Look for any podcast host, guest or anyone
Showing episodes and shows of

Det Norske Teatret

Shows

SpråkoppdragetSpråkoppdragetEurovision-spesial!Det er høgsesong for paljettar, vindmaskin og modulasjonar, og Språkoppdraget nyttar høvet til å invitere til ein Eurovision Song Contest-spesial. 17. mai er det finale i Basel, og i studio har vi har fått med oss to av Noregs største ESC-fans, Simen Formoe Hay og Johan Hveem Maurud. Dei står bak suksessframsyninga Europavisjonar som speler for fulle hus på Det Norske Teatret.Kven skulle trudd at årets teatersnakkis skulle vere Boris Jeltsin i sølvhotpants og Erdoğan som sexy magedansar? Det er berre å konstatere at ein ellevill ide har blitt ein ellevill sukse...2025-05-071h 05SpråkoppdragetSpråkoppdragetPeer Perez Øian om prosessar med menneske, maskinar og teaterframsyningarEin ny episode av Språkoppdraget er her, og denne gongen er det regissør Peer Perez Øian som er gjest. Han er halvt amerikansk, er utdanna både skodespelar og regissør og har ei mørk fortida som nynorskmotstandar i Bærum. Dei siste åra har han vore husregissør på Det Norske Teatret og sett opp ei rekke framsyningar her. I denne episoden skal det handle mest om prosessar: Om framsyninga Prosessen mot menneska, om prosessen med å lage ei teaterframsyning og om språkprosessar både i og utanfor teateret.  Dei siste månadane har Pe...2025-04-091h 05BakteppetBakteppetom bruk av KI i kunstenDenne våren har ein heilt ny skodespelar hovudrolla på Det Norske Teatret. Ein skodespelar/medkreatør utvikla i eit samarbeid mellom ETC, NetNordic og Det Norske Teatret. Korleis påverkar det ein teaterproduksjon å jobbe så tett med kunstig intelligens og kan kunstig intelligens vere ein kunstnar – eller er den berre eit verktøy?  Vi har snakka med regissør Peer Perez Øyan, dramaturg Anders Hasmo, skodespelar Ane Dahl Torp og KI-konsulent Pål Mørk Hansen om kva for tankar dei har etter å ha jobba med KI over lang tid for å utvikle framsyninga Prosessen mot menneska! ...2025-03-2914 minMission: Possible - en podkast fra NMSMission: Possible - en podkast fra NMSSvein TindbergSvein Tindberg hadde ingen personlige erfaringer med kristendom da han i 1995 lærte seg Markusevangeliet utenat og fremførte det for fulle hus på Det norske teatret i Oslo. Ordet gjorde noe med han, og han sier nå han tror at det er sant det som fortelles om Jesu død og oppstandelse. Nå er han travelt opptatt med å lage pasjonsspill i Stavanger domkirke, der han har ansvar for manus, regi og rollen som Herodes.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.2025-03-2739 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetJakob Höglund om irsk musikk, finsk grammatikk og nynorsk romantikkÅrets første gjest i Språkoppdraget kjem frå Finland, men lærte seg finsk først i vaksen alder. Skodespelar, dansar, koreograf, regissør og teatersjef Jacob Höglund er fødd og oppvaksen i Österbotten i Finland, der finlandssvensk er det dominerande språket. Om lag 300 000 finnar har finlandssvensk som morsmål, og i Språkoppdraget fortel Jacob om korleis det er å vekse opp i Finland utan å snakke finsk, om kvifor han takka nei til å gå i finsk barnehage då han var 5, og korleis teateret fekk han til å bli tospråkleg. Vi lærer meir om den finske språksituasjone...2025-01-2959 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetJulehefte spesialDei årlege julehefta er eit viktig element i julefeiringa for mange. Juleheftet har ein lang tradisjon i Noreg, med røter tilbake til 1800-talet. Det første teikneseriejuleheftet, med det amerikanske søskenparet Knoll og Tott, kom i 1914. Men vi har også fire nynorske hefte som har vore med oss, meir eller mindre årleg, sidan 1940-åra. I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi med Nana Rise-Lynum frå Norsk barneblad og Kjartan Helleve frå Fonna Forlag, som gir ut nokre av dei aller eldste teikneseriehefta vi har i Noreg: Smørbukk (1941), Tuss og troll (1945), Vangsgutane (1941) og Ingeniør Knut Be...2024-12-1853 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetGina Bernhoft Gørvell om Sonja, samurai og SnøsøsteraI denne episoden av Språkoppdraget har vi fått ein ny skodespelarkollega frå Det Norske Teatret i studio. Gina Bernhoft Gørvell kom rett til Det Norske Teatret frå skodespelarutdanninga på KhiO for fem år sidan. Sidan har ho spelt ei rekke ulike roller på alle scenane våre. No før jul er ho aktuell i to roller, Hedvig i Snøsøstera, og den nesten ordlause rolla skuggesøstera i Jente, 1983.Korleis er det å spele ei framsyning 100 gonger og kva gjer kvar framsyning spesiell? Kva er forskjellen på ei rolle med mykje tekst og ei rolle uta...2024-11-201h 03SpråkoppdragetSpråkoppdragetSveinung Rotevatn om maktspråk, jusspråk og nynorsk i GrunnlovaDagens gjest er kjent frå ein annan scene enn teaterscenen, nemleg den politiske scenen, men han har også mange andre talent. Han har både sete ved kongens bord og ikkje minst spelt i kongens eige korps. Han er fløytist, pianist og jurist, men er mest kjent som nestleiar i Venstre, stortingsrepresentant og tidlegare statsråd. I denne episoden av Språkoppdraget tek Sveinung Rotevatn oss med bak kulissane i politikken og inn i maktas korridorar. Korleis er det eigentleg å vere profesjonell kranglar og korleis er forholdet mellom politikarane utanfor Dagsnytt 18-studioet? Blir ein opposisj...2024-10-301h 06Litteratur på BlåLitteratur på BlåSolaris korrigert 20 år -Samtale med Øyvind Rimbereid«Wat vul aig bli / om du ku kreip fra / din vorld til uss?» I år er det 20 år siden Øyvind Rimbereids diktsamling «Solaris korrigert» ble utgitt. Det må markeres! 17. september besøkte Rimbereid Litteratur på Blå for en samtale om et av de mest originale poesiverkene i norsk samtidslitteratur. Titteldiktet «Solaris korrigert» er et rikt langdikt, som blant annet utforsker hva det vil si å være et sansende menneske i et gjennomteknologisert samfunn. Her møter leseren et «aig» som forteller om sin tilværelse i byen «Stavgersand» i år 2480 – et fremtidsscenario som både oppleves fremmed og nært. Oljealderen er for lengst...2024-10-061h 01SpråkoppdragetSpråkoppdragetHeidi Gjermundsen Broch om stemmebruk, tekst og kontekstEndeleg er det sesongopning av Språkoppdraget, og den første gjesten vår denne hausten er ein god kollega, som neste år feirar sølvbryllaup med Det Norske Teatret. Då har nemleg skodespelar Heidi Gjermundsen Broch jobba ved teateret i 25 år. Ho har spelt og sunge store roller i store musikalar, og har også spelt ei rekke andre roller på scenane våre sidan ho byrja jobbe her i år 2000. I denne episoden av Språkoppdraget kjem Heidi rett frå prøvar på stykket Eg føreslår av vi vaknar, basert på romanen Jeg foreslår at vi våkner av Beate...2024-09-251h 00SpråkoppdragetSpråkoppdragetOrdbokredaktør Margunn Rauset om Nynorsk ordliste, kløyvd infinitiv og MP3-spelararSpynorsk. The Musical hadde premiere i april og speler i vår for fulle hus på Det Norske Teatret. I denne episoden av Språkoppdraget tar vi for oss boka bak musikalen, nemleg Nynorsk ordliste. På premierefesten til Spynorsk. The Musical var det to personar som stod i fleire timar og skreiv autografar, og det var dei to redaktørane av nettopp Nynorsk Ordliste. Ei av dei er leksikograf Margunn Rauset, som også er hovudredaktør for Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nettet. Vi har invitert henne til Språkoppdraget for å fortelje om livet som ordbokredaktør. Skriv ho alltid autog...2024-05-291h 19SpråkoppdragetSpråkoppdragetPreben Hodneland om Fosse, pausar og prosessEigentleg var Preben Hodneland godt i gang med ein yrkeskarriere som prosessteknikar i oljeindustrien på Mongstad, då han kom inn på teaterhøgskolen på tredje forsøk. Han forlet tal, maskinar og den litt harde kommunikasjonsforma i industrien på Vestlandet, og reiste til Oslo for å komme i kontakt med sine eigne kjensler gjennom dei kunstnarlege prosessane på skolen.I år er det 10 år sidan Preben debuterte som profesjonell skodespelar, og på dei åra har han gjort ei rad ulike roller her på Det Norske Teatret, frå steppande misjonær i Uganda i The Book of Mormon til tittelrolla...2024-05-0859 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetFrank Kjosås om stemmebruk, språkval og Ivar AasenFrank Kjosås har spelt både Jesus, Judas og Hitler og hatt ei rekke store musikalroller på scenen på Det Norske Teatret. No står ein ny historisk person for tur. I vår speler han nemleg sjølvaste Ivar Aasen i den nyskrivne musikalen Spynorsk. The Musical av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov. I tillegg jobbar han mykje med dubbing og å lese inn lydbøker, og i denne episoden av Språkoppdraget snakkar Frank om stemmebruk, språkval, om rollene han liker best og om kva det er som gjer at han aldri greier å hugse teksten på O, helga natt...2024-03-2153 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetPeder Lofnes Hauge om nynorsk, spynorsk og superhelten Ivar AasenPeder Lofnes Hauge skribla aldri spynorsk mordliste på den nynorske ordlista si då han gjekk på skolen. Han vaks nemleg opp omgjeven av nynorsk i Gloppen i Nordfjord, hadde nynorsk som hovudmål gjennom heile grunnskolen og vidaregåande skole, og har alltid vore glad i språket sitt. Men det var ikkje før han kom til Bergen som student at han vart nynorskaktivist. Då opplevde han for første gong å vere i mindretal og at han måtte forsvare språket sitt i mange ulike samanhengar.Det har han halde fram med, for no er Peder Lof...2024-03-0650 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetManish Sharma om Haugesund, hindi og Hør her’aI denne episoden av Språkoppdraget har vi besøk av skodespelar Manish Sharma, som er premiereklar med stykket Hør her’a i desse dagar. Manish er truleg ein av landets største Haugesund-patriotar, og i denne episoden snakkar han om kvifor han er så glad i heimbyen sin, om korleis han lærte seg hindi, morsmålet til foreldra sine, gjennom å sjå Bollywood-filmar, og om kvifor han misliker at det er så mange engelske ord i hindi og norsk.Mange kjenner Manish frå seriesuksessen Makta, der han speler partisekretær Ivar Leveraas, eller frå teaterstykket T...2024-02-1443 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetAnna Malzer om språk, identitet og å lese seg sjølv på nynorskSpråkoppdraget er tilbake med ein ny sesong i eit nytt år, og den første gjesten i 2024 kjem heilt frå Danmark. Anna Malzer er regissør og dramatikar, og vart Danmarks yngste teatersjef berre 27 år gammal. I desse dagar har ho permisjon frå teatersjefjobben på Mungo Park utanfor København, for å sette opp sitt eige stykke Tatovering på Det Norske Teatret på Rommen.I denne episoden av Språkoppdraget fortel Anna om korleis ho har jobba med språket sitt i vaksen alder, først med å legge vekk delar av sosiolekten sin for å gjere seg betre forstått so...2024-01-3150 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetStein Torleif Bjella om ved, vers og visuVekas gjest i Språkoppdraget har jobba som korrekturlesar, snikkar, lokalavisjournalist og seljar av dører, og han har komme til tredjeprøven på Teaterhøgskolen utan å komme inn. Men Stein Torleif Bjella vart skodespelar likevel. I desse dagar er han å finne på Hovudscenen på Det Norske Teatret kveld etter kveld, framfor fullsette salar av folk som vil sjå på vedarbeid. Truleg har mange av dei tatt vegen i teateret for å lytte til Bjella også, for dei vonde visune hans har blitt allemannseige.I denne episoden av Språkoppdraget snakkar Stein Torleif Bjella om korleis det er stå på teat...2023-12-1542 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetIna Svenningdal om Frost, Skam og livet i SvingenSkodespelar Ina Svenningdal meiner sjølv ho slurvar fælt når ho skriv og snakkar. Men når ho skal lære replikkar, har ho stålkontroll. Kanskje ikkje så rart, for 27 år gamle Ina har jobba som skodespelar nesten heile livet. No speler ho Disney-prinsessa Anna i Frost sju gonger i veka, ei rolle Ina 5 år ville fryda seg over, og ei rolle Ina (27) har gjort til si eiga med kjensler, varme og humor.I denne episoden av Språkoppdraget fortel Ina om livet som barneskodespelar i Linus i Svingen, om korleis det var å vakne morgonen...2023-11-2442 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetGísli Örn Garðarsson om å drøyme på norsk, spele Shakespeare på tysk og lage Frost på fem nordiske språkTeater på islandsk er leikhus, og nettopp leiken fyller dagane til årets første gjest i Språkoppdraget. Gísli Örn Garðarsson er skodespelar og regissør frå Island, som har fått den store tilliten frå Disney til å lage musikalen Frost i alle dei fem nordiske landa, på fem ulike språk. Først ute er Det Norske Teatret og Let it go på nynorsk.I Språkoppdraget snakkar han om teatermagi, språkmagi og om kvifor leikhus er eit perfekt ord for teater, om kva han har lyst til å skape med Frost, og om kvifor han begynner...2023-09-1346 minScenesamtaler - en podkast fra Scenekunst.noScenesamtaler - en podkast fra Scenekunst.noScenesamtaler 27 - teater og kvinnelivI denne episoden snakker Per Christian Selmer-Anderssen, Anette Therese Pettersen og Julie Rongved Amundsen om tre ulike forestillinger som viser seg å ha flere forenende punkter: "Ei kvinnes kampar og forvandlingar" på Det Norske Teatret, "Lykke til, Cathrine Frost" på Det Andre Teatret og "My Dinner with Putin" av Kate Pendry på Vega Scene. Til slutt er et også tid til det faste segmentet Tips, rants og hjertesukk der panelet snakker om hvordan man anmelder skuespillerkunst og gratis teater. 2023-04-021h 39På PlakatenPå PlakatenE09- Liv Bernhoft Osa, om Romeo og Julie på Det Norske Teatreti 1985 sto Liv Bernhoft Osa og Svein Tindberg på scenen som Romeo og Julie under nyåpningen av Det Norske Teatret i Oslo. Nå, nesten 40 år senere, har de tatt fatt på de samme rollene i teatrets nye oppsetning med teatersjef Erik Ulfsby på regi. Vi tok en prat med skuespiller Liv Bernhoft Osa om rollen, oppsetningen og Shakespeares stykke. Hvordan er det å jobbe med så streng tekst-form? Hva er den største forskjellen mellom å gjøre denne rollen nå kontra sist? Og hva handler Romeo og Julie egentlig om?Følg oss gjerne på Facebook og Ins...2022-12-1835 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetKari Veiteberg om tru, teater og tekstane som samlar ossOslo-biskop Kari Veiteberg må ha eit språk for alle livets fasar, frå bryllaup og dåp, til gravferd og nasjonale kriser. I dei største gleder og dei djupaste sorger skal ho finne orda som samlar, anten vi trur eller tvilar. Kva er likskapen mellom kyrkja og teaterscenen? Er det mogleg å samanlikne kyrkjelyden med eit publikum? Og korleis kan ein bryte gjennom «den fjerde veggen» i Guds hus? Det har Veiteberg tenkt mykje på, og det snakkar ho om i denne episoden av Språkoppdraget. Vi er innom historia til det norske bibelspråket, om samhøvet mellom dialekt og skriftspr...2022-12-1442 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetKari Veiteberg om tru, teater og tekstane som samlar ossOslo-biskop Kari Veiteberg må ha eit språk for alle livets fasar, frå bryllaup og dåp, til gravferd og nasjonale kriser. I dei største gleder og dei djupaste sorger skal ho finne orda som samlar, anten vi trur eller tvilar.Kva er likskapen mellom kyrkja og teaterscenen? Er det mogleg å samanlikne kyrkjelyden med eit publikum? Og korleis kan ein bryte gjennom «den fjerde veggen» i Guds hus? Det har Veiteberg tenkt mykje på, og det snakkar ho om i denne episoden av Språkoppdraget. Vi er innom historia til det norske bibelspråket, om samhøvet mellom dialekt og skriftspr...2022-12-1442 minHistorier Som Endret NorgeHistorier Som Endret NorgeTeaterslagsmåletDet Norske Teatret hadde sin premiereforestilling i Kristiania 6. oktober 1913.Arne Garborg hadde oversatt Jeppe på Bjerget til Jeppe på Berget.Det var det ikke alle som likte. Det resulterte i et ukes langt opprør i Kristianias gater og mitt i Teaterslaget sto Hulda Garborg.Denne uken forteller vi om livet til Hulda Garborg. Inger Undheim er avdelingsdirektør på Garborgsenteret og er med å forteller om Hulda i episoden "Hulda Garborg - en nasjonal strateg". I denne bonus-spisoden skal du få høre om gatekampene som oppstår - da Hulda Garborg får sin drø...2022-12-0610 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetErik Ulfsby om teater, tospråklegheit og kvifor det meste er best på nynorskTeatersjefen på Det Norske Teatret vaks opp som tospråkleg i Oslo. Han snakka Oslo-dialekt ute og nederlandsk heime, men skjønte ikkje kva han skulle med nynorsken han lærte på skolen. Etter 12 år i sjefsstolen på Noregs største nynorskinstitusjon er han igjen tospråkleg. No vekslar han mellom nynorsk og bokmål i skrift, og han har skjønt at mykje er betre på nynorsk. Erik Ulfsby er også styreleiar i Språkrådet, og har dermed det siste ordet når nye ord skal inn i ordboka. Han har fått fleire språklege kjepphestar, og er uroa for den lå...2022-11-1644 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetErik Ulfsby om teater, tospråklegheit og kvifor det meste er best på nynorskTeatersjefen på Det Norske Teatret vaks opp som tospråkleg i Oslo. Han snakka Oslo-dialekt ute og nederlandsk heime, men skjønte ikkje kva han skulle med nynorsken han lærte på skolen. Etter 12 år i sjefsstolen på Noregs største nynorskinstitusjon er han igjen tospråkleg. No vekslar han mellom nynorsk og bokmål i skrift, og han har skjønt at mykje er betre på nynorsk.Erik Ulfsby er også styreleiar i Språkrådet, og har dermed det siste ordet når nye ord skal inn i ordboka. Han har fått fleire språklege kjepphestar, og er uroa for den lå...2022-11-1644 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetGunnhild Øyehaug om Kristin Lavransdotter, Ivar Aasen og kritisk lesingForfattar Gunnhild Øyehaug har alltid kjent ein sterk fellesskap med Ivar Aasen. Ho vaks opp i ein språkmedviten familie i Ørsta, har vore nynorskbrukar heile livet, og trudde på eit tidspunkt at ho var ein reinkarnasjon av Aasen sjølv. I over 20 år har ho vore ei av dei mest særprega nynorske stemmene i norsk litteratur. Sjølv om ho er utropt til ein «master of the short story», har ho med omsetjinga av Kristin Lavransdotter for Det Norske Teatret vist at ho også passar det store formatet godt.I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi med Gunnhild Øye...2022-11-0240 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetGunnhild Øyehaug om Kristin Lavransdotter, Ivar Aasen og kritisk lesingForfattar Gunnhild Øyehaug har alltid kjent ein sterk fellesskap med Ivar Aasen. Ho vaks opp i ein språkmedviten familie i Ørsta, har vore nynorskbrukar heile livet, og trudde på eit tidspunkt at ho var ein reinkarnasjon av Aasen sjølv. I over 20 år har ho vore ei av dei mest særprega nynorske stemmene i norsk litteratur. Sjølv om ho er utropt til ein «master of the short story», har ho med omsetjinga av Kristin Lavransdotter for Det Norske Teatret vist at ho også passar det store formatet godt. I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi med Gunnhild Øye...2022-11-0240 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetMaja Lunde om skriveglede, språkleik og den fantastiske julaSom forfattar er språket ein av Maja Lunde sine absolutt viktigaste arbeidsreiskapar. Etter fleire år som manusforfattar for film og tv, var det ein flau og krevjande overgang til skjønnlitteraturen. Men 10 år etter bokdebuten, har forteljingane hennar nådd ut til millionar av lesarar i meir enn 50 land. No kan Maja Lunde skrive når og kor som helst, og aller helst skriv ho på toget. I denne episoden av Språkoppdraget fortel ho om korleis språket formar karakterane ho skriv.Lunde vaks opp midt i Oslo, i ein språkleg spagat mellom aust og vest. Da ho gjekk p...2022-10-1940 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetMaja Lunde om skriveglede, språkleik og den fantastiske julaSom forfattar er språket ein av Maja Lunde sine absolutt viktigaste arbeidsreiskapar. Etter fleire år som manusforfattar for film og tv, var det ein flau og krevjande overgang til skjønnlitteraturen. Men 10 år etter bokdebuten, har forteljingane hennar nådd ut til millionar av lesarar i meir enn 50 land. No kan Maja Lunde skrive når og kor som helst, og aller helst skriv ho på toget. I denne episoden av Språkoppdraget fortel ho om korleis språket formar karakterane ho skriv. Lunde vaks opp midt i Oslo, i ein språkleg spagat mellom aust og vest. Da ho gjekk p...2022-10-1940 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetLinda Eide om dikt, dialekt og ufrivillige emojiarLinda Eide har fått norske familiar til å samle seg rundt fjernsynsapparatet på laurdagskvelden, nett som i gamle dagar, med det underhaldande og nyfikne programmet Eides språksjov. Når ho endeleg er gjest hos oss i Språkoppdraget, prøver vi å dykke djupare ned i språket til Linda Eide sjølv.Vi snakkar med Linda Eide om kor viktig dialekten er for identiteten hennar, og spør kven ho ville vore om ho var frå Moss og ikkje frå Voss. Vi snakkar om kvifor ho ikkje er så opptatt av skrivefeil, men misliker at folk gjer språket meir komplisert...2022-10-0545 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetLinda Eide om dikt, dialekt og ufrivillige emojiarLinda Eide har fått norske familiar til å samle seg rundt fjernsynsapparatet på laurdagskvelden, nett som i gamle dagar, med det underhaldande og nyfikne programmet Eides språksjov. Når ho endeleg er gjest hos oss i Språkoppdraget, prøver vi å dykke djupare ned i språket til Linda Eide sjølv. Vi snakkar med Linda Eide om kor viktig dialekten er for identiteten hennar, og spør kven ho ville vore om ho var frå Moss og ikkje frå Voss. Vi snakkar om kvifor ho ikkje er så opptatt av skrivefeil, men misliker at folk gjer språket meir komplisert...2022-10-0545 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetKjersti Horn om skam, skrekk og Sigrid UndsetÅ dramatisere ein roman er som å brodere ein bunad; eit helvete. Iallfall ifølge regissør Kjersti Horn, som har dramatisert ikkje mindre enn 1200 nobelprisvinnande romansider ned til eit 8 timar langt teaterstykke. Ideen hennar om å lage teater av alle dei tre banda av Kristin Lavransdotter starta med ein feilsend e-post, og enda opp i ein teatermaraton som har premiere på Hovudscenen på Det Norske Teatret i haust. Kjersti Horn er ein pratmakar og ein heilt stille person på same tid. Ho kallar seg ein språknerd, og blir rasande når nokon tuklar med teksten. «Trur du at du er betre enn Sigrid...2022-09-0741 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetKjersti Horn om skam, skrekk og Sigrid UndsetÅ dramatisere ein roman er som å brodere ein bunad; eit helvete. Iallfall ifølge regissør Kjersti Horn, som har dramatisert ikkje mindre enn 1200 nobelprisvinnande romansider ned til eit 8 timar langt teaterstykke. Ideen hennar om å lage teater av alle dei tre banda av Kristin Lavransdotter starta med ein feilsend e-post, og enda opp i ein teatermaraton som har premiere på Hovudscenen på Det Norske Teatret i haust. Kjersti Horn er ein pratmakar og ein heilt stille person på same tid. Ho kallar seg ein språknerd, og blir rasande når nokon tuklar med teksten. «Trur du at du er betre enn Sigrid...2022-09-0741 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetChristian Ruud Kallum om Mattis, Moss og vegen til scenenHeilt sidan han var ein liten og sjenert gut i Moss, har Christian Ruud Kallum visst at han skulle bli skodespelar. Men han trudde aldri at han skulle få bruk for nynorsken han lærte på skolen. No er han fast tilsett skodespelar på Det Norske Teatret, for tida aktuell i den enorme rolla som Mattis i Fuglane av Tarjei Vesaas. I denne episoden av Språkoppdraget snakkar Christian om vegen frå sjenert observatør til hovudrolleinnehavar, om korleis han puggar replikkar ved hjelp av sirleg handskrift, og han tar oss med inn i prøvesalen og prosessen med å skape karaktere...2022-06-0149 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetChristian Ruud Kallum om Mattis, Moss og vegen til scenenHeilt sidan han var ein liten og sjenert gut i Moss, har Christian Ruud Kallum visst at han skulle bli skodespelar. Men han trudde aldri at han skulle få bruk for nynorsken han lærte på skolen. No er han fast tilsett skodespelar på Det Norske Teatret, for tida aktuell i den enorme rolla som Mattis i Fuglane av Tarjei Vesaas. I denne episoden av Språkoppdraget snakkar Christian om vegen frå sjenert observatør til hovudrolleinnehavar, om korleis han puggar replikkar ved hjelp av sirleg handskrift, og han tar oss med inn i prøvesalen og prosessen med å skape karaktere...2022-06-0149 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetAre Kalvø om parodi, popmusikk og vulgær nynorskHan er ein av verdas mest kjente nynorskbrukarar og har fått omtrent alle nynorskprisane som finst. Men kva forhold har Are Kalvø eigentleg til nynorsk, og kven ville han vore utan? Det spør vi om når han som er kjent som Noregs 57. morosamaste mann, forfattar og satirikar gjestar Språkoppdraget. Vi snakkar om nynorsk som humorspråk og kvardagsspråk, om inspirasjonen frå populærmusikken, og om kvifor Are Kalvø ofte vandrar rundt i byen og snakkar med seg sjølv. Og vi tar eit tilbakeblikk til arbeidet hans med å omsetje det mildt sagt friske amerikanske originalmanuset på The Book...2022-05-1837 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetAre Kalvø om parodi, popmusikk og vulgær nynorskHan er ein av verdas mest kjente nynorskbrukarar og har fått omtrent alle nynorskprisane som finst. Men kva forhold har Are Kalvø eigentleg til nynorsk, og kven ville han vore utan? Det spør vi om når han som er kjent som Noregs 57. morosamaste mann, forfattar og satirikar gjestar Språkoppdraget. Vi snakkar om nynorsk som humorspråk og kvardagsspråk, om inspirasjonen frå populærmusikken, og om kvifor Are Kalvø ofte vandrar rundt i byen og snakkar med seg sjølv. Og vi tar eit tilbakeblikk til arbeidet hans med å omsetje det mildt sagt friske amerikanske originalmanuset på The Book...2022-05-1837 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetUnn Vibeke Hol om dialekt, dubbing og eit liv i teateretI nesten eit halvt hundreår har Unn Vibeke Hol vore skodespelar på Det Norske Teatret. Sidan teaterdebuten som Tussie i framsyninga Ole Brumm har ho gjort eit utal roller. Stemma hennar har du garantert høyrt. Kanskje du har møtt henne på skogtur med hunden, medan ho puggar replikkar. Eller på film, som Disney-prinsesse, Teletubbie, Snorkfrøken, tårnfalk eller Meryl Streep. Ho har gjort det meste. Og sjølv om Unn Vibeke no er blitt pensjonist, tenkjer ho framleis at dei beste rollene ligg framfor henne. Høyr om dette, og mykje meir, i denne episoden av Språkoppdr...2022-05-0641 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetUnn Vibeke Hol om dialekt, dubbing og eit liv i teateretI nesten eit halvt hundreår har Unn Vibeke Hol vore skodespelar på Det Norske Teatret. Sidan teaterdebuten som Tussie i framsyninga Ole Brumm har ho gjort eit utal roller. Stemma hennar har du garantert høyrt. Kanskje du har møtt henne på skogtur med hunden, medan ho puggar replikkar. Eller på film, som Disney-prinsesse, Teletubbie, Snorkfrøken, tårnfalk eller Meryl Streep. Ho har gjort det meste. Og sjølv om Unn Vibeke no er blitt pensjonist, tenkjer ho framleis at dei beste rollene ligg framfor henne. Høyr om dette, og mykje meir, i denne episoden av Språkoppdr...2022-05-0641 minBarnebokpratBarnebokpratVisuell fortellingDen visuelle fortellingen er utgangspunkt for flere tilgrensende fagfelt. I denne podkastepisoden møter vi sentrale aktører innen illustrasjon, scenografi og film, for å belyse problemstillinger som også har relevans for skapere av bildebøker og tegneserier, og andre interesserte.Hvordan bygger en scenograf et visuelt univers?Hva kan illustratører lære om dramaturgi fra en filmklipper?Hvilke tanker gjør en filmregissør og tegneserietegner seg om likhetene og forskjellene mellom tegneserie og film?Podkasten bygger på og har med utdrag fra seminaret Metoder i visuell fortelling som ble avholdt ved Norsk barnebokinstitutt høsten 2021 for illustr...2022-04-2838 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetSara Khorami om Kristin Lavransdotter, dubbing og livet som tospråklegNår Det Norske Teatret set opp romanverket Kristin Lavransdotter på Hovudscenen, er det skodespelar Sara Khorami som speler tittelrolla. I løpet av 8 timar maratonteater skal ho følgje Kristin frå barndom til grav. I denne episoden av Språkoppdraget får du høyre korleis det er å vere ein språkleg kameleon, om å dubbe såpeopera for mormor, til sjølv å bli dubba på farsi, om skilnaden på å spele i film og teater, og om likskapen mellom språket til Sigrid Undset og farsi. Og er det eigentleg sant at «menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager»? Dette og meir får du...2022-04-2030 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetSara Khorami om Kristin Lavransdotter, dubbing og livet som tospråklegNår Det Norske Teatret set opp romanverket Kristin Lavransdotter på Hovudscenen, er det skodespelar Sara Khorami som speler tittelrolla. I løpet av 8 timar maratonteater skal ho følgje Kristin frå barndom til grav. I denne episoden av Språkoppdraget får du høyre korleis det er å vere ein språkleg kameleon, om å dubbe såpeopera for mormor, til sjølv å bli dubba på farsi, om skilnaden på å spele i film og teater, og om likskapen mellom språket til Sigrid Undset og farsi. Og er det eigentleg sant at «menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager»? Dette og meir får du...2022-04-2030 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetAlfred Fidjestøl om den spektakulære historia til Det Norske TeatretNo til dags utspeler det meste av dramatikken på Det Norske Teatret seg på scenane våre. Men slik var det ikkje i oktober 1913, då teateret opna. Den gongen utspelte dei mest dramatiske scenane seg i gatene rundt teateret, der fleire tusen menneske tok del i gatekampar, fleire kveldar på rad. Og det var ikkje teaterframsyningane i seg sjølv som førte til det sterke engasjementet; det var at teateret spelte på nynorsk, midt i Oslo sentrum. I denne episoden av Språkoppdraget tar filosof, journalist og biograf Alfred Fidjestøl oss gjennom den spektakulære historia til Det Norske Teat...2022-04-0630 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetAlfred Fidjestøl om den spektakulære historia til Det Norske TeatretNo til dags utspeler det meste av dramatikken på Det Norske Teatret seg på scenane våre.Men slik var det ikkje i oktober 1913, då teateret opna. Den gongen utspelte dei mest dramatiske scenane seg i gatene rundt teateret, der fleire tusen menneske tok del i gatekampar, fleire kveldar på rad.Og det var ikkje teaterframsyningane i seg sjølv som førte til det sterke engasjementet; det var at teateret spelte på nynorsk, midt i Oslo sentrum.I denne episoden av Språkoppdraget tar filosof, journalist og biograf Alfred Fidjestøl oss gjennom den spektakulære historia til Det Norske Teat...2022-04-0630 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetRunar Gudnason om rap, teater og gleda ved eit godt rimRunar Gudnason er kjent for mange som rappar i Side Brok, og no er språkmennesket frå heimbygda til Ivar Aasen aktuell som gjendiktar på Det Norske Teatret. Når Into the Woods kjem opp på Hovudscenen denne våren, er det i Gudnason si norske språkdrakt. I denne episoden av Språkoppdraget blir vi med han inn i ein skog og snakkar om jobben med å dikte om den samansette og referansetunge musikalen til Sondheim til norsk. Vi snakkar om nynorsk og dansk, om rap og om rim, om den gode kjensla av å finne nøkkelen til korleis ein song skal d...2022-03-2333 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetRunar Gudnason om rap, teater og gleda ved eit godt rimRunar Gudnason er kjent for mange som rappar i Side Brok, og no er språkmennesket frå heimbygda til Ivar Aasen aktuell som gjendiktar på Det Norske Teatret. Når Into the Woods kjem opp på Hovudscenen denne våren, er det i Gudnason si norske språkdrakt. I denne episoden av Språkoppdraget blir vi med han inn i ein skog og snakkar om jobben med å dikte om den samansette og referansetunge musikalen til Sondheim til norsk. Vi snakkar om nynorsk og dansk, om rap og om rim, om den gode kjensla av å finne nøkkelen til korleis ein song skal d...2022-03-2333 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetLine Norman Hjorth om språket i Orderud-saken og truverd til rettssalenTrippeldrapet på garden Orderud i 1999 er ei av dei mest omtala drapssakene i Noreg. Ingen er dømd for drapa, men fire personar blei dømde for medverknad. Med få tekniske bevis, handla rettssaka i stor grad om truverd. Kva er det som gjer at vi har tillit til nokon, men mistrur andre? Kva rolle speler språket i ei rettssak? Og kva vil det seie å ha truverd til rettssalen? Det er tema for denne episoden av Språkoppdraget. Gjest er forfattar Line Norman Hjorth. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dre...2022-03-1639 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetLine Norman Hjorth om språket i Orderud-saken og truverd til rettssalenTrippeldrapet på garden Orderud i 1999 er ei av dei mest omtala drapssakene i Noreg. Ingen er dømd for drapa, men fire personar blei dømde for medverknad. Med få tekniske bevis, handla rettssaka i stor grad om truverd. Kva er det som gjer at vi har tillit til nokon, men mistrur andre? Kva rolle speler språket i ei rettssak? Og kva vil det seie å ha truverd til rettssalen? Det er tema for denne episoden av Språkoppdraget. Gjest er forfattar Line Norman Hjorth.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dre...2022-03-1639 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetGuri og Olav Vesaas om faren Tarjei Vesaas, om Fuglane og teateretI år er det 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd, og i høve jubileet set Det Norske Teatret opp romanen hans Fuglane i ei ny dramatisering. I denne episoden av Språkoppdraget har vi besøk av barna til Tarjei Vesaas, Guri og Olav Vesaas. Dei fortel om Tarjei Vesaas sitt forhold til språket, til teateret og ikkje minst til romanen Fuglane og karakteren Mattis.  Vi snakkar også om mor til Guri og Olav, Halldis Moren Vesaas og hennar virke som gjendiktar og omsetjar ved Det Norske Teatret. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske T...2022-02-2357 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetGuri og Olav Vesaas om faren Tarjei Vesaas, om Fuglane og teateretI år er det 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd, og i høve jubileet set Det Norske Teatret opp romanen hans Fuglane i ei ny dramatisering. I denne episoden av Språkoppdraget har vi besøk av barna til Tarjei Vesaas, Guri og Olav Vesaas. Dei fortel om Tarjei Vesaas sitt forhold til språket, til teateret og ikkje minst til romanen Fuglane og karakteren Mattis.  Vi snakkar også om mor til Guri og Olav, Halldis Moren Vesaas og hennar virke som gjendiktar og omsetjar ved Det Norske Teatret.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske T...2022-02-2357 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetArne Lygre om Tid for glede, tid for ros – og om å skrive sitt første teaterstykke på nynorskSesong 2 av Språkoppdraget er i gang, og årets første gjest er dramatikar Arne Lygre. Han har skrive bestillingsverket Tid for glede som hadde urpremiere på Hovudscenen 29. januar, i Johannes Holmen Dahl sin regi. Stykket har fått strålande mottaking frå publikum og kritikarar. I Språkoppdraget snakkar Lygre om korleis det er å få oppdraget med å skrive for den største scenen på Det Norske Teatret, om korleis det er å ta imot så mykje ros frå kritikarane, og korleis det var for han å skrive sitt første teaterstykke på nynorsk. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret...2022-02-0935 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetArne Lygre om Tid for glede, tid for ros – og om å skrive sitt første teaterstykke på nynorskSesong 2 av Språkoppdraget er i gang, og årets første gjest er dramatikar Arne Lygre. Han har skrive bestillingsverket Tid for glede som hadde urpremiere på Hovudscenen 29. januar, i Johannes Holmen Dahl sin regi. Stykket har fått strålande mottaking frå publikum og kritikarar. I Språkoppdraget snakkar Lygre om korleis det er å få oppdraget med å skrive for den største scenen på Det Norske Teatret, om korleis det er å ta imot så mykje ros frå kritikarane, og korleis det var for han å skrive sitt første teaterstykke på nynorsk.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret...2022-02-0935 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetMette Elisabeth Nergård om julebrevets mystikk og overraskingarJulebreva frå slekt og vennar i resten av landet var årets høgdepunkt då Mette Elisabeth Nergård vaks opp i Finnmark. Dei små historiene om andre folk sine liv vart lesne som små fiksjonsforteljingar. Og då ho seinare begynte å forske på julebrevsjangeren, fann ho ut at fleire av oss pyntar litt på sanninga i det masseproduserte julebrevet. Kor mykje er det lov å skryte og kva bør ein absolutt ikkje skrive om? Kven er julebrevet til for, avsendaren eller mottakaren? Og korleis går det med julebrevet no når det er jul heile året - på Facebook. Svara får du i den fjer...2021-12-1533 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetMette Elisabeth Nergård om julebrevets mystikk og overraskingarJulebreva frå slekt og vennar i resten av landet var årets høgdepunkt då Mette Elisabeth Nergård vaks opp i Finnmark. Dei små historiene om andre folk sine liv vart lesne som små fiksjonsforteljingar. Og då ho seinare begynte å forske på julebrevsjangeren, fann ho ut at fleire av oss pyntar litt på sanninga i det masseproduserte julebrevet. Kor mykje er det lov å skryte og kva bør ein absolutt ikkje skrive om? Kven er julebrevet til for, avsendaren eller mottakaren? Og korleis går det med julebrevet no når det er jul heile året - på Facebook.Svara får du i den fjer...2021-12-1533 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetTom Roger Aadland om Bob Dylan på norskDet er dessverre veldig mange her i verda som ikkje skriv nynorsk. Ein av dei er Bob Dylan. Flaks, derfor, at vi har Tom Roger Aadland i landet, som har tatt på seg oppdraget med å finne norsk språkdrakt til Dylans tekstar. Aadland er gjest i Språkoppdraget, og med gitaren på fanget fortel han om konsertframsyninga Vikla inn i blått, sin første Dylan-kassett og korfor Sad-Eyed Lady of the Lowlands funkar som Sorgsame kvinne ifrå Jæren.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Tea...2021-12-0139 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetTom Roger Aadland om Bob Dylan på norskDet er dessverre veldig mange her i verda som ikkje skriv nynorsk. Ein av dei er Bob Dylan. Flaks, derfor, at vi har Tom Roger Aadland i landet, som har tatt på seg oppdraget med å finne norsk språkdrakt til Dylans tekstar. Aadland er gjest i Språkoppdraget, og med gitaren på fanget fortel han om konsertframsyninga Vikla inn i blått, sin første Dylan-kassett og korfor Sad-Eyed Lady of the Lowlands funkar som Sorgsame kvinne ifrå Jæren. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Tea2021-12-0139 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetSpråkdirektør Åse Wetås om pandemispråket og pandemiar i språketPandemien slo innover oss i mars 2020 og endra måten vi levde på, jobba på og kva vi snakka om. Direktør i Språkrådet, Åse Wetås er gjest i denne episoden av Språkoppdraget. Vi snakkar om pandemispråket, om pandemiar i språket og om kva som kjem til å stå att i språket etter nærmare to år med korona. Og kva var no riktig uttale av dette ordet igjen? Det får du også svaret på i andre episode av Språkoppdraget. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dre...2021-11-1733 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetSpråkdirektør Åse Wetås om pandemispråket og pandemiar i språketPandemien slo innover oss i mars 2020 og endra måten vi levde på, jobba på og kva vi snakka om. Direktør i Språkrådet, Åse Wetås er gjest i denne episoden av Språkoppdraget. Vi snakkar om pandemispråket, om pandemiar i språket og om kva som kjem til å stå att i språket etter nærmare to år med korona. Og kva var no riktig uttale av dette ordet igjen? Det får du også svaret på i andre episode av Språkoppdraget.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dre...2021-11-1733 minupodupodNåheten for nyhetens skyldVelkommen til en umønstret samtale.  I denne samtalen snaker vi om teater. Gjesten er en nyutdannet regissør som nylig har oppført sin diplomoppgave på Det Norske teatret. Gjesten tenker på å regissere teater som det å bygge en hinderløype. Vi snakker om diplomoppgaven og om det å velge seg et stykke. Gjesten er opptatt av at teater ikke bare skal være som en dårlig film og om å se på teatret som en gisselsituasjon eller et rom som er umiddelbart og mellommenneskelig. Avslutningsvis snakker vi også om hvordan kunsten er forskjellig fra underholdningen.2021-11-161h 07SpråkoppdragetSpråkoppdragetSvein Tindberg om språk, tru og Peppa grisKorleis går det an å hugse ein monolog kveld etter kveld, kor mykje tekst er det plass til inni eit hovud og korleis er det for ein groruddøl å jobbe på nynorsk? Skodespelar Svein Tindberg snakkar om forholdet sitt til språk og tekst, om eit langt liv på Det Norske Teatret og om korleis det er å ha ei stemme som dei aller fleste i Noreg har høyrt på barne-TV.Programleiarar er språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås. Produsert av Ole Herman Andersen Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more informati2021-11-0329 minSpråkoppdragetSpråkoppdragetSvein Tindberg om språk, tru og Peppa grisKorleis går det an å hugse ein monolog kveld etter kveld, kor mykje tekst er det plass til inni eit hovud og korleis er det for ein groruddøl å jobbe på nynorsk? Skodespelar Svein Tindberg snakkar om forholdet sitt til språk og tekst, om eit langt liv på Det Norske Teatret og om korleis det er å ha ei stemme som dei aller fleste i Noreg har høyrt på barne-TV. Programleiarar er språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås. Produsert av Ole Herman Andersen2021-11-0329 minBakteppetBakteppetDekameronen del 10 • Elvis Presley Bluesav Frode Grytten, frå «Garasjeland», Forlaget Oktober (2020).Fortalt av Ingrid Jørgensen Dragland Regissør: Siri Løkholm RambergI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.2021-04-3047 minBakteppetBakteppetDekameronen del 9 • Utdrag frå 11 meter – Straffesparkets historieav Nils Henrik Smith, Kagge (2020). Fortalt av Kristoffer OlsenRegissør: Anders HasmoI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.2021-04-2911 minBakteppetBakteppetDekameronen del 8 • Langtransportav Gaute M. SortlandFortalt av Sarah Francesca BrænneRegissør: Siri Løkholm RambergI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.2021-04-2816 minBakteppetBakteppetDekameronen del 7 • Vegen til Aeshanessav Odd Goksøyr, frå «Aljamarkir», Det Norske Samlaget (2020).Fortalt av Unn Vibeke Hol Regissør: Siri Løkholm RambergI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.2021-04-2728 minBakteppetBakteppetDekameronen del 6 • Ryktet gårav Einar Økland. Frå «Forteljingar og fablar frå andre tider», Det Norske Samlaget (2015). Fortalt av Hilde Olausson Regissør: Anders HasmoI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.2021-04-2622 minBakteppetBakteppetDekameronen del 5 • HeimI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.av Marit Kaldhol. Frå «enno var dei kroppar», Det Norske Samlaget (2021).Fortalt av Andreas Koschinski Kvisgaard Regissør: Siri Løkholm Ramberg Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.2021-04-2318 minBakteppetBakteppetDekameronen del 4 • Ålen i glasetI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.Av Lars Petter Sveen. Frå «Ingenmannsland. Nye nynorske noveller», Det Norske Samlaget (2020).  Fortalt av Niklas Gundersen Regissør: Anders Hasmo Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.2021-04-2228 minBakteppetBakteppetDekameronen del 3 • Eit besøk til Monk’s HouseI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.av Gunnhild Øyehaug. Frå «Vonde blomar», Kolon (2020). Fortalt av Emil JohnsenRegissør: Siri Løkholm Ramberg Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.2021-04-2118 minBakteppetBakteppetDekameronen del 2 • Far og egI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.Novelle av Pär Lagerkvist, originaltittel Far och jag frå «Onde sagor» (1924). Framført etter avtale med © Pär Lagerkvist Estate. Omsett frå svensk av Inger Johanne Sæterbakk (2021)Fortalt av Amund Sigurdssønn Karls...2021-04-2012 minBakteppetBakteppetDekameronen del 1 • Dei siste beatpoetane i Midt-HordalandI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.Av Ragnar Hovland. Frå «Vegen smal og porte trong», Det Norske Samlaget (1981)Fortalt av Karl-Vidar Lende Regissør: Siri Løkholm Ramberg Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.2021-04-1927 min