podcast
details
.com
Print
Share
Look for any podcast host, guest or anyone
Search
Showing episodes and shows of
Radio Stryn
Shows
Radio Stryn Podcast
Jabbing om jobb #18 med Rune Solheim - entreprenøren frå Rake
Rune Solheim er ein entreprenør i alle ordets tydingar. Han likar at ting skjer, og er gjerne den som set tinga i gang. Solheim har sett spor både i Stryn og Ålesund, og er van med at folk har meiningar om det han driv med. Men så har han også ein del meiningar sjølv. Bli betre kjent med "mannen bak Kamben".
2025-12-01
45 min
Radio Stryn Podcast
Jabbing om jobb #12 Barnevernsleiar Rita Stølen Veamyhr
Bli betre kjent med leiaren for barnevernstenesta i Stryn. 23 år i jobben og klar for nye!
2025-09-23
31 min
Radio Stryn Podcast
#67 Sport und Spaß 17.september 2025 -Jostein Flo
Hovudgjest i sendinga er Jostein Flo. 61-åringen takkar for seg etter 29 år i Strømsgodset, der han har vore både spelar, marknadssjef, dagleg leiar og ikkje minst sportssjef. Vi har også besøk i studio av Marie Haugen og Oddny Grete Njøten som oppdaterer oss på ståda i seniorhandballen i Stryn T&IL.
2025-09-18
1h 04
Radio Stryn Podcast
#65 Sport und Spaß: Stryn sine "Gutta på tur"
Mannsterk sending der vi har besøk av Nils Petter Hauge, Terje Walaker, John Rasmus Sæbø og Hallvard Skrede. Ein kameratgjeng som møtes til turar kvar onsdag - og litt til. Vi får også innside-informasjon om "skjeggestuntet på Stryn stadion" av hovudpersonen sjølv, Frank Hool.
2025-05-28
1h 02
Radio Stryn Podcast
#62 Sport und Spaß 4.desember med Espen R. Nakstad
Kveldens gjest er sjølvaste 71 grader Nord-vinnaren, Espen R. Nakstad! Norges tøffaste kjendis fortel om turen gjennom Stryn og Hornindal, forholdet til dei andre deltakarane og det å halde deltakinga skjult for kollegaer og vener. Han blir også utfordra på ei dialektoppgåve. I sendinga ringer vi også opp Månadens lyttar og det blir spalten "Ka i alje dage"?
2024-12-05
56 min
Radio Stryn Podcast
Jabbing om jobb #7: Landsbylegen Marius Solbakken
I den 7. episoden kan du bli betre kjent med Marius Solbakken. Austlendingen som kunne tenkt seg å bli snikkar, men som enda opp som kommuneoverlege i Stryn.
2024-11-17
33 min
Radio Stryn Podcast
Gjesteserie: Jabbing om jobb #5: Dama med samfunnsplanen - Oline Horten
Oline Horten er ei ung oslokvinne som enda opp som prosjektleiar for Stryn kommune sin samfunnsplan. Høyr korleis året i Stryn har vore og kva tankar ho gjer seg om livet i ein liten vestlandskommune.
2024-10-29
23 min
Radio Stryn Podcast
#60 Sport und Spas 9.oktober 2024
Sending nummer 60! Med oss i studio er energibomba Siri Linn Opsahl. Ho er treningsinstruktør, formann i idrettslaget, gründer og fritidskoordinator. Jon Terje Tjellaug gir siste status om Stryn fotball før dei to siste og avgjerande kampane i Kretsligaen, og vi får høyre om Randabygda sin nye landslagsspelar - i rugby!
2024-10-10
1h 02
Radio Stryn Podcast
NY SERIE: Jabbing om jobb #1: Gründer Elisabeth Flo
Jabbing om jobb er ein ny serie på Radio Stryn der vi møter personar frå ulike bransjar og kategoriar, og med ulike roller, i arbeidslivet. I den første episoden kan du bli betre kjent med gründer Elisabeth Flo (30) som driv Seniortrim.
2024-09-19
37 min
Radio Stryn Podcast
#59 (1 sesong 8) Sport und Spaß 11.september 2024
Gjester i studio er Jørgen Trøsken frå Stryn sitt herrelag i fotball, som pratar om kampen for tilværet i Kretsligaen, og handballtrenar Roy Veamyhr som er klar for nok ein sesong med handballdamene. I tillegg har vi med rekord-paret frå Skarsteinsetra Opp, Trond Håkon Trondsen og Synnøve Torp.
2024-09-11
59 min
Radio Stryn Podcast
Gjestesending: 20 år sidan Landsfestivalen for kor i Stryn
20.-22. mai 2004 var vesle Stryn arrangør av den store Landsfestivalen for kor. Arrangementet samla 1.500 songarar frå nærare 50 kor frå heile landet. Margaret Venøy Flo og Tanja Selbervik Hage var med i arrangementskomiteen og deler minner frå tre dagar med fire årstider.
2024-05-23
1h 12
Radio Stryn Podcast
Gjestesending: Stryn Ping Pong Club (SPPC) 20 år
I april 2004 såg guteklubben Stryn Ping Pong Club dagens lys. Ganske tilfeldig og utan vidare plan for kva dette skulle utvikle seg til å bli. Kåre Tonning, Arve Aaning, Åge Rustøen og Christer Lunde Solberg er på plass i radiostudio for å mimre om 20 år med galskap og kameratskap. I tillegg bidreg Kim Rune Flo, Torstein Breivik, Jan Egil Flo og Robin Vonheim i sendinga.
2024-04-26
1h 33
Radio Stryn Podcast
20 år sidan junior-VM i Stryn. Kultur og mediedekning, del 2/3.
Frode Bakken, Berit Hisdal Lunde, Sigrid Moldestad, Helge Sunde og Hans Holmøyvik er gjester i del to av mimreserien om junior-VM i Stryn 2004.
2024-02-01
45 min
Radio Stryn Podcast
20 år sidan junior-VM i Stryn. Bakgrunn og organisering, del 1/3: .
I denne første sendinga ser vi tilbake på korleis det heile starta og korleis vesle Stryn rigga seg for gigantarrangementet i 2004. Gjester i studio er Oddvin Vonheim og Inge Fænn.
2024-01-24
37 min
Radio Stryn Podcast
Førjulskos Radio Stryn 21. desember 2023 (NY og betre versjon)
GJESTER: Holko & Hauge, Linda Gytri, Anders Victor Kvile, Arne P. Sunde, Anne Merete Erdal og Marit Almenning.
2023-12-23
1h 55
Radio Stryn Podcast
Reklame for ny sending av Sport Und Spaß 13. desember
Reklame for ny sending av Sport Und Spaß 13. desember by Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast
2023-12-05
01 min
Radio Stryn Podcast
#51 Sport und Spaß 15. november 2023
Sesong 7! Frank Hool, Thomas Thaule og Roy Aron B. Myklebust er tilbake etter to års pause. Gjester er Stryn fotball sin toppscorar Emma Dorthea Lødemel og tidlegare VG-TV journalist Jamel Rake. Sistnemnde fortel om sin nye jobb og kjem dessutan med snacks-tips. I sendinga høyrer du også nye spaltar; "Ka i allje daga"? og "Jan Kveens Treningstips".
2023-11-16
1h 01
Radio Stryn Podcast
Førjulskos Radio Stryn
Gjester i studio, helsingar og masse god julemusikk! Sendt 22. desember på Radio Stryn. Programvertar er Ove Andre Aarskog og Roy Aron Brenvik Myklebust.
2022-12-23
1h 33
Radio Stryn Podcast
Reklame for Sport und Spas Julekalender
Kvar dag fram til jul trekk Frank Hool, Thomas Thaule og Roy Aron B. Myklebust ut eit nytt lydklipp med ein tidlegare gjest, og utfordrar deg til å vere med og gjette kven personen er. Nokre hint på vegen vankar det også. Ei ny lyd-luke vert sendt på Radio Stryn kvar dag fram til julaftan. Den vert også lagt ut på Fjordingen si nettside, slik at du kan høyre den når det høver deg best. Vinnarar og svar blir også offentleggjort på nettsida.
2022-11-28
01 min
Radio Stryn Podcast
25. Vekas utvalde med Kristin Hatledal 23.11.2022
Kristin Hatledal har lagt bak seg 10 år som biblioteksjef i Stryn. 39-åringen har ei lang akademisk utdanning bak seg, har gitt ut bok om motstandskvinner under krigen og kan også skilte med ei brukbar langrennskarriere som junior og ung senior. Ho trakterer dessutan hjullaster og gravemaskin!
2022-11-23
38 min
Radio Stryn Podcast
22. Vekas utvalde med Heidi Holmlund
Heidi Holmlund er ernæringsfysiolog som har samarbeidd tett med nokre av verdas beste langrennskvinner, der iblant Marit Bjørgen og Therese Johaug. Etter 16 år i Olympiatoppen har kvinna frå Narvik no innleia eit tett samarbeid med eigen mann, Svein Ørjasæter, i utviklinga av Stryn Aktivitetslodge.
2022-11-02
51 min
Radio Stryn Podcast
21. Vekas utvalde med Ketil Rasmussen 26. oktober 2022
Bli betre kjent med musikaren frå Nordkapp som enda opp som kulturskulerektor i Stryn. Ketil Rasmussen har vore solist i SKRUK, opptredd på TV og turnert i utlandet.
2022-10-27
43 min
Radio Stryn Podcast
20. Vekas utvalde med Stryn Fotball 100 år
I denne sendinga set vi fokus på Stryn fotball som fyller 100 år, og har invitert Per Sætre, Harald Vartdal og Evy M. Rossetvik til studio. Dei sit i arbeidsgruppa for jubileet. Jostein Flo er med på telefon.
2022-10-19
48 min
Radio Stryn Podcast
12. Vekas utvalde med Sonja Øvre-Flo 24. august
Sonja Øvre-Flo; Ordførarkandidat og nybakt bestemor. Bli betre kjent med servitøren frå Sunnmøre som har sikta seg inn på ordførarjobben i Stryn.
2022-08-25
35 min
Radio Stryn Podcast
11. Vekas utvalde med Jørn Sønsterudbråten 17. august
Jørn Sønsterudbråten er gjennom Fagre Stryn Aktivitetsselskap ansvarleg for organiseringa av Stryn sine to største arrangement; Motorfestivalen og Strynemessa. Bli betre kjent med den tidlegare tømraren og handballspelaren frå Oppsal.
2022-08-17
44 min
Radio Stryn Podcast
7. Vekas utvalde med Ketil Finsås Hansen
Onsdagane får Fjordingen-journalist og programleiar Roy Aron Brenvik Myklebust besøk i Radio Stryn-studio av ein aktuell gjest. Denne gongen har bygdeutviklar, amatørskodespelar og sacco sekk-seljar Ketil Finsås Hansen teke turen innom.
2022-06-28
58 min
Radio Stryn Podcast
1. Vekas Utvalde med Kari Synnøve Muri
Kvar onsdag frametter våren får Fjordingen-journalist og programleiar Roy Aron Brenvik Myklebust besøk i studio av ein aktuell gjest. I løpet av den timelange praten får lyttarane høve til å bli betre kjende med personar frå lokalmiljøet som er engasjert i aktuelle saker eller arrangement og hendingar i området. I dette programmet er kyrkjeverje og lokalpolitikar Kari Synnøve Muri gjest. Programmet var sendt 4. mai 2022.
2022-05-21
59 min
Radio Stryn Podcast
2. Vekas Utvalde med Jan Egil Flo
Kvar onsdag frametter våren får Fjordingen-journalist og programleiar Roy Aron Brenvik Myklebust besøk i studio av ein aktuell gjest. I løpet av den timelange praten får lyttarane høve til å bli betre kjende med personar frå lokalmiljøet som er engasjert i aktuelle saker eller arrangement og hendingar i området. I dette programmet er Moods-medeigar Jan Egil Flo gjest. Programmet vart sendt 11. mai.
2022-05-21
54 min
Stao no Pao
S1 E6 Treningskamp mot Førde og Stryn, ny signering og resten av pre-season
I denne episoden tok Martin og Sondre ein liten prat om dei to siste treningskampane mot Førde og Stryn. Du kan også høyra tankar om vår nye spiss, korleis pre-season har vore so langt og korleis resten av pre-season blir for gutta våre.
2022-03-10
22 min
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß, sending nummer 50, 8. desember 2021
JUBILEUMSSENDING med lokalsport-quiz og maratonstunt! Harald Vartdal er quizmaster, medan Inge Asbjørn Haugen fullførte ein fullverdig maraton med målgang i radiostudio! Bryn deg på spørsmåla og høyr kven som vart kåra til Årets lokalsportleksikon.
2021-12-09
1h 49
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 49, 24. november 2021
I denne sendinga er Skåla Opp-general Erik Rune Brendefur gjest. Til sommaren vert siste utgåva av motbakkeløpet arrangert, og vi høyrer om det er nye ting på gang. Det vert også litt mimring om tida som fotballspelar i Stryn og Loen og ein sveip innom favorittlaget Leeds. I sendinga elles høyrer du Inge Asbjørn Haugen fortelje om utfordringa han har fått frå Sport und Spaß til jubileumssendinga 8. desember- som blir den 50. i rekkja. Vi trekkjer vinnar av konkurransen og det blir eit nytt "Rim med Rakje".
2021-11-28
1h 09
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß, sending 48, 17. november 2021
Denne sendinga er via "oppslagsverket" frå Olden, Oddvar Auflem. Her går praten i alt frå kattugler til travløp og saueklipping!
2021-11-18
1h 18
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 47, 03. november 2021
Gjester er Jarle Flo og Torje Seljeset. I tillegg får du lokalsportrunde, Rim med Rakje og vi kårar vinnar av konkurransen.
2021-11-04
1h 14
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 46, 13. oktober 2021
Kveldens gjest er rykande fersk verdsmeister i benkpress, Signe Elisabeth Belden (38). Det vert også lokalsportrunde, Rim med Rakje og vi kårar vinnar av Aafk- og Bryne-drakt.
2021-10-14
53 min
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 45, 15. september 2021
Storfint besøk av Loen og Stryn sin store fotballson, Mats Solheim. Prat med fersk gullvinnar for Førde Volleyballklubb, Oskar Raftevold. Lokalsportrunde, Rim med Rakje og trekking av konkurransevinnar.
2021-09-15
1h 33
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 44, 1. september 2021
Gjester i studio er Jørn Peder Sætre og Sigurd Fænn. Hans Petter Galtung med rapport frå Olden IL før UM friidrett, Rim med Rakje og konkurranse.
2021-09-04
56 min
Villmarksliv
Turen går til Stryn og Indre Nordfjord
Stryn og Indre Nordfjord er et fantastisk turområde, som byr på alt fra ekstreme toppturer til familievennlige nærturer. I denne episoden har vi besøk av Olav Auflem og Odd Henrik Berge fra Indre Nordfjord Turlag. De tipser om flotte turer og turområder fra hav og fjord til fjell og bre.Hør i iTunesHør på AcastFølg Villmarksliv på FacebookFølg Villmarksliv på InstagramStøtt produksjonen av podkasten Villmarksliv ved å abonnere på bladet Villmarksliv eller ta et frivillig abonnement via...
2021-07-09
41 min
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 43, 2. Juni 2021
Per Egil Flo er tilbake i Sogndal. Håvard Flo mimrar om cupmeisterskap og gyldne år i Aarhus og song- og skiskyttartalentet Oselie Henden satsar vidare. Nytt rim med Rakje og vi trekkjer heldig vinnar av Ålesund-drakt.
2021-06-03
1h 22
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß, sending 42, 19. mai 2021
Kveldens hovudgjest er Johann Sigurdsson. Indre glød, spinning og lærar-comeback er mellom tema som blir diskutert. Idol-vinnar og Viking sin marknadssjef, Kjartan Salvesen, fortel om eiga fotballkarriere, cupfinalelåt og trekker dessutan vinnar av Viking-drakt! Du høyrer også volleyballspelaren Oskar Raftevold som nyleg fekk sin landslagsdebut, og Roy Veamyhr fortel om ståda i Stryn handball.
2021-05-20
1h 20
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 41, 5. mai 2021
Ei sending i luftsportens teikn! Amber Forte, Espen Fadnes og Even Flo bidreg med kunnskap og gode historier frå livet i vingedrakt. Anne Marie Svarstad opplyser oss om orienteringssporten. Det blir nye rim med Rakje og Frank Hool byr på nytt uttrykk frå sportsverda.
2021-05-06
1h 29
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß, sending 40, 21. april 2021
Sending 40! Sondre Roset har gått ein 102,7 km lang skitur. Jostein Flo med tankar for framtida etter at han gav seg som sportsleg leiar i Strømsgodset og handballspelaren Joanna Øvre-Flo jobbar mot toppseriespel i Bergen.
2021-04-22
1h 08
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß, sending 39, 7. april 2021
Jan Heggheim er Rochdale-supporter. Trakkemaskinkøyrar Arvid Hatledal er sånn passeleg gald for påfyll av snø og Jamel Rake avdramatiserer sin exit frå podcasten Fopall. Det blir nytt rim med Rakje, lektor Hool gir oss forklaringa på uttrykket "No blir det andre boller" og vi trekkjer vinnaren av det bugnande påskeegget!
2021-04-08
1h 12
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß, sending 38, 24.mars 2021
Sjur Ole Svarstad om Bø-bragdene i verdscup-samandraget. Fersk sølvmedaljevinnar frå NM skiskyting, Simon Hjelmeset Kirkeeide, er direkte inne frå smørjeboda. Sogndaltrenar og ex Leeds-spelar, Eirik Bakke, håpar på nye spelarar frå Stryn til saftbygda. Hanna Tenden er klar for veteranrolla på damelaget. Og vi trekkjer den heldige vinnaren av Sogndaldrakt, signert av Eirik Bakke og Håvard Flo!
2021-03-24
1h 20
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß, sending 37, 10. mars 2021
Gjester: Jarle Midthjell Gjørven, Per Egil Flo, Johnny Seljeset og Lasse Hjelle. Det blir også nye rim frå Atle Rake og språksnakk ved Peter Paddington.
2021-03-11
1h 24
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß, sending 36, 17. februar 2021
Vi har funne NM-fanfaren frå 1996! Dugnadsnarkoman Ivar Erik Revedal gjestar studio. Inge Brynestad fortel om korleis det er å sjå VM i skiskyting frå stova og ikkje tribuna, der han brukar å vere. Edvin Haugen fortel om sitt engasjement for Hornindal-fotball, både gjennom lagsarbeid og innsamling og deling av gamle foto av fotballivet i "Hønndala". Elles kan du høyre nytt Rim med Rakje og kven som var den heldig uttrekte av NM-funkjsonærantrekk frå 1996!
2021-02-17
1h 13
Radio Stryn Podcast
Innovation Support er stolt sponsor av Sport und Spaß sesong 5!
Innovation Support er stolt sponsor av Sport und Spaß sesong 5! by Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast
2021-02-04
01 min
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 35, 3. februar 2021. NM Spesial
Det er 25 år sidan NM på ski nordiske greiner i Stryn. Vi mimrar om festdagane på Ullsheim og i Bjørkelibakken. Bidragsytarar i sendinga er: Inge Fænn (leiar hovudkomiteen), Odd-Bjørn Hjelmeset (utøvar og bronsevinnar 5-mila), Inger Marie Svingeset (tilsett NM-kontoret), Gunnhild Sindre (komponist NM-fanfaren), Hans Holmøyvik (tidl. journalist Fjordingen), Johnny Seljeset (deltakar langrenn frå Markane) og Ola Ødegård (leiar hoppkomiteen).
2021-02-04
1h 42
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß, sending 34, 16. desember 2020
Sesongavslutning! Harald Vartdal og Nils-Petter Hauge er med som gjester i studio og pratar om sport og smått gjennom sendinga. I tillegg tek vi ein prat Med Evy Mariann Rossetvik og Mats Solheim.
2020-12-17
1h 53
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 33, 2. desember 2020
Gjester i sendinga er: Sander Amble Haugen, Kay Ove Hafsås og Ole Christian Haugen. Du får også eit nytt "Rim med Rakje".
2020-12-03
1h 22
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 32, 11. november 2020
Gjester i studio er skiskyttar Oskar Guddal Breivik og pappa Torstein Breivik. Kveldens blodfan er Arsenal-supporter Karl Ludvik Daae. I lokalsportrunden pratar vi med volleyballspelar Oskar Raftevold og Stryn U20-kaptein, Olivia Wemby. Du får også eit nytt Rim med Rakje.
2020-11-12
1h 20
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 31, 28. oktober 2020
Vi får besøk av fotballspelaren Malin Eikenes Tjellaug som nettopp har vore på si første J15-landslagssamling, Yasmin Sunde Hoel, NRK sportsjournalist frå Stryn, og Anton Andre Sande som stiller i spalten Kveldens blodfan. Han er ihuga Tottenham-supporter. Det blir også lokalsportrunde og "Rim med Rakje".
2020-10-29
1h 24
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 30, 14. oktober 2020
Per Hatledal er hovudgjest og Thor Gotaas er med på telefon når vi snakkar langrenn. Vi tek også ein kjapp prat med Hedda Vatn Øvreberg som er på plass i Åsane i 1. divisjon fotball. Rim med Rakje og Ord- og uttrykksspalte.
2020-10-15
1h 32
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 29 30. september 2020
Denne sendinga er i stor grad via mimring kring "kompislaget" TonKam som herja i botn av divisjonane på første halvdel av 90-talet. John Os og Halvard Bøe er gjester i studio, og Jan Egil Flo bidreg med gode historier på telefon.
2020-10-01
1h 10
Radio Stryn Podcast
Sport Und Spaß sending 28 16.09.2020
Gjester i dagens sending er Anders Fannemel, Edvard Nordang og Arne Scheie. Er Fannemel klar for comeback i hoppbakken? Kven fann EIGENTLEG opp Flo-pasninga? Og høyr dagens Rim med Rakje!
2020-09-17
1h 19
Radio Stryn Podcast
Høyr Sport und Spas onsdag 16. september!
Høyr Sport und Spas onsdag 16. september! by Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast
2020-09-11
01 min
Radio Stryn Podcast
Bunnpris Olden
Bunnpris Olden by Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast
2020-09-07
01 min
Radio Stryn Podcast
Sport und Spas sending 27 02.09.2020
Vi ønskjer velkomen til første sending i den fjerde sesongen! Gjester: Steffen Melheim, Andre Opheim, Jørund Årdal og Simen Lillevik Kjellevold. Nye spaltar: "Rim med Rakje" og "Gamalt Gull".
2020-09-03
1h 31
Radio Stryn Podcast
BONUSPREIK: Sommarprat med Tore Andre Flo
Vi møtte Tore Andre Flo til ein liten prat på leikeplassen i Visnesbakkane, der det heile starta for mannen som seinka Brasil i VM 1998.
2020-07-27
04 min
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 26 10. juni 2020
Sesongavslutning! Gjester: Marie Johannsdottir, Jonn og Gunnar Beinnes, Kristian Brynestad, Marius Skjelbæk og Andre Opheim.
2020-06-11
2h 03
Radio Stryn Podcast
Sport Und Spaß Sending 25 27. Mai 2020
Lone Vik blir Stryn sin tredje kvinnelege handballspelar som får prøve seg på det øvste nivået når ho blir ein del av Molde-stallen i juli. Rasmus Gausemel fortel om gleda av å springe langløp, og Inge Kjetil "Kjøsen" Sandvik gir ein master class i Leeds kunnskapar.
2020-05-28
2h 01
Radio Stryn Podcast
17.mai-sending Radio Stryn
Her kan du høyre den fire timar lange, historiske sendinga, frå Radio Stryn på nasjonaldagen 2020. Intervju, song, talar, dikt og korpsmusikk -for å nemne noko!
2020-05-17
4h 03
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 24 13. mai 2020
Gjester: Ann Kristin Grodås, Jens Isehaug, Bernt Hulsker og Erik Solbakken.
2020-05-14
1h 48
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 23 29.april 2020
Sport und Spaß sending 23 29.april 2020 by Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast
2020-04-30
1h 51
Radio Stryn Podcast
Gromsending Sport Und Spaß Del 1
I påvente av at ei rykande fersk sending skal bli klar i spelaren i desse noko spesielle tider, har vi laga til ein skikkeleg gromtime frå første sesong. Her kan du høyre utdrag frå intervju med Kristian Valen, Johann Sigurdsson, Kjell "Kjellen" Bigset, Åse Ørjasæter, Johannes Thingnes Bø, Odd-Bjørn Hjelmeset, Jens Christian Skrede, Jamel Rake og Svein Olav Solum. Kos dykk!
2020-03-26
59 min
Radio Stryn Podcast
Sending 22 Sport und Spaß 4. mars 2020
Hallvard Skrede er på besøk i studio og mimrar om då han ei kort stund var prisa høgare enn sjølvaste Tore Andre Flo. Tidlegare ekspertkommentator i NRK, Åge Skinstad, er vekas blodfan og fortel om sitt forhold til Stoke. Og vi gratulerer Inge Asbjørn Haugen som æresmedlem i Hornindal IL. Ord og uttrykksspalte, og det blir også lagt litt ekstra i konkurransepotten!
2020-03-05
1h 28
Radio Stryn Podcast
Sending 21 Sport Und Spaß 19. februar 2020
Ei sending i skiskytinga sitt teikn, med stemningsrapport frå VM, prat med onkel Bø, Harald Thingnes, og gjest Tor Ivar Kandal. Men også plass til karane bak Strynesongen, konkurranse og Ord- & uttrykksspalte.
2020-02-20
1h 52
Radio Stryn Podcast
Sending 20 Sport und Spaß 5. februar 2020
Med Inge Brynestad, Ola Lunde, Harald Lødemel og Harald Vartdal.
2020-02-06
1h 46
Radio Stryn Podcast
Sending 19 Sport und Spaß 22. januar
Davy Wathne. Atle Rake. Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim. Emil Hage Streitlien. Ulrik Flo. Say no more!
2020-01-23
1h 53
Radio Stryn Podcast
Sending 18 Sport Und Spaß 18. desember 2019
Sending 18 Sport Und Spaß 18. desember 2019 by Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast
2019-12-19
2h 07
Radio Stryn Podcast
Ord & Uttrykk og konkurranse 27.november 2019
Ord & Uttrykk og konkurranse 27.november 2019 by Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast
2019-12-03
11 min
Radio Stryn Podcast
Sending 17 Sport und Spaß 27.november 2019
Stryn sin nye A-lagstrenar Øystein Hesjedal. Leiaren for fairplayklubben og Derby-supporteren Torstein Tvinnereim. Stryn sin einaste ishockey-supporter, Peter "Rukas" Hallor. Anders Fannemel. Mats Solheim.
2019-11-28
1h 28
Radio Stryn Podcast
Sending 16 Sport Und Spaß 6. november 2019
Sending 16 Sport Und Spaß 6. november 2019 by Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast
2019-11-07
1h 40
Radio Stryn Podcast
Klart for ny sending med Sport und Spaß 6. November!
Aiaiai!
2019-11-04
01 min
Radio Stryn Podcast
Sending 15 Sport Und Spaß 23. oktober 2019
Alfred Tytingvåg. Terese Vik Nygård, Rita Stølen Veamyhr og Rigmor Nesje. Eivind Skjerven - say no more!
2019-10-24
1h 50
Radio Stryn Podcast
Sending 14 Sport und Spaß 9. oktober 2019
I sendinga har vi besøk av skikøyrar, stisyklar, festivalarrangør og campingdrivar Fred Syversen. I studio kjem også tidlegare fotballspelar i Brann og Start, Asbjørn Tenden. Vi mimrar om glansdagane i både strynedrakta og Tippeligaen! Med oss på telefon får vi Frode Grodås. Keepertrenaren på landslaget gir oss siste nytt før den viktige EM-kvaliken mot Spania laurdag. Ein hyllestsong til den tidlegare landslagskjempen blir det også plass til.
2019-10-14
1h 47
Radio Stryn Podcast
Sending 13 Sport und Spaß 25. September 2019
Maraton-grossist Inge Asbjørn Haugen. Anja Bertine Tomasgård og Emma Sæbø frå Stryn fotball. Tidlegare spydkaster Mathias Lilleheim. Skiskyttaress Tarjei Bø. Orienteringsløpar Isak Bergset. Kveldens blodfan er Roger Olsen, Blackburn-supporter.
2019-09-26
2h 00
Radio Stryn Podcast
Reklame for sendinga 25. september
Reklame for sendinga 25. september by Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast
2019-09-24
01 min
Radio Stryn Podcast
Reklame for sending 11. september
Reklame for sending 11. september by Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast
2019-09-09
01 min
Radio Stryn Podcast
Sending 12 Sport und Spaß 28. august 2019
Nybakt junior-norgesmeister Steffen Melheim. Friidrettsentusiast Hans-Petter Galtung. Gromgut og Derby-fan Terje Walaker. Og frå sportsarkivet; Nella-Katrin Flo.
2019-08-29
1h 55
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß er tilbake 28. august!
Onsdag er vi på plass att i Radio Stryn studio med mykje god lokalsport -og meire til! Frank Hool, Thomas Thaule og Roy Aron Myklebust stiller opplagde og solfalma etter ein lang ferie. På gjestelista finn vi Nella Katrin Flo, Steffen Melheim, Hans-Petter Galtung og Terje Walaker.
2019-08-23
01 min
Radio Stryn Podcast
Sending 11 Sport und Spaß 5. juni 2019
Godbitane står i kø i sesongavslutninga i Sport und Spaß! Johan Eirik Meland stiller frisk og rask etter eit år i utlendigheit og fortel om college-livet i New Mexico. Tore Andre Flo er med på telefon frå England og fortel om livet i Chelsea og gir gode tips på vegen til dei som vil opp og fram i fotballverda. Kjell Petter Opheim var eit stort keepertalent, på fleire vis, og han fortel om då hovudet til Christer George hamna i klørne hans. OG ikkje minst er Kristian Valen med i sesongavslutninga og fortel om si fortid i nærradio, om...
2019-06-06
1h 47
Radio Stryn Podcast
Sport Und Spaß sending 10 22. mai 2019
Ajajaj! For eit trekløver vi har med oss i denne sendinga. Andrè Opheim er Olden sin gladgutt nummer ein. Han kan sjå tilbake på ei lang og kronglete karriere i lokalfotballen, heftige turar på vannski, mjølkesyreslit på sykkel og verdsrekord i marshmellow-kasting! Så har vi Per Jakob Tunold som får med seg det meste som er å oppdrive av både idrett- og kulturarrangement. Kanskje aller helst ein Sogndal-eller Oppstrynkamp. Til sist ein av våre få kvinner som har fått prøve seg på øvste nivå i fotballen. Monica Beate Hesjedal frå Ulvedal blir med og mimrer i spalten Vi
2019-05-23
1h 51
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 9 8. mai 2019
Denne gong med sportsfantomet Jon-Terje Tjellaug som hovudgjest, Kveldens blodfan er Håvard Nygård og frå sportsarkivet har vi børsta støv av Olve Flo Sunde. I tillegg flotte innhopp frå spelande trenar på Oppstryn, Tarald Harstad og TV2-kommentator Kasper Wikestad.
2019-05-09
1h 45
Radio Stryn Podcast
Sport Und Spaß sending 8 24. april 2019
For eit persongalleri vi har å by på i sendinga onsdag 24. april! Sogndalspelar og cup-motstandar Ulrik Flo. Målgarantist Mads Wie. Friidrettstalentet frå 70-talet Anita Nyhammer (bildet). Foppal-ekspert Jamel Rake. Chelsea-fan Svein Håvik og flygaren Anders Fannemel. Vi høyrast!
2019-04-25
1h 50
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß sending 7 10. april 2019
I denne sendinga høyrer du Stryn fotball sin kaptein Emil Allesøe og trenar Geir Inge Rake prate om cup-mulegheiter og seriestart. Varg sin styreleiar (Heimebane) og NRK-reporter Jørn Lien er med på telefon. Det er også den alltid engasjerte Kjell "Kjellen" Bigset. Vi har leita fram Oddny Grete Njøten frå sportarkivet og Thomas Ryste fortel om sin lidskap til RBK. God lytting!
2019-04-11
1h 41
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß 27. mars
Denne gongen har vi besøk i studio av eit av dei største langrenns- og skiskyttartalenta i Nordfjord, ja faktisk landet; Simon Hjelmeset Kirkeeide. Han har også med pappa, smørjar, sjåfør og alt-muleg-mann Sigbjørn Kirkeeide. På telefon har vi med Jostein Flo som pratar om rolla som sportssjef i Strømsgodset og mimrar litt om glade dagar i strynedrakta. Kveldens blodfan er Runar Walaker og frå sportsarkivet har vi leita fram Hans Petter Riise som var eit stort skyttertalent på 90-talet.
2019-03-28
1h 56
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß 13.mars 2019
Med to brør Bø i aksjon i VM i skiskyting og ferske medaljar blir det sjølvsagt ekstra fokus på dette i onsdagens sending. I studio kjem eldstebror Bø, Rasmus Endre. Vi høyrer korleis han opplever å vere ein del av "verdas beste skiskyttarfamilie" og vil også høyre om hans eige forhold til idrett. Landslagstrenar for skiskyttarane, Egil Kristiansen, blir også med på telefon frå VM-byen. Vi ringer óg opp Jarle Midthjell Gjørven og høyrer korleis den tidlegare lagkameraten og rivalen til Johannes opplever Bø-suksessen. Frå sportsarkivet har vi leita fram Eline Fannemel. Og kveldens blodfan er Totten...
2019-03-13
1h 43
Radio Stryn Podcast
Halvor Spurkeland over telefonen til Sport und Spaß
Halvor Spurkeland over telefonen til Sport und Spaß by Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast
2019-03-12
02 min
Radio Stryn Podcast
Fjas med Sport Und Spaß
Fjas med Sport Und Spaß by Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast
2019-03-08
00 min
Radio Stryn Podcast
Sport und Spaß 27. februar
Kva betyr eigentleg "is i rubben"? Svaret får vi frå Odd-Bjørn Hjelmeset sjølv som gjorde uttrykket til "allemannseige" under OL i 2010. Hornindal sitt svar på Arne Scheie, Harald Vartdal, er hovudgjest og deler tankar og gode historier frå 40 år med lokalsport. Jan Ove Hogrenning har teke over 20 NM-medaljar i bogeskyting. Vi mimrar om tida som var men høyrer også korleis treffsikkerheita er 25 år etter at han starta med pil og boge. Og kveldens blodfan er ørstingen som gjorde stryning av seg, Bernhard Hole. Men fotballaget som får blodet til å bruse finn du verken i Ørsta eller Stryn, d...
2019-03-01
1h 42
Radio Stryn Podcast
Sport Und Spaß 13. februar 2019
I den tredje utgåva av Sport und Spaß er Jarle F. Konstali-Lødemel hovudgjest. Vi har også besøk av turnentusiastane Are Njøten og Arve Aaning, og Manchester City supporter Jens Christian Skrede. I sendinga mimrar vi dessutan saman med Nina Kristin Flo, no óg med etternamnet Mørkved, om tida som fotballspelar på norsk toppnivå. Og med oss frå Åre og alpint VM er stryningen og TV2 mannen Frode Sunde.
2019-02-13
1h 44
Radio Stryn Podcast
Sending 2 Sport Und Spaß 30. januar
Denne gongen er det tidlegare landslagstrenar i langrenn, Sjur Ole Svarstad som er hovudgjest. Svein Olav Solum fortel om sin lidskap til Everton i spalta Kveldens blodfan og Åse Ørjasæter blir med og mimrar om åra då ho var i verdstoppen i speedskiing. Vi snakkar også med Odd Sindre Tonning som har fått draume-sommarjobben for ein som utdannar seg til sportsjournalist og elskar Liverpool.
2019-01-31
1h 47
Radio Stryn Podcast
Sending 1 Sport und Spaß 16.januar 2019
Første sendinga til Sport und Spaß! Høyr Johannes Thingnes Bø fortelje om kva som betyr mest av VM-medalje og verdscupsiger samanlagt. Johann Sigurdsson fortel om då han merka at gløden for fotball for alvor vaks fram. Ronny Heggen mimrar om tida som ein av landets beste junior-skihopparar og Jens Arne Isehaug fortel om sitt forhold til Manchester United.
2019-01-20
1h 33
Radio Stryn Podcast
Emma Hjelle på Flo Skue
I denne episoden kan du høyre korleis Emma Craigs vart til Emma Hjelle. Den humørfylte dama frå England som innleia flørten med Lorentz i samband med den faste kaffistoppen ved Hjelle hotel då ho var turbuss-guide. Høyr også om vikingfunnet som på mystisk vis bind Hjelle og heimstaden hennar i Nord-England saman, om norske kvinner i BH, korleis det er å lære seg nordfjord-dialekt og eit frieri med litt for mykje bagasje og litt for få roser involvert.
2017-08-03
36 min
Radio Stryn Podcast
Bjørn Lødemel
I denne episoden er det Bjørn Lødemel som har slått følge til utkikspunktet Flo skue. Den avtroppande stortingspolitikaren frå Hornindal fortel om medgang og motgang som Høgre-politikar, tankar for framtida og korleis han opplevde å ikkje lenger ha tillit hos sine eigne då han vart vraka som fylket sin toppkandidat til Stortinget for den komande perioden.
2017-07-27
48 min
Radio Stryn Podcast
Sven Flo
I denne femte episoden av Fjordingen på Flo skue har journalist Roy Aron Myklebust klart å lokke med seg sjølvaste ordføraren i Stryn, Sven Flo, til utkikspunktet. Han fortel om oppvekst i Oslo med den frykta Tveita-gjengen rett rundt hjørnet, om draumen om å ein gong bli bonde, om karriera i forsvaret og interessa for baking. Flo er inne i sitt 6. år som ordførar i Stryn. Korleis enda han opp i denne jobben eigentleg? Er han i slekt med fotballspelarane med same etternamn? Svara får du kanskje i denne podcast-episoden! NB! Vi beklagar at deler av intervjuet er prega...
2017-07-13
1h 04
Radio Stryn Podcast
Frida Dragsund
Gjest på Flo skue denne gongen er podcasten sin yngste så langt. 17-åringen Frida Dragsund frå Loen har nettopp lagt bak seg eit år som utvekslingsstudent i Colorado i USA, og der har ho på mange måtar levd ut High school musical-livet som ho sat klistra til TV-skjermen og såg på som barn. Den sprudlande jenta, der latteren aldri er langt unna, fortel om ein litt annleis vertsfamilie, om cheerleading og om korleis det amerikanske skulesystemet skiljer seg frå det norske. Korleis det var å kome til USA midt i innspurten av presidentvalget og om fordomane til USA slo til? Ja...
2017-07-06
34 min
Radio Stryn Podcast
John Olav Lefdal på Flo skue
John Olav Lefdal (53) tente sine første kroner som 4-åring og var i full jobb etter endt ungdomsskule. Først i faren sin daglegvarebutikk, men etter kvart i sine eigne selskap. Allereie som 23-åring etablerte han det som skulle bli NorDrikk. Eit selskap som fyller 30 år til hausten og som går betre enn nokon gong. Men Lefdal likar å sjonglere mange ballar og sidan 1987 har det blitt både verft, hotell, salg av eksklusive båtar og cruise. Han har nokre av landets rikaste på kundelista og vart norgeskjent då han tok artisten Adele med på båttur i Oslofjorden...
2017-06-29
37 min
Radio Stryn Podcast
Mads Wie
I den andre podcast-episoden av Fjordingen på Flo skue har Roy Aron Myklebust fått med seg Stryn sin toppscorar gjennom fleire sesongar, Mads Wie. Men fotballspelaren frå Sandane kan meir enn å setje ballen i nettmaskene. Få blant anna gjenhøyr med diktet han skreiv på kvinnedagen og som gjekk sin sigersgang på Facebook, om jobben som førskulelærar og om pappadraumen til ein singel 25-åring.
2017-06-22
35 min
Radio Stryn Podcast
Fjordingen på Flo Skue Josefine Agathe Hove
På denne første turen til utkikspunktet Flo skue har journalist Roy Aron Myklebust invitert med Josefine Agathe Hove. Den snart 25 år gamle frisøren frå Hornindal opplever særs spennande dagar. Til hausten skal ho ta tak i draumen om å bli skodespelar og startar på ein prestisjefull skule i England. Men før ho ein gong er starta på skodespelarutdanninga er ho godt inne i opptak til ein ny dramaserie på NRK! Høyr kva kjente skodespelarar ho skal spele mot, om oppvekst i Jutedalen og om å følge ein draum.
2017-05-31
43 min