alt dette vert diskutert med godt humør, skråblikk og skarpe kommentarar, slik berre Eder og Galle kan levere.
2024-11-25
1h 26
Eder & Galle
Bryne, Kongsvinger og spelarforhandlingar
I den nyaste episoden av Eder & Galle tek vi eit dykk i Bryne FK si pågåande spelarforhandlingar og kva som ventar for klubben i framtida. I episoden diskuterer vi sjølvsagt dei ferskaste kontraktsforlengingane med Igor Spiridonov og Jens Husebø. Det er også spennande å snakke om når det gjeld spelarane som står utan kontrakt etter denne sesongen. Kven blir verande, og kven ser vi ikkje i klubben neste sesong? Vi prøver å gjere våre beste spådommar og gjer oss opp ei meining om kva som vil skje med dei på utgåande kontraktar.I tillegg...
2024-11-22
1h 22
Eder & Galle
Dramatisk avslutning og gjesten som dukka opp
Det vart ei dramatisk avslutning på OBOS-ligaen særleg i botnen av tabellen. Me samanfattar siste serierunde og ser litt på kvalikkampane som skal spelast om både opprykk til OBOS og Eliteserien. I tillegg til alt dette kjem gjesten som ikkje dukke opp sist episode, Hans-Øyvind Sagen er klar og fortel meir om kva han har gjort sidan han kom til Bryne som dagleg leiar og kva planane er rundt stadion og økonomi no som opprykket på Jæren er i boks.
2024-11-13
1h 38
Eder & Galle
Bryne-opprykk og gjesten som ikkje dukka opp
Hobberst og Salte samanfattar OBOS-runden og ser på utsiktene til siste serierunde som er no til helga. Bryne har rykt opp, til den store gleda for gutane og i samband med dette inviterte gutane dagleg leiar i Bryne FK Hans Øyvind Sagen til podkasten, han sa ja men dukka aldri opp.
2024-11-07
55 min
Eder & Galle
Framtida til Bryne og Sogndal: Ein episode om håp og kampen for overleving
I denne episoden av Eder & Galle tar Hobberstad og Salte for seg den siste OBOS-runden. Dei går gjennom kampane, og det er spesielt Sogndal som står i fokus. Laget sliter alvorleg for tida, og guttene sender tankar og støtte til dei som jobbar for å snu skuten.Samtidig er det eit spennande tema som ligg i lufta: Bryne kan vere på veg tilbake til Eliteserien! Det er heile 21 år sidan dei var der sist, og både Hobberstad og Salte hugsar godt kor mykje det betydde for dei som unge. Bryne-fansen har grunn til å håpe, og gu...
2024-10-30
1h 40
Eder & Galle
Lyns imponerande reise og oppsummering av OBOS-runden
I denne episoden av Eder & Galle tar vi ein dypdykk inn i Lyn sin imponerande reise frå nivå 4 til nivå 2 på rekordtid. Vi har med oss ein gjest frå Lyn-podkasten Vestkantribunalet, som gir oss innsikt i kva som har drivi denne oppgangen og kva spelarar og strategiar som har vore avgjerande.Vi oppsummerer også den førebuande OBOS-runden, der vi ser nærare på nøkkelkampane og dei viktigaste resultata. Blikket rettes mot den komande runden, der vi diskuterer moglegheiter og utfordringar for laga i ligaen.Ein annan viktig del av episoden handlar om Sandnes Ulf...
2024-10-25
1h 35
Eder & Galle
Topplag og bunnlag i skjebnesvangre oppgjør
I denne episoden av Eder & Galle er Hobberst og Salte endelig tilbake i studio etter haustferien. Dei går grundig gjennom den siste runden av OBOS-ligaen og ser fram mot den komande runden. Med berre fire kampar igjen av sesongen, er det spenning både i toppen og botnen av tabellen.Programleiarane tek seg tid til å fokusere ekstra på sitt kjære Bryne. Vil det bli fest på Jæren til slutt? Dei diskuterer mulige scenario og kva som skal til for at Bryne kan oppnå opprykk. Dei deler også sine tanker om kva som ligg foran oss i den...
2024-10-18
1h 05
Eder & Galle
Start, Bryne og OBOS-ligaens drama i fokus
I denne episoden av Eder & Galle får Hobberstad og Salte besøk av Tom Iversen frå Start en pod. Samtalen dreier seg om klubben Start, spesielt i moderne tid, der det ikkje manglar på drama. Dei diskuterer klubbens reise gjennom både oppturar og nedturar, frå skandalar til håp og tru på betre tider, berre for å oppleve nye skandalar. Episoden gir eit grundig bilete av dei ulike utfordringane Start har stått overfor, både sportsleg og utanfor bana.Dei kjem også innom den kommande kampen mellom Start og Bryne, som skal spelast på laurdag, og kva dei tr...
2024-10-04
1h 39
Eder & Galle
Start, Bryne og Obos-ligaens drama i fokus
I denne episoden av Eder & Galle får Hobberstad og Salte besøk av Tom Iversen frå Start en pod. Samtalen dreier seg om klubben Start, spesielt i moderne tid, der det ikkje manglar på drama. Dei diskuterer klubbens reise gjennom både oppturar og nedturar, frå skandalar til håp og tru på betre tider, berre for å oppleve nye skandalar. Episoden gir eit grundig bilete av dei ulike utfordringane Start har stått overfor, både sportsleg og utanfor bana.Dei kjem også innom den kommande kampen mellom Start og Bryne, som skal spelast på laurdag, og kva dei tr...
2024-10-04
1h 17
Eder & Galle
Bryne luktar eliteserien, og pølse i vaffel vs farse i to brød
I denne episoden av Eder & Galle oppsummerer Hobberstad og Salte den siste serierunden med sine skarpe kommentarar og humoristiske betraktningar. Aalesund fekk det beinhardt i hovudstaden – vart dei straffa for hardt? Dei diskuterer òg om Bjørn Helge Riise verkeleg er den rette mannen på Nadderud , og om Sogndal bør frykte nedrykksspøkelset.På Bryne luktar det eliteserien, medan Azar Karadas ser ut til å ha fått sving på sakene i Start. Samstundes jublar Kongsvinger etter endeleg å ha vunne igjen.Vertane deler også sine pølse i vaffel-opplevingar frå tribunen, men er klare på at denne snackse...
2024-09-27
1h 04
Eder & Galle
Håp, tru og kaos. Me elskar OBOS-ligaen
Denne veka kjem Eder & Galle med to episodar, ein på måndag og ein på den vanlege dagen vår, torsdag. Runden kjem tett, og vi er klare til å halde tritt!I måndagens episode dykkar vi inn i hendingane frå helga. Aalesund tok med seg motorsaga til Kongsvinger og laga kaos, Start klamrar seg til håpet om overleving, og Raufoss er verkeleg i fyr og flamme med forma si.Vi oppsummerer heile runden, tek for oss den spennande toppkampen på Jæren, og sjølvsagt ser vi fram mot den komande runda. Dette blir ei inn...
2024-09-23
44 min
Eder & Galle
Trenarskifte, opprykksdrama og ekspertanalyse med Joacim Jonsson og Kevin Knappen!
I denne episoden av Eder & Galle blir det eit skikkeleg dypdykk i OBOS-ligaen, der det no skjer mykje i innspurten av sesongen. Me tek ein prat om Sogndal, EIK og Ranheim, som alle må skifte trenar før neste sesong startar – eit teikn på at klubbar gjerne vil ta nye steg.Det er også kamp om den andre opprykksplassen, der Bryne og Moss ligg tett i tett og gir alt. Spenninga stig, og ingen kan ta noko for gitt! I botnen er det nesten umogleg å spå kven som kjem til å klare seg (utanom Sandnes Ulf) – det er tett mellom...
2024-09-20
1h 49
Eder & Galle
Poengkalkylar for topp 6 og Mjøndalens skjebne – med gjest frå Høyt press
I denne vekas episode tek Hobberstad og Salte for seg dei gjenværande kampane for topp 6-laga i OBOS-ligaen, og reknar ut kor mange poeng kvart lag vil ende opp med når sesongen er over. I tillegg får dei besøk av Ole Petter Letmolie frå Mjøndalen-podkasten Høyt press. Han deler sine tankar om Mjøndalens sjansar for overleving i OBOS-ligaen, og diskuterer kva som må til for å sikre plassen når sesongen nærmar seg slutten.Til slutt er "Vekas langskot" tilbake, der gutane gir sine mest vågale tips for helgas kam...
2024-09-13
1h 07
Eder & Galle
Brynes formtopp, Sandnes Ulfs fall og Kongsvingers villfaring – OBOS-ligaen oppsummert
I denne episoden av Eder & Galle byrjar me med å snakke om Bryne, som er i eventyrleg form og ser ut til å få alt til å klaffe. Er det nokon som kan stoppe dei? På andre sida står Sandnes Ulf, som verkeleg slit i motbakkane – er det i det heile tatt håp for dei? Start held fram som ein jojo-klubb, stadig opp og ned, medan Kongsvinger framleis virrar rundt i dei djupe skogane utan å finne vegen ut.Me tek oss også tid til å gå gjennom lytterspørsmål som har kome inn via sosiale medier. Som alltid runda...
2024-09-06
1h 33
Eder & Galle
Oslo-derbydrama, Bryne-seier på overtid og utfordringar for Start!
I denne episoden av podkasten Eder & Galle med Hobberst og Salte, blir det ein grundig oppsummering av den siste runda i OBOS-ligaen. Her får vi høyre om det intense Oslo-derbyet som verkeleg tok fyr, med høg temperatur og mykje dramatikk på bana. Vidare får vi innblikk i Brynes imponerande seier, der dei sikra tre poeng på overtid mot Kjetil Rekdals Aalesund, noko som skapte stor glede hos Bryne-supporterane.Men det er ikkje berre glade dagar i OBOS-ligaen. På Sør Arena går IK Start tøffe og usikre tider i møte, noko Hobber...
2024-08-30
1h 38
Eder & Galle
Hovudstadsoppgjer, OBOS-drama og VAR-debatt.
I denne episoden av Eder & galle tek vi ein nærare kikk på den spennande runden i OBOS-ligaen. Ventinga er stor før det etterlengta hovudstadsoppgjeret mellom Vålerenga og Lyn på laurdag. Vi ser òg tilbake på den førre runden, der både Moss og Stabæk melder seg på i kampen om opprykk, medan Mjøndalen, Start og Åsane sikrar seg livsviktige poeng i botnstriden.Diskusjonen går heftig om VAR har sin plass i norsk fotball – skal vi ha VAR, eller la det vere? Til slutt blir det prat om Bryne og deira posisjo...
2024-08-23
1h 11
Eder & Galle
Konstant drama i OBOS
I denne episoden av Eder & Galle diskuterer vertane den siste utviklinga i OBOS-ligaen, der Moss verkeleg slit, medan Bryne er i storform. Det kokar i toppen av tabellen med intense kampar om opprykk, samstundes som det brenn i botnen, der fleire lag desperat kjempar for å unngå nedrykk. Hobberstad & Salte diskuterer også dei konkrete planane for Bryne stadion, som skal gjennomførast uavhengig av om klubben rykker opp eller ikkje.
2024-08-16
1h 09
Eder & Galle
Drøs og poengrekning
Me startar i Egersund, der ting ikkje går som planlagt på Husabø – kva er det som manglar for å lukkast? Vidare hoppar vi på Vålerenga-toget som berre rullar vidare, og diskuterer kva som ligg bak den imponerande forma.Per Tore får velfortent heider etter å ha spådd rett om at ein OBOS-ligatrenar ville miste jobben. Me analyserer korleis lynet bokstaveleg talt slo ned i Bob Bradleys menn på Bislett, og kva dette betyr for laget framover.Til slutt snakkar vi om vår store høgdepunkt denne veka – turen til Bergen! Vi gler oss til å sjå op...
2024-08-09
58 min
Eder & Galle
Fotballrunden i OBOS-ligaen
I denne vekas episode av podkasten Edar & Galle, kan lyttarane gle seg til ei grundig gjennomgang av den siste tida i OBOS-ligaen. Hobberstad og Salte tar for seg dei mest spennande hendingane og analyserer kampane som har prega den siste runden. Ein av dei mest spennande kampane denne veka var Bryne mot Sandnes Ulf. Podkastvertane går gjennom hendingane både på og utanfor banen, og gir lyttarane innsikt i dei viktige augneblinkane frå kampen.
2024-08-02
1h 34
Eder & Galle
- Det har vorte ei fin rivalisering mellom Bryne og Sandnes Ulf
I dag har me med oss dagleg leiar i Sandnes Ulf, Øystein Elvestad. Det er utfordrande tider i sykkelbyen og Øystein står i ein krevjande jobb både med tanke på drift og Sandnes Ulf sportslege situasjon. Det blir òg masse prat om kampen mellom Bryne og Sandnes Ul i morgon i tillegg får du sjølvsagde vekas langskot og vekas Eder og Galle.
2024-07-26
1h 24
Eder & Galle
Debut og Driblevekk
Vi ønskjer alle velkomne til den første episoden av Eder og Galle. Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte har besøk av gutane frå podkasten Driblevekk, det blir mykje OBOS-prat så her er det berre å spele av. Hobberstad og Per Tore avsluttar med mykje godt Bryne-stoff.
2024-07-18
1h 38