podcast
details
.com
Print
Share
Look for any podcast host, guest or anyone
Search
Showing episodes and shows of
Trond Satre
Shows
SeriX
Berre her for Månestråle
I siste delen av årets julehefte-podkast tek Arild og Knut for seg...eigentleg alt som ikkje er norsk eller Disney, og då er det likavel litt igjen. Vi startar med Sølvpilen og held fram med dei amerikanske veteranane, er innom Tom & Jerry, Asterix, Donalds Glade Jul (teknisk sett norsk), Mummidalen og Hercule Poirot. Og mellom desse blei det tid til å drøfte Vangsgutane, som blei liggande igjen frå bunken med gode, gamle norske.
2024-12-03
33 min
SeriX
Papiret har ikkje gått opp med ti kroner!
I "Jul på 80-tallet" kan du vinne ein Philips kassettopptakar som kan ta opp heile 30 minutt med samanhengande lyd! Meir treng ikkje Arild Wærness og Knut Robert Knutsen for å gå gjennom årets Disney-julehefte, inkludert Fant ("Må vi?") og Askepott. Den uoffisielle julepocketen "Julemagi" for heiderleg omtale, men Arild Midthuns Donald er eit høgdepunkt i år igjen.
2024-12-03
18 min
SeriX
Den siste Stomperud?
I den første av tre sendingar dedikert til årets julehefter snakkar Arild Wærness og Knut Robert Knutsen om Håkon Aasnes, moderne norske titlar og især om Knut Berg-trilogien til Øyvind Lauvdahl.
2024-12-02
34 min
SeriX
BTT på ein halvtime
Arild Wærness og Knut Robert Knutsen oppsummerar heile årets Bergen Tekst & Tegning (BTT) i ein serie med korte og ledige samtalar
2024-11-22
30 min
SeriX
Marknadsplassen presenterer, del 2
I denne andre sendinga frå marknadsplassen på årets OCX snakkar Serienett med Daa Wang, Cristiano Cardone og Vivian Nguyen.
2024-06-20
22 min
SeriX
Marknadsplassen presenterer, del 1
Årets OCX blei arrangert på Deichmanske Grünerløkka første helga i juni. Serienett har tidlegare fortald mykje som kva som skjedde på scenen, men det som føregår i marknadsteltet kan nokre gonger vere vel så interessant. I denne sendinga intervjuer vi Stian Thomassen, Emil Åslund og Eivind Wittemann
2024-06-17
14 min
SeriX
BABF
I vårens første podkast frå seriX/Serienett snakkar vi med Matt Davis og Duch på Bergen Art Book Fair.
2024-05-03
12 min
SeriX
Eg må skape
I 2024 er det Arilds 60-årsdag, Donald Ducks 90-årsdag og 20-årsmarkeringen for at Arild Midthun blei offisiell Donald-teiknar. Serix startar jubileumsåret med ¨sende ut eit opptak av Arild Midthun frå Bergen Tekst & Tegning
2024-01-16
47 min
SeriX
Vi oppsummerer BTT
Bergen Tekst & Tegning (BTT) blei arrangert 17. til 19. november på hovudbiblioteket i Bergen. Var det ein festival, eller var det noko anna? Det var i alle fall mykje, og gjevande for både deltakarar og dei som var til stades. To av arrangørane, Arild Wærness og Knut Robert Knutsen oppsummerer hendinga og samanliknar med Arild Wæress rike erfaringar frå tidlegare.
2023-12-23
30 min
SeriX
Top of the Crop
Matterhorn i teikneseriebunken! Ivrige Arild (Wærness) og kritiske Knut (Robert Knutsen) utpeiker årets aller beste: Jeg Donald Duck, Lunch, Ingeniør Knut Berg, Norsk Donald, Flåklypa og Dunce. Med heiderleg omtale til Fiinbeck og Fia.
2023-12-12
26 min
SeriX
Norske klassikarar
Ivrige Arild (Wærness) og litt meir sobre Knut (Robert Knutsen) diskuterer dei gamle, norske travarane: Tuss og Troll, Vangsgutane, 91 Stomperud, Jens von Bustenskjold, og Smørbukk.
2023-12-12
22 min
SeriX
Disneys jul
Ivrige Arild (Wærness) og korrekte Knut (Robert Knutsen) diskuterer Disney-julehefter (med mange artige sidespor): Jul på 80-tallet, Carl Barks Jul, Donald Duck Julehistorier, Donald Duck & Co, Walt Disneys Julehefte pluss nokre nye Donald-publikasjonar som ikkje er ein del av den offisielle julemenyen.
2023-12-12
21 min
SeriX
Moderne norske
Juleheftebandittane Arild Wærness og Knut Robert Knutsen tek for seg Rutetid, Nemi, Storefri og Pondus.
2023-12-12
30 min
LittPod
Lyrisk Kvarter - Episode 4
I fjerde episode av Lyrisk kvarter setter vi søkelys på nattergalen som motiv og tema for lyrikken. Dette gjør vi først ved å lese et av de mest berømte nattergaldiktene, nemlig John Keats «Ode to a Nightingale» fra 1819. Fra dette høydepunktet i europeisk romantikk går vi videre til Tomas Tranströmers modernistiske prosadikt «Näktergalen i Badelunda» fra den fabelaktige samlingen För levande och döda (1989). Deretter forlater vi nattergalen og beveger oss over til grevlingens underjordiske rike, via Alice Oswalds originale dikt «Body» fra 2016. Gjest denne gangen er forfatter Gunnhild Øyehaug. Kreditering: Musikk @mildemane Lydklipp...
2023-08-30
1h 21
SeriX
Trangt på pallen
Eit Serix-panel beståande av Kristian, Knut og Trond diskuterer årets julehefte via kategoriane, "Amerikanske", "Norske klassikarar", "Disney", "Barn og familie" og "Moderne norske (med eit svensk gjestespel)". Panelet prøver også å velge ut årets tre beste, og så mykje kan vi røpe, at særleg ein kategori er tungt representert både i toppsjiktet og blandt dei som får heiderleg omtale.
2022-12-19
51 min
SeriX
Captainjammer Kids
I meir enn eit hundreår har det eksistert to ulike utgåver av Knoll og Tott, men skotta mellom desse er ikkje alltid like vasstette som dei juridisk burde vere.
2022-01-03
26 min
SeriX
Rettferd for Larris
Arild Wærness, Knut Robert Knutsen, Trond Sätre og Øystein Nordvik frå Serienett sin redaksjon tek ein laus prat om årets julehefter. Vi tek mellom anna ein nærmare kikk på Flåklypa (på ein god måte) og nyvinnga Larris julehefte (IKKJE på ein god måte).
2021-12-02
45 min
SeriX
Kriser, den eine mer uendeleg enn den andre
Vi drøfter DC Comics' multi-crossovers frå "Crisis on Infinite Earths" og utover, i lys av DCs norske publikasjonshistorie.
2021-04-18
40 min
SeriX
Årsmøte pr. frimerke
I årets andre podcast diskuterer SeriX Norgesgruppen sine nye grep, NTFs årsmøte og høgdepunkt blant årets nyheiter.
2021-04-11
26 min
SeriX
Poste Annus Horribilis
I årets første podcast ser Serix-panelet fram mot det nye året, men plukkar også favorittar frå det spesielle året som vi nå prøver å legge bak oss. Panelet sine anbefalingar omfatter "Mitt liv som tegning", "Sapiens", "Solruns Saga", "Tidevann", "Floke" og "Sprint i Sovjet".
2021-02-10
45 min
SeriX
Snakke julehefter - Dei fem (seks) beste
Vi pratar litt om Stjernestøv, Dragevokterens Jul og Detektivbyrå Nr. 2 - alle norske franchiser, eller potensielle franchiser - av nyare dato før vi oppsummerer. Kva er dei aller beste av alle årets julehefter?
2020-12-01
10 min
SeriX
Snakke julehefter - Disney (m.m.)
Sel julehefter uansett - særleg dersom dei er Donald Duck - eller kan forsida vere briste eller bære? Panelet fokuserer på Disney. Men først: Nokre av julehefta med amerikanske post-krigsteikneseriar er enten forseinka (Hårek) eller kansellerte (Pusur) i år, så derfor går Billy og Tommy & Tigern inn i kategorien for diverse saman med Asterix og Tom & Jerry. Øystein i panelet finner ikkje Asterix' julehefte salgbart i år grunna forsida, men alle er einige om at heftet inneheld godt stoff. Vidare blir det sjølvsagt ikkje teikneseriejul utan Disney, og i år er det Frost...
2020-11-30
22 min
SeriX
Snakke julehefter - Norsk tradisjon
Panelet pratar om dei norske klassikararne, pluss eit hefte, eller rettare sagt ei bok, som neppe får ein oppfølgar neste år. Dei "gode gamle" er ikkje alltid dei mest interessante, og panelet er ikkje imponert over Norsk Barneblad sine hefter i år. Ikkje så veldig over Fonna sine heller, men her kan det komme endringar. Titlane er: Aukrust i Hundre, Fjøsnissens Jul, Smørbukk, Tuss og Troll, 91 Stomperud, Ingeniør Knut berg, Vangsgutane. Her må det straks leggast til at det innbundne hyllestalbumet Aukrust i Hundre ikkje berre er eit sidespor i julehefteh...
2020-11-29
21 min
SeriX
Snakke julehefter - Moderne norske
Panelet består i år av Arild Wærness, Trond Sätre, Øystein Nordvik og Knut Robert Knutsen. Og det panelet kan vere stort einige om, er at ein tek dei jamt over beste først når ein begynner med den moderne, norske hefta: Donald (Duck) sitt norske julealbum, Flåklypa (Aukrusts Jul), Jul På Hjemmefronten, Lunch, Pondus Storefri, Rutetid og Jul På Skaugum Det ville vere ei grov forenkling å seie at panelet liker hefta i den rekkefølga, frå best til verst, men det er ikkje så langt frå sanninga, heller. Panelet er ganske samstemte i si hylling av...
2020-11-28
35 min
SeriX
Slik fekk eg Domino til Norge
Eit panel beståande av Kristian Hellesund, Arild Wærness og Trond Sätre følgjer opp samtalen om Raptus-gjestene med ein diskusjon om Torunn Grønbekk. Arild Wærness fortel om korleis han fekk ei Marvel-heltinne som han ikkje ein gong kjente til Norge. Vi minnest Therese G. Eide sine koronateikningar nå som dei er samla, og drøfter kva som gjer dei så mykje betre enn Maja Lundes tilsvarande bok. Kva gjer Therese så god? Alle panelemedlemmer har svara klar. Til liks med Jens K. Styve har Therese gjort stort comeback innan teikneseriane, og skapt no...
2020-09-17
41 min
SeriX
Raptusvorspiel
Vi veit det ikkje er meininga at Raptusfestivalen skal vere så liten, men under forholda er det vel ikkje til å unngå. Men er det meininga at dei engelskspråklege utgåvene av"Skorpionen" skal vere så små? Kristian Hellesund har motteke sine engelskspråklege utgåver av Desberg og Marinis "Skorpionen", men er skuffa over formatet. Er dette typisk for Cinebook, UKs største utgjevar av europeisk albumseriar? Resten av denne vorpsielpocasten er sett av til meir dagsaktuelle tema, inkludert Raptusfestivalen, sjølvsagt. Norges lengstlevande teikneseriefestival var allereie redusert til nokre laurdagstimar på Bergen hovudbibliotek i år, og med...
2020-09-11
17 min
SeriX
Krüger og Krogh til Bergen?
I andre del av SeriX’ sommarferiepodcast ser Kristian Hellesund, Arild Wærness og Trond Sätre m.a. på nytt om Tex Willer og Krüger & Krogh. Disclaimer: Overskrifta er basert på vill gjetting.
2020-07-21
23 min
SeriX
Så elegant og så tøft, og så dødt
I første del av SeriX’ sommarferiepodcast ser Kristian Hellesund, Arild Wærness og Trond Sätre særleg på aktuelle fransk-belgiske teikneseriealbum.
2020-07-19
17 min
Stavrum & Eikeland
Trond Omdal
Ukens gjest – Trond Omdal – forvalter hos Pensum og tidligere oljeanalytiker hos Nordea, Arctic og Pareto, er en av dem som kjenner Equinor (tidligere Statoil) aller best. Han kommer med flengende kritikk av oljegigantens storsatsning i USA, som til nå har kostet flere hundre milliarder kroner. Den ansvarlige, konsernsjef Eldar Sætre, pensjonerer seg om ikke lenge, og etter å ha blåst 200 milliarder kroner, får han med seg 150 millioner pensjonskroner ut døren, noe som ikke imponerer oljenestoren Omdal. I studio: Trond Omdal, Gunnar Stavrum og Ole Eikeland.Produsent: Anders Høglund. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
2020-05-27
41 min
SeriX
Brynjer, sverd og slott
I årets andre SeriX-podcast ser vi tilbake til Raptus 2014 og eit intervju som Knut Robert Knutsen gjorde med Prins Valiant-teiknar Thomas Yeates.
2020-03-15
55 min
SeriX
Krypto-valuta (eller: Debutantar og store forventingar)
I årets første SeriX-podcast ser Arild Wærness og Trond Sätre fram mot nye, norske teikneseriar.
2020-03-03
37 min
SeriX
Klassisk Amerikana - Ei utdjupning
Med den på nær komplette gjennomgangen av julehefta fullført, har me også produsert ein bonussending der Kristian Hellesund tetter eit av hola i bunken, nemlig Kapteines Jul, og gir meir kontekst til dei andre seriane som går inn under nemninga «Klassisk Amerikana». Me kjem inn på den nye dokumentarfilmen om Knoll og Totts far, Rudolph Dirks, og Kristian greier ut om eit av sine spesialfelt, Knoll og Totts historie. Med mykje reprisar både i Kapteinens Jul og Knoll Og Tott blir vinnaren det heftet der reprisane ikkje er brukt fullt så mange gonger før. Vidare blir...
2019-11-27
37 min
SeriX
Julehefter 2019 - Nyare Amerikana
I Serienetts siste regulære julepodcastsending ser panelet vårt mest på amerikanske seriar frå etter 1949. Arild bruker samlenemninga «Sånne hefter som er der heile tida, men som du ikkje er så opptatt av» mens Knut Robert oppsummerar det som «hefter som du kjøper etter du har kjøpt alt som er bra». Men i praksis betyr det amerikanske teikneseriar. Etter å ha vurdert Hårek gjer panelet gjer seg nokre betraktningar om komplettisme før dei går vidare Tommy & Tiger’n – Eit meisterverk, sjølve serien, men kva nytte gjer juleheftet? Tom & Jerry har alltids den...
2019-11-25
19 min
SeriX
Julehefter 2019 - Disneys Ender
I Serienetts sjuande julepodcastsending tek Arild Wærness og Knut Robert Knutsen tar for seg det meste uunngåelege av alt (kanskje ved sida av Knoll Og Tott) - Disney Høgdepunktet i denne bunken er allereie omtalt i første sendinga. Å overgå det norske Donald-teamets «Jul På Hjul» blir vanskeleg. Men ennå gjeld regelen om at du får ikkje betre Donald enn Carl Barks, , Donalds Julehistorier (altså den årlege Donaldpocket julespesial) får for ein gongs skuld litt fokus. Ein diskuterer teikneseriemarknaden for Disney generelt, og pocketbøkene sin rolle spesielt, før dei held fram med Walt Di...
2019-11-25
26 min
SeriX
Julehefter 2019 - Moderne norske
I Serienetts sjette julepodcastsending ser panelet vårt på det som alle(?) har venta på, nemlig dei moderne norske seriane. Denne gjennomgangen er ikkje tematisk komplett. Tidlegare har panelet sett på Kollektivet (veldig bra), Rutetid (bra, men overflødig) og Nemi (ikkje fullt så bra). Då sit ein igjen med Pondus, Snøfall, Lunch, Ruter, Radio Gaga, og Storefri. Nye striper og nye karakterar høgnar nivået for Pondus, mens Snøfall gir assosiasjonar til forsøket med Stompa julehefte. Og kva skjer med Ruter når Rutetid går tilbake til Egmont i 2020? Det spørsmålet...
2019-11-25
24 min
SeriX
Julehefter 2019 - Klassisk Amerikana
I Serienetts femte julepodcastsending tek Arild Wærness og Knut Robert Knutsen for seg dei eldste amerikanske seriane. Fleire av seriane som går under det vi kallar klassisk amerikana er nær (eller over) hundre år gamle, men likevel er det mykje reprisar som du ikkje treng å vere eldgammal for å ha lest i eit tidlegare julehefte. Tilgangen på opptrykkbart materiale står dessverre ikkje alltid i forhold til seriane sin alder. Titlane er derfor kjapt gjennomgåtte, sjølv om mange av dei fell i smak. Panelet tek for seg Snøfte Smith, Skipper’n, Fiinbeck Og Fia, Knoll Og...
2019-11-25
21 min
SeriX
Julehefter 2019 – Utvalde norske
I Serienetts fjerde julepodcastsending ser Arild Wærness og Knut Robert Knutsen på Rutetid, Kollektivet og Flåklypa. Av svært ulike grunnar fell innhaldet i smak hos panelet vårt. Frode Øverli stadfester sitt omdøme som ein stor humorist med «Rutetid»-heftet. Når så mykje er sagt, treng me eit julehefte til desse teikningane aleine? Særleg når mange av dei enkeltvis blir klistra over ei heil side? Også Kollektivets julehefte får mild kritikk for ein teknisk detalj ved plassutnyttinga, men elles er det snakk om uforbeholdent skryt for Torbjørn Liens lågmælte science...
2019-11-25
26 min
SeriX
Julehefter 2019 - For barn
Panelet ser på Snekker Andersen Og Julenissen (og) Den Vesle Bygda Som Glømte At Det Var Jul (puh!), Detektivbyrå Nr. 2 – Jakten På Snøkrystallene, Brillebjørn Og Julenissen og Barnas Juleroser. Juletre, som allereie er omtala, men som høyrer til i denne gruppa, blir også så vidt trekt fram igjen. Nokre av desse er reine bildebøker, men fordelen med slike julehefter er at det jo er mykje billigare enn ein tilsvarande hardback i bokhandelen. Arild fester seg ved at «alle» jenteheltinner har raudt går, og definisjonen av «barneserie» blir drøfta. Og Brillebjørn har to mammaer. E...
2019-11-25
26 min
SeriX
Julehefter 2019 - Norsk nostalgi
Denne gongen går panelet vårt litt i detalj på Ingeniør Knut Berg – Er det på tide å gjere eit nytt forsøk på å revitalisere den norske science fiction-klassikaren, og kven er serieskaparane til å gjere det? Deretter Tuss Og Troll, 91 Stomperud, Vangsgutane og Smørbukk. Sistnemnte må hanskast med hipstarar som kjem for å feire ein mest mogeleg «autentisk» tradisjonell jul på eit nedlagt småbruk. Vossaguten Arild deler på sine eigne erfaringar med slike bygderomantikarar frå byen. Og kva skjedde med kjærleikslivet til Smørbukk, forresten?
2019-11-25
41 min
SeriX
Julehefter 2019 – Ymse
I denne første runden ser Arild og Knut på Jul På Skaugum, Arild Midthuns Donald: Jul På Hjul, Nemi, Frost, Juletre, Donalds Glade Jul, Asterix: Gallerhøvdingens Datter (såkalla julehefte), Willy På Eventyr, Hercule Poirot: Mord På Orientekspressen og Donald Duck & Co.: Jul På 50-tallet. Dei drøfter også om forlaga kjem til å gi ut fleire og fleire ikkje julerelevante teikneseriealbum som «julehefter» for å få dei til å selge. Og sjølvsagt det store spørsmålet (som alle eigentleg veit svaret på?): Les ungar teikneseriar lenger? Spoiler: Arild Midthuns Donald og Juletre får suverent høgast karakt...
2019-11-25
1h 01
Hordalandsfotball
EPISODE 21: Lokalfotballgalla med prisvinnere
Gjester: Årets spiller: Anders Zachariassen Årets spiller: Kristine Lygre, Stord Årets trener: Øyvind Mellemstrand, Stord Årets vertskap: Lysekloster, Ruben Hetlevik Prisutdelere: Ståle Stålinho Sætre og Trond Gausemel Ellers medvirker programleder Tony Ågotnes og fotballekspert Roger Stjernberg
2019-11-05
00 min