podcast
details
.com
Print
Share
Look for any podcast host, guest or anyone
Search
Showing episodes and shows of
Statsforvaltaren I Møre Og Romsdal
Shows
For folk og natur
Elvekanten gir liv og skydd
Langs alle vassdrag vil det naturleg vekse eit belte av kantvegetasjon. Denne kantsona er viktig for livet både langs og i elva. Den reduserer også erosjon og avrenning av næringsstoff til vassdraget. Høyr podkast om elvekantsona! Elvekantane spelar ei sentral rolle i naturen. Her finn vi insekt, dyr, fuglar og plantar i stort mangfald. Kantvegetasjonen fungerer som grønkorridor for rekreasjon, og gir deg flotte opplevingar på turen langs elva eller bekken. Det er derfor fleire lovverk som vernar om kantsonene. Vi har ikkje lov til å fjerne tre og buskar eller gr...
2025-03-12
17 min
For folk og natur
Verjemål
Om du ikkje kan ta hand om eigne interesser, kan du få hjelp av ei verje. Årsakene til at du treng verjemål kan vere mange og ulike, for eksempel skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting. Høyr podkast om verjemål! Frivilligheit står sentralt i verjemålsordninga. Det som før var overformynderi, er blitt ei ordning med meir sjølvråderett. Ei føresetnad for å opprette verjemål er at du gjev ditt samtykke. Når Statsforvaltaren mottek ein søknad om verjemål, tek vi ein samtale med deg. Nokre gonger kan det vere vanskeleg å...
2024-12-18
12 min
For folk og natur
Barnets beste
Statsforvaltaren skal passe på at både barn og vaksne kjenner til barnerettane og Barnekonvensjonen. Når vaksne skal bestemme noko som har med barn å gjere, skal dei tenke på kva som er best for barna. Dei skal spørje barn, eller gi moglegheit for at barn får seie noko om saka. Vi ser at barn og unge si stemme ikkje blir tydeleg nok når vaksne diskuterer og bestemmer i viktige saker som handlar om barn. Les også vår kronikk om temaet: Vaksne skal gjere det som er best for barn! | Sta...
2024-06-25
14 min
For folk og natur
Ta våtmarka tilbake!
Noreg er eit av landa i Europa med størst variasjon av våtmarker. Våtmarkene er viktige både for biologisk mangfald, karbonlagring og klimatilpassing. Likevel er våtmarkene nokre av dei mest trua naturtypane vi har. Ofte er det fordi vi menneske vil bruke dem til noko – og derfor øydelegg vi dei. For eksempel drenerer vi myr. Men – det går an å restaurere våtmark – og få den til å bli frisk att. Det vil FN og Miljødirektoratet at vi skal gjere. Dei har dette som særleg satsing dette tiåret. Direktoratet finansierer restaure...
2023-06-22
16 min
For folk og natur
Den fantastiske skogen
Tømmeret vi tar ut fra skogen gir inntekter og sysselsetter. Samtidig skal vi ta vare på naturen og det yrande livet i skogen. Skogen gir oss oksygen og lagrar karbon. Statsforvalteren i Møre og Romsdal har i oppdrag å forvalte skogen. Veit du kvifor vi er mest opptatt av å hente ut grantømmer frå skogane i Møre og Romsdal? Og at vi faktisk har regnskog i fylket som bør få stå heilt i fred? Drift og vern av skog er det vi snakker om i denne utgaven av «For folk og natur». Med i p...
2023-05-09
26 min
For folk og natur
Sei ifrå når du ikkje har det bra på skolen!
Skolen pliktar å sørge for at elevar har det trygt og godt på skolen. Dei skal følgje med, gripe inn om det er nødvendig, varsle det dei ser, undersøke sakene og sette inn tiltak. Om skolen ikkje gjer nok, kan eleven eller foresette klage saka inn til Statsforvaltaren. Då tar det få dagar før rektor og foreldre får ein telefon. Om du som lytter er i ein situasjon der skolen ikkje har gjort nok i ein skolemiljøsak, kan du ta kontakt med oss hos Statsforvaltaren. Bruk gjerne skjemaet som du finn på v...
2023-03-07
22 min
For folk og natur
Demens - ei stille krise i samfunnet
Demenssykdom rammer mange i Norge. Flere kaller situasjonen som en stille krise i samfunnet, og regjeringen skriver på sine nettsider at demens er en av de største globale utfordringene verden står overfor. I denne podkasten snakker vi om demens – og ser at det faktisk er relativt enkle grep du og jeg kan ta, for å forebygge sykdommen.
2022-12-22
33 min
For folk og natur
Tredrivaren
Trebygg har mange fordelar. Tre er både fornybart, miljøvenleg og framtidsretta. Dessutan er det godt for menneske å vere i trebygg. Derfor jobber Statsforvaltaren for auka bruk av tre som bygningsmateriale. I denne podkasten får du høyre korleis vi hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal arbeider med dette oppdraget som vi har fått frå Landbruks- og matdepartementet. Som byggemateriale gir tre låge klimautslepp og har eit stort bruksområde. I podkasten møter du fylkesskogmeister og tredrivar Christina Qvam Heggertveit. Du får høyre korleis ho jobber med kommun...
2022-11-21
19 min
For folk og natur
Nytt klima gir nye utfordringar
Klimaet endrar seg. Og med klimaet blir også vêret endra. I Møre og Romsdal vil vi sjå meir kraftig nedbør og auka problem med overvatn. Vi vil sjå at havnivået stig, stormflo og større og fleire flaumar. Vi vil også få fleire skred av jord og stein. I denne podkasten får du høyre kordan vi hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal arbeider saman med andre regionale aktørar for å tilpasse oss klimaendringene som vi allerede ser, og som vi veit vil bli sterkare.
2022-10-19
10 min
For folk og natur
Hagerømlingar
Framande, skadelege plantearter tar over og "spis opp" anna vegetasjon i Noreg. Dei vert einaste planta som står igjen i området. Slik øydelegg dei naturmangfaldet. Mange av desse plantane er rømlingar frå hagane våre. Derfor blir dei ofte kalla "hagerømlingar". Berre i fellesskap kan vi fjerne dei frå naturen. Du kan hjelpe du også!
2022-06-24
12 min
For folk og natur
Jordvern - for å kunne dyrke vår eigen mat
Å ta vare på matjorda er viktig. Jordvern handlar om å sikre både oss og etterkommerane våre moglegheiten til å dyrke eigen mat på eigen jord. Det å ta vare på matjorda i regionen er eit viktig arbeidsområde for Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Det gjør vi blant anna ved å sikre at kommunane følgjer lovverket: At dei tar vare på matjorda når dei bygg og utviklar sine område.
2022-06-10
12 min
For folk og natur
Framtidsfullmakt
Har du hørt om framtidsfullmakt? Det er enkelt å lage og lurt å ha. I Norge blir alle vi som er over 18 år anbefalt å skrive ei framtidsfullmakt. I framtidsfullmakta skal vi skrive ned interesser som er viktige for oss, og som vi ønsker skal bli tatt vare på dersom noko skulle skje med oss. Sjukdom eller ulykker kan gjere at vi plutseleg ikkje lenger klarer å ta vare på interessene våre sjølv. I framtidsfullmakta skal vi også skrive namnet på den som vi ønsker skal ta vare på interessene våre. I denne podkasten av For...
2022-05-04
14 min
For folk og natur
Leve heile livet i Møre og Romsdal
Korleis skapar vi eit aldersvennleg Møre og Romsdal? I denne episoden av "For folk og natur" snakkar vi om reforma "Leve heile livet" som skal bidra til at eldre kan meistre livet lengre. Dei skal vere trygge på at dei får god hjelp når dei har behov for det. Vi får høyre om 300-metersbyen i Ulstein og om samtalar med 75-åringar i Molde.
2022-04-07
19 min
For folk og natur
Vårt møte med krigen i Ukraina
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tar opp aktuelle tema i møte med krigen i Ukraina. Vi snakkar om tryggleik og beredskap, landbruk og matsikkerheit. Og så stiller vi spørsmåla: Korleis tar vi imot flyktingar og flyktningbarn i Norge? Og korleis snakkar vi med våre eigne barn om krigen?
2022-03-18
16 min
For folk og natur
Ope hus hos Statsforvaltaren
Veit du kva Statsforvaltaren arbeider med? Det er et STORT mangfald av saker. Stikkord er til dømes: Trygt og godt skolemiljø, verjemål, naturmangfald, produksjon av norsk mat, krisehandtering – og så veldig mykje meir! Bli betre kjend med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Embetsleiinga, ved assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste, og statsforvaltar Else-May Norderhus inviterer til ope hus!
2022-02-17
21 min
For folk og natur
Klimasnu – ei nødvendig omstilling
I Møre og Romsdal står vi midt i eit Klimasnu. Kva meiner vi med det? Kva for grep kan kommunane ta for å få ned klimagassutslepp? Kva er samanhengen mellom gründerverksemd og klimaomstilling? Kvifor skal vi ta spesielt vare på jord, myr og skog? Og kan kommunane vere med å bidra til gjenbruk?
2022-02-01
17 min
For folk og natur
Ny statsforvaltar og kommunane
Kva for utfordringar og moglegheiter pregar kommunane våre? Kva gjer dei med rekrutteringsutfordringar? Korleis tek dei vare på ungdommane samtidig som ein stadig større del av innbyggarane er eldre? I denne første episoden, publisert 17. januar, snakkar kommunikasjonsrådgivar Lena Skattum Sandvik med statsforvaltar Else-May Norderhus om rundreisa ho har vore på hos kommunane i fylket.
2022-01-28
20 min