podcast
details
.com
Print
Share
Look for any podcast host, guest or anyone
Search
Showing episodes and shows of
Sunniva Relling Berg
Shows
Skrivesnakk
50. Ungdom og lesing: Dette gir ungdom leselyst
Kva får tenåringsgutar til å bli engasjert i ein roman om ei tenestejente på 1700-talet? Kva har fått Maria, som går på vidaregåande, til å lese meir enn nokon gong? I denne episoden får du òg svar på kva som er den største bekymringa til Ellen, som har vore norsklærar i over ti år.Dette er ein litt annleis episode av Skrivesnakk, og er laga i samarbeid med Norsk Forfattersentrum i høve det nasjonale prosjektet #postkodeNorge der Forfattersentrum arrangerte skrivekurs for ungdom rundt omkring i landet. I forlenginga av det var det ønskeleg...
2025-03-19
38 min
Boksøkpodden
«Soldagen» av Sunniva Relling Berg
Ukens boktips er romanen «Soldagen» av Sunniva Relling Berg. Dette er en engasjerende thriller, som passer for mellomtrinnet og ungdom. Boka er illustrert av Bjørn Rune Lie. Maja havner stort sett alltid i trøbbel. Hun har nettopp kranglet med moren sin, for deretter å stikke hjemmefra. Nå sitter hun på nattbussen på vei til tanten, som bor flere timer lenger nord. Ilias er også i trøbbel. Han har rømt fra asylmottaket, skylder penger til Nils og gjengen, og har i tillegg lovet moren å passe godt på lillesøsteren sin, Amira. På uventet vis krysses veiene til Ilias og Maja. Sammen...
2024-11-13
03 min
Skrivesnakk
49. Monica Goksøyr: Kasta inn i kulturlivet
Monica Goksøyr er utdanna jurist og lenge levde ho eit liv heilt utanfor kunst- og litteraturlivet. Men dette endra seg ein dag då ho tok ein pause frå lesesalen og gjekk for å kjøpe kaffi på kaffibaren Fuglen. Høyr henne fortelje om korleis det har vore å debutere med novellesamlinga Slemme jenter og gjere suksess. Debuten fekk gode kritikkar og ho fekk Tarjei Vesaas debutantpris og LOs litteraturpris. Mykje meir enn Monica hadde turt å håpe på. Heilt sidan ho var lita har ho likt å skrive, men det å vere forfattar og ein del av det litterære f...
2024-10-31
46 min
Skrivesnakk
48. DnF-leiar Bjørn Vatne: Det beste våpenet mot skrollesjuka
På Instagram lar Bjørn Vatne sin Dark Side slippe til. Men det er meir enn videoane på Instagram, som gjer Vatne til ein uortodoks leiar av Den norske Forfatterforening. Dette er ein organisasjon det ofte stormar rundt. Bjørn Vatne er ein renommert forfattar, men denne episoden handlar om arbeidet som DnF-leiar og kåra for å vere forfattar i dag, kva for viktig gruppe som manglar i leselyststrategien, kvifor normalkontrakta får folk i utlandet til å gispe – og kva forfattar Simon Stranger har med skjult kamera å gjere. Bøkene til Bjørn Vatne:Slik skal vi ve...
2024-10-17
40 min
Skrivesnakk
47. Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: No skriv ho bok, om det ho i alle år har halde skjult
Lenge gjorde Ann Helen Kolås Ingebrigtsen alt ho kunne for å skjule plagene sine. Men så måtte ho amputere foten. Like etter operasjonen, byrja ho å skrive på ei ny ungdomsbok. Det har vore den lettaste ho har skrive. Tidlegare har Ann Helen skrive ungdomsbøkene «Sinne» om Synne med ADHD og «Eg blir her» om kjærleik, ferjereiser og fråflytting. Bøkene har fått særs god mottaking. Meldingane trekkjer fram at Ann Helen klarer å skildre både ungdomsliv generelt, og jenter med ADHD spesielt, nært og truverdig. Dette er eit tema ho gjerne ville skape m...
2024-10-03
41 min
Skrivesnakk
46. Eirin Andresen Betten: Du må ha det litt artig
Eirin Andresen Betten skriv om aktuelle tema, og reflekterer rundt korleis teknologien set sitt preg på liva våre. Ho vil at litteraturen skal være engasjert, og gjerne politisk på ulike måtar.Ho jobbar fullt som lektor, frilansar for Klassekampen, Vinduet og Bokvennen litterær avis (BLA), og skriv bøker i tillegg. Korleis får ho tid til alt, og kva driv ho til å halde fram med bokskriving sjølv om det er så dårleg betalt? Denne hausten kjem hennar andre bok: «Det tredje minnet», som av forlaget blir skildra som ein «aktuell ro...
2024-09-26
31 min
Skrivesnakk
45. Charlotte Riise: Å sette ord på ei umogleg erfaring
Då Charlotte Riise kom med si første diktsamling, i 2012, laga NRK P3 dokumentar om henne. Tittelen var «Jeg burde sprudle over» og handla om det å debutere som forfattar, i spennet mellom lykkerusen ein forventar rundt debuten og det å leve med depresjon. Sjølv om ho var redd for å bli slakta, fekk ho strålande kritikkar, det gjorde òg diktsamlinga som kom året etter.No har det gått ti år sidan hennar førre bok, og ho har nettopp sendt inn korrektur til ny bok. Korleis har desse ti åra vore? Kva ønskjer Charlotte Riise å oppnå med skrivinga si...
2024-09-19
51 min
Skrivesnakk
44. Heidi Sævareid: Skriv om unntaksopplevingar
Heidi Sævareid er ein kritikarrost og prisløna forfattar, som gjerne vil kjenne på kroppen, det ho skriv om. I si nyaste bok utforskar ho eit destruktivt yogamiljø, gjennom tre vennar som er på roadtrip i USA. Ho starta karriera med ungdomsbøker, men er usikker på om ho vil skrive for ungdom igjen, fordi ho det er forstyrrande at ein heile tida må forsvare kvifor ein skriv ungdomsbøker. Hennar første roman for vaksne, Longyearbyen, fekk svært gode kritikkar og har blitt omsett til mange språk.Bøker av Heidi Sævare...
2024-06-19
52 min
Skrivesnakk
43. Martin Baldysz: Romansjangeren gir fridom til å jobbe slik du vil
I sin nyaste roman, Fallgard, skriv Martin Baldysz om Ingeborg som lengtar ut forbi fallgarden. Ho står på terskelen til vaksenlivet i eit lukka øysamfunn på starten av 60-talet. Trusselen om fråflytting lurar i bakgrunnen, og i Amerika har dei planar om å dra til månen.I denne episoden, som er ei slags forlenging av episode 42, får du høyre meir om Martin sin nyaste roman, korleis det har vore å skrive 22 serieromanar under pseudonymet Karen Støylen og vegen til å bli forfattar. Martin sine bøker:Fallgard (2024)Vardane (2022)Vintertra...
2024-05-07
22 min
Skrivesnakk
42. Hilde Myklebust og Martin Baldysz: Har sitt eige vesle skrivekollektiv
Hilde Myklebust og Martin Baldysz er forfattarar, småbrukarar og sambuarar. Barna deira er sjette generasjon som bur på garden i Syltedalen. Den nyaste boka i familien kom i går. No står boka Fallgard i vindaugskarmen. Utanfor glaset er det fullt av lam på jordet. Hilde Myklebust har skrive dikt, bildebøker og roman for ungdom og vaksne. Martin Baldysz har skrive romanar og under pseudonymet Karen Støylen står han bak 22 bøker i romanserien Brenninger. Høyr meir om korleis froskeinteressa førte Hilde og Martin saman og mysteriet med Karen Støyl...
2024-05-07
31 min
Skrivesnakk
41. Endre Ruset: Skrivinga er ein måte å finne meining på
Endre Ruset debuterte som forfattar allereie som 19-åring. Heile livet har han arbeidd med litteratur. Etter mange år i Oslo, flytta han heim til Molde. Sjølv om han hadde mange oppdrag, kjendest det personlege livet tomt. Han var eit uroleg barn, og ingen trudde han skulle bli forfattar på barneskulen. Lenge var det sport som var det viktigaste, men så endra det seg. Høyr han fortelje om dikta som er det einaste heilage han har, om korleis Bjørnsonfestivalen har påverka han og opplevinga av Ålesund litteraturfestival. Bøker av Endre Ruset:Rib...
2024-04-22
42 min
Skrivesnakk
40. Marianne Nelvik: Frå rotete tankar til vellykka Fantasy på eige forlag
Marianne Nelvik kjøpte rettane til si eiga bok, og starta sitt eige forlag: Varg forlag. Ho har no gitt ut to Fantasybøker i det som skal bli ein trilogi, og snart kjem første boka ut på engelsk. Ho har nådd ut til mange engasjerte lesarar og andreboka Heltedøden blei kjøpt inn av Kulturrådet, noko som er eit viktig kvalitetsstempel for ei sjølvpublisert bok.Kva gjorde at ho turte å kjøpe rettane til si eiga bok, kvifor er desse bøkene så viktige for Marianne – og kva har vore det mest krevjande...
2024-04-05
49 min
Skrivesnakk
38. Marit Kaldhol: Luksus med ein ny blyant
For Marit Kaldhol er skrivinga minst like viktig som å ete og gå tur. Då ho var ung, prata ho ikkje så mykje. Skrivinga blei ei sluse for å uttrykke seg. Ho har no vore forfattar i over 40 år. Bak seg har ho ein prislønna forfattarskap. Bøkene hennar er omsett til mange språk og ho er ein forfattar som ikkje er redd for å ta opp vanskelege og viktige tema. Takk til Møre og Romsdal fylkeskommune for støtte!Marit Kaldhol sine bøker:1983: Lattermilde laken (diktsamling)1985: Maria (roman)1986: Farvel Rune...
2024-03-27
43 min
Skrivesnakk
39. Jon Ståle Ritland: Augelegen som skriv skarpsynt om livet
Bøkene hans er oversatt til mange språk, og i disse dager utgis han i Brasil. Engasjementet hans for litteratur, har også bidratt til at Ålesund har fått sin egen litteraturfestival. Bøkene til Jon Ståle Ritland:Øst for verdens ende, lyrikk (Bonnier Norsk Forlag, 2023)Takk for maten, lyrikk (Tiden, 2021)Karbonforbindelser, lyrikk (Tiden, 2019)I bane rundt en gul ball, lyrikk (Olympiastadion, 2014)Vannmerker, lyrikk, Aschehoug (2009)Kroppsvisitasjoner, lyrikk, Aschehoug (2004)Ta gjerne kontakt!Instagram: @sunnivarellingbergE-post: skrivesnakk@gmail.comNettside: sunnivaberg.noMusikk: Simon Relling BergGrafisk design: V...
2024-03-27
42 min
Bakom boka
Sunniva Relling Berg skriv om smarte jenter som slit sosialt
Hovudpersonane hennar står på ulike måtar utanfor. Sunniva Relling Berg har skrive fleire bøker om smarte jenter som slit sosialt. Ho har gitt ut ei barnebok, to ungdomsromanar og ein vaksenroman. Barneboka skil seg ut ved å vere ei lettlesen bok om to søsken som er nye i landet. Dei tre andre bøkene har nokre tydelege fellesnemnarar: Hovudpersonane er jenter som slit med sosiale relasjonar, og minst to av dei tre har uvanlege evner (innanfor realfag og musikk).
2023-10-24
37 min
Skrivesnakk
37. Ingelin Westeren: Rom til å tenkje
Då Ingelin Westeren var i barselpermisjon frå jobben, fekk ho tid til å tenkje. Ho sa til folk at ho heldt på å skrive bok for å forplikte seg sjølv. Sjølve skrivinga var eit overskotsprosjekt, men redigeringsprosessen var verre. Det å faktisk gi ut bok, likte ho ikkje. Bøker av Ingelin Westeren:Musikk for folk i trøbbel (Samlaget, 2022)Ta gjerne kontakt!Instagram: @sunnivarellingbergE-post: skrivesnakk@gmail.comNettside: sunnivaberg.noMusikk: Simon Relling BergGrafisk design: Vidar Flak Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i...
2023-04-18
39 min
Skrivesnakk
36. Louise Jacobs: Sliten av å vere synleg
Louise Jacobs er performancekunstnar og utdanna innan billedkunst. I 2022 gav ho ut si første bok. Når ho lagar kunst, har ho ingen redaktør. Korleis opplevde ho å samarbeide med ein redaktør når ho skulle skrive si første bok? Kva utfordringar støtte ho på, og kva har ho likt best med å debutere som forfattar? I episoden snakkar vi òg om skilnadane på kunstarøkonomi og forfattarøkonomi, og gleda ved å sleppe å vere så synleg. Bøker av Louise Jacobs:Via Florentin (2022)Ta gjerne kontakt!Instagram: @sunniv...
2023-03-21
38 min
Skrivesnakk
35. Nina Borge: Valde bort trygg yrkeskarriere
Nina Borge har gjort suksess med Gamertrilogien. Ho skriv om ungdommar med ulike utfordringar og skildrar spelverda på ein truverdig og spanande måte. Etter å ha bygd opp karriera si i 17 år, valte Nina Borge å seie opp jobben for å fokusere på forfattaryrket.Bøker av Nina Borge:League (Ungdomsroman, Gyldendal, 2023)Fumbler (Ungdomsroman, Gyldendal, 2022)Outlaster (Ungdomsroman, Gyldendal, 2021)Utbryterne (Ungdomsroman, Gyldendal, 2020)Ta gjerne kontakt!Instagram: @sunnivarellingbergE-post: skrivesnakk@gmail.comNettside: sunnivaberg.noMusikk: Simon Relling BergGrafisk design: Vidar Flak Abonner, gi stjern...
2023-03-06
35 min
Boksnakk
Å promotere seg selv på sosiale medier med Sunniva Relling Berg
Hvordan promoterer man egentlig seg selv best på sosiale medier som forfatter? Hvordan jobber man for at boken man ga ut for noen år siden ikke blir glemt? Dette har forfatter Sunniva Relling Berg jobbet aktivt med i sitt TikTok prosjekt og Malin vil høre alt! I tillegg kommer det alltid litt lesetips - og et eksklusivt tips om en ny barnebok som kommer til våren. Følg oss gjerne på Instagram: https://www.instagram.com/readygoread/ & https://www.instagram.com/boksnakk/
2023-03-01
54 min
Skrivesnakk
34. Intet nytt fra hjemmefronten: Frå blogg til publisert forfattar
Therese G. Eide starta ein blogg etter å ha fått livet snudd på hovudet, då ho fekk tre barn på 21 månader. Det viste seg at teikningane ho la ut der, gav så mykje resonans i folk at dei ville ha meir. Fleire bøker, utallige teikneseriestriper, julehefter og barnebok har blitt resultatet til no, og fleire skal det bli. Vi snakkar om vegen frå blogg til publisert forfattar, om at familieliv ikkje er eit snevert tema, kva som er viktig for å få barn som leser og Thereses nyaste julehefte: Hjemmefronten overlever julen. Bøker av forfattaren:Feltnotater...
2022-12-13
41 min
Skrivesnakk
33. Debutant 2022: Maren Skolem og Kirsti Kristoffersen
Dei har komme med bøker for ungdom frå musikkmiljø. Det er turné og kjendisar. Men der Kirsti Kristoffersens serie Kjendiskjæreste handlar om den første forelskinga og det å vere kjærast med ein kjendis, er grunntonen i Maren Skolems Hva jeg gjorde med pengene mørkare og meir alvorleg. Maren er òg manusforfattar, Kirsti har jobba i managementet til Marcus&Martinus, og no som manager i Gyldendal. Korleis er det eigentleg med trynefaktor i musikkbransjen vs bokbransjen? Korleis jobbar dei med dramaturgi, og kva er så fengande med å skildre musikkmiljøet? Podkasten er støtta av Fritt Ord og...
2022-12-06
46 min
Skrivesnakk
32. Debutant 2022: Eira Søyseth og Carl H. Berge
Eira Søyseth og Carl H. Berge har lenge arbeida med litteratur, med gjendiktning og som journalist. Dei har båe bakgrunn frå litteraturvitskap og Skrivekunstakademiet, og har jobba i mange år med bøkene sine. Bøkene deira er svært ulike, og i denne episoden får du høyre kva dei liker med å skrive innanfor sin sjanger (poesi/prosa), kva som har vore den vondaste tilbakemeldinga dei har fått og kva dei frykta før boka kom ut. Bøker av Eira Søyseth:Farget, flekket nå (2022)Bøker av Carl...
2022-11-29
44 min
Skrivesnakk
31. Nina Grove Hansen: Frilansredaktør
Nina Grove Hansen er frilansredaktør på fulltid, og jobbar direkte for forfattaren. Ho fortel om problema ho oftest ser i manusa ho får inn, kvifor dette er draumejobben nett no og kva rolla hennar er, når det er forfattaren sjølv som leiger inn tenestene hennar. Ein lattermild og lærerik samtale med ein redaktør som visstnok er krevjande og krass, men entusiastisk og med ein stor lidenskap for faget sitt.Bøker av Nina Grove Hansen:Uleggfrasegbar (2022)Følg Manusdetektiven på Instagram.—Podkasten er...
2022-11-13
42 min
Skrivesnakk
30. Birgitte Wærstad: Sjølvpublisering utan snarvegar
Birgitte Wærstad bestemte seg for å gi ut si eiga bok, etter å ha fått ein veldig hyggeleg refusjon. For Birgitte blei det viktig å gjere boka god nok. Ho fortel om prosessen både før og etter boka kom ut, redaktørrundar og pilotlesarar, om å tørre å ta plass og tåle ekstremt mange nei. Ho har fått mange signeringar, solgte ut heile førsteopplaget på fire månader og har store planar for Glimmersvippen og dei kommande bøkene i serien. Bøker av Birgitte Wærstad:Glimmersvippen (2022)Følg Birgitte Wærst...
2022-11-08
44 min
Skrivesnakk
29. Kristina Leganger Iversen: Å skrive personleg sakprosa
Er det muleg å vite om du skal bli mor? Og er det muleg å vere mamma og forfattar med usikker økonomi? Kristina Leganger Iversen har skrive boka «Bli mor no?» der ho utforskar dette spørsmålet. Ei bok som er basert på forskning, men òg eigne og personlege erfaringar. Korleis var det å skrive denne boka? Var det innimellom vanskeleg å være ærleg, og kvifor valde ho å skildre svært intime scener? Kristina har òg fortid frå nettstader som dikt.no, diktkammeret og trafo.no, og vi kjem inn på kva desse har hatt å seie for skrivinga hennar.
2022-10-25
47 min
Skrivesnakk
28. Anders Totland: Fulltidsformidlar som skriv bøker
Sidan 2019 har Anders Totland hatt omtrent 300 opptredenar i året. Han har reist overalt i landet og snakka om bøkene sine, nokre gongar i form av ein slags TED-talk andre gongar liknar det meir stand-up. Innimellom har det vore sjonglering, andre gongar song. Han har òg eit opplegg der han speler piano og les heile debutboka si i éi formidling. Men korleis klarer han å sjonglere familieliv og turnéliv? Og kvifor er hans nyaste bok (Til jord skal du bli) skuld i at han ikkje får redusert like mykje på reisedagane i haust, slik planen hans var? B...
2022-10-11
44 min
Skrivesnakk
27. Forfattarar på turné: Tyra Teodora Tronstad og Nora Dåsnes
I denne episoden får du høyre meir om kva som kan gjere turnedagar så intense, om Tyras elleville formidling og om det har blitt noko handståande. Nora Dåsnes har fått si aller ferskaste bok i hendene. La skogen leve har vore på turné før ho kom frå trykken. Nora fortel òg om augneblinken når elevar vurderer kven som har makta. Dette er del 2 av 3 episodar om å vere på turné, medan både eg (Sunniva Relling Berg) og dei forfattarane eg intervjuer, er på turné, anten med Den kulturelle skolesekken eller andre aktørar.
2022-10-08
38 min
Skrivesnakk
26. Forfattarar på turné: Inger Johanne Sæterbakk og Elin Hansson
I ein serie på tre episodar, snakkar eg med forfattarar om å vere på turné med den kulturelle skolesekken, medan vi alle er på turné! I denne episoden vil du få høyre Inger Johanne Sæterbakk fortelje om møtet med sjetteklassingar i heimkommunen sin, om det har gått bra når ho har forsøkt å gjere forfattarbesøk utan genseren ho alltid har pleidd å ha på seg –og om gutane på fremste rad som ikkje ville legge vekk traktorblada sine. Elin Hansson er på sin aller første turné, med ein spanande ny produksjon som kombinerer hardingfele o...
2022-10-05
44 min
Skrivesnakk
25. Brynjulf Jung Tjønn: Skummelt å skrive så personleg
Med diktsamlinga Kvit norsk mann kom han inn på boklista. Sjølv om han er ein prisløna forfattar, er han like usikker kvar gong. Han er ein produktiv forfattar, forlagsredaktør og firebarnspappa og han fortel om korleis han skriv, kva som har vore krevjande og at det er følelsesmessig godt å skrive.Bøker av Brynjulf Jung Tjønn:Eg kom for å elske – roman (2002)Lyden av noen som dør – roman (2008)I morgen skal vi sitte i solen – barnebok, Cappelen Damm (2009)Kinamann – roman (2011)Fotballskoene.. – barnebok, Cappelen Damm (2012)Så vakker du er – ungdomsbok (2013)I de dager... – noveller...
2022-09-27
48 min
Skrivesnakk
24. Lars Petter Sveen: Når lysta til å snakke er større enn frykta for å stamme
Lars Petter Sveen prøvde å miste kontrollen i skrivinga av boka Kunsten å stamme. I boka skriv han om noko han knapt har turt å snakke høgt om tidlegare: Si eiga stamming. Det har blitt ei rørande og personleg bok, om angst, om å leve og om å tørre å miste kontrollen. I denne episoden fortel han om kva som fekk han til å starte skrivinga, at han ikkje forstår kvifor folk ønskjer å bli kjendis og korleis det var å få kommentarar frå redaktør på seg sjølv i bokform. Bøker av Lars Petter Sveen:Køyre frå Fræna – nov...
2022-09-13
52 min
Hei kjære
Manifest
Manifest Jeg liker det sære. Jeg elsker det sære snåle merkelige i musikken og litteraturen og kunsten og i folk (i hvert fall litt på avstand). Det får magen min til å le og hjertet og munnen og øynene spruter latter utover alt det merkelige denne merkelige kloden dette livet hvor alt kan skje. Så hvorfor prøver jeg å temme det?
2022-09-09
03 min
Skrivesnakk
23. Å leve av eller ikkje leve av skrivinga – Monika Steinholm og Asbjørn Rydland
I fleire år har Monika Steinholm kunne leve av det å vere forfattar, men dette året innsåg ho at det ikkje gjekk lenger og det kjendest som eit nederlag. Asbjørn Rydland har alltid hatt ein deltidsjobb ved sidan av skrivinga, men leitar no etter ei anna stilling. Kva skal til for å kunne leve av skrivinga i Norge i dag? I denne episoden blir det pengesnakk, tips til å skrive søknadar om arbeidsstipend og kva som er det verste med å vere forfattar. I tillegg får vi vite kva bok som kosta dei mest å skrive – og kva som er det finaste m...
2022-08-30
50 min
Skrivesnakk
22. Sunniva Relling Berg: Forfattaren bak podkasten (intervjua av Heidi Sævareid)
Etter å ha fått nokre spørsmål om ikkje eg óg kunne vere gjest (i eigen podkast), og Heidi Sævareid melde seg frivillig som intervjuer, er det no meg og mitt forfattarskap som er tema i denne episoden. Eg fortel om kvifor det blei podkast, om kva dette gjer med skrivinga mi og om bøkene mine. Dessutan må eg bryne meg på nokre av mine eigne spørsmål, noko som ikkje er berre lett. Bøker av Sunniva Relling Berg:2011 – Utfor 2013 – Beina i gitaren2019 – Polarnatt2021 – Lyden av to hender—Ta gjerne ko...
2022-07-04
55 min
Skrivesnakk
21. Skrivinga etter skriveskule. Sondre Midthun, Kirstine Reffstrup, Skjalg Wie Skare
Er det ei forventning at ein skal debutere etter å ha gått på skriveskule? Og korleis er det eigentleg med skrivedisiplin, kan ein lære seg det? I denne episoden fortel tre tidlegare skriveskulestudentar om skrivinga si. Vi får høyre meir om Sondre Midthun sin nyaste roman, En heldig løsning, om kvar Kirstine Reffstrup er i si skriving nett no og er det eigentleg naudsynt å skrive? Kanskje er det muleg å få nok, etter fire samanhengande år på skriveskule? Skjalg Wie Skare gjekk frå Skrivekunstakademiet til Forfatterstudiet i Bø og vidare til to år på Litterär gestaltn...
2022-06-07
36 min
Skrivesnakk
20. Korleis er det å gå på skriveskule? Sondre Midthun, Kirstine Reffstrup og Skjalg Wie Skare
Eg har invitert tre av mine medstudentar frå Skrivekunstakademiet til Skrivesnakk, slik at dei kan fortelje om sine erfaringar med det å gå på skriveskule. Kvifor enda dei opp der, kjenner dei seg igjen i kritikken om at alle blir like av å gå på skriveskule og vil dei anbefale andre å gå der? Skjalg Wie Skare har tatt fire skriveskuleår på rad, først i Bergen, så i Bø og dei to siste åra på Litterär Gestaltning i Göteborg. Sondre Midthun debuterte same år som han gjekk ut av Skrivekunstakademiet. Kirstine Reffstrup debuterte på både dansk og norsk i 2016...
2022-06-01
47 min
Skrivesnakk
19. Tor-Håkon Gabriel Håvardsen: Å skrive grøsserbøker som terapi
Tor-Håkon Gabriel Håvardsen sendte inn sitt første manus som 17-åring, og tenkte at no blei det bok. Men vegen fram til å bli utgitt forfattar, blei lenger enn han såg for seg. No skriv han tjukke romanar på løpande band. Tor-Håkon fortel om erfaringane han gjorde seg etter at han sjølvpubliserte debutboka si, kva han har lært av å jobbe med redaktør og kva som trekker han til skrekksjangeren. Han svarer òg på om han får mareritt av sine eigne bøker. Bøker av T. H. Håvardsen:2...
2022-05-18
32 min
Skrivesnakk
18. Anne Gunn Halvorsen: Om frykt og korleis leve livet
Det var kanskje ikkje tilfeldig at Anne Gunn Halvorsen bestemte seg for å skrive ei bok om kva ungdom er redd for. Gjennom arbeidet, har ho sjølv blitt meir klar over kvifor ho er redd i ulike situasjonar. Ho har skrive fleire bøker, der ho har fått undersøke ting ho sjølv lurer på. Til slutt i episoden får Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug svare på kva spørsmål dei gjerne skulle fått, kva som har vore den viktigaste endringa i skrivinga deira – og kvifor dei skriv. Dette er siste del av...
2022-05-05
24 min
Skrivesnakk
17. Å skrive saman med Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug
Dei ville skrive bøker som kunne slukast på same måte som ein tv-serie. Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug har skrive bokserien Halve kongeriket, som snart kjem på Netflix. Dei hata gruppearbeid på skulen, men i dette skrivesamarbeidet treng dei kvarandre og resultatet blir betre. Kva er eigentleg fordelen med å plotte saman? Og kva skjer om den eine vil ha med noko i boka, når den andre ikkje vil? Dei føler dei skriv i motvind, når dei skriv for ungdom og den finaste tilbakemeldinga dei får, er når ungdom seier dei ikkje klarer å le...
2022-05-03
29 min
Skrivesnakk
16. Randi Fuglehaug: Utopi å skrive ein heil roman
Randi Fuglehaug hadde eit ønske om å skrive ein roman for vaksne, men det verka umuleg. Det var eit forslag frå ein kollega som fekk henne til å forsøke på det som har blitt to av tre bøker i Vossa-trilogien om Agnes Tveit. Første boka i serien, var selt til utlandet allereie før ho kom ut. Bøker av Randi Fuglehaug:Tonedød (2022)Fallesjuke (2020)Papelina (2017)Dette er del 1 i ein serie på 3 delar. I neste episode vil du få vite meir om samarbeidet mellom Randi Fuglehaug og Anne Gunn Halvorsen i skrivinga av...
2022-04-26
25 min
Skrivesnakk
15. Maria Alnæs: Fiksjonen som blei skremmande aktuell
I fjor (2021) debuterte Maria Alnæs med ein original roman om eit fiktivt land, ein autoritær stat som har gått til krig mot nabolandet sitt. Etter at Russland invaderte Ukraina i februar 2022, har romanen hennar blitt skremmande aktuell. Men boka handlar òg om så mykje meir, om eit kongerike og ein tenar, det å bli sett – og oversett, miste motet og få det igjen. Vi snakkar om korleis det var å skrive denne boka, om sensur, ytringsfridom, militæret i Russland og at vi aktivt må jobbe for toleranse. Dessutan fortel Maria at det kan vere både skummelt og fint å deb...
2022-04-01
39 min
Skrivesnakk
14. Ulla Svalheim: Er det radikalt å skildre kristen tru?
Ulla Svalheim fortel om kva ho var redd for før debutboka hennar, Til troende, kom ut. Korleis det har vore å finne tid til å skrive. Og kva som overraska henne mest med å lese kritikkar av eigne bøker, og kva erfaringar ho tar med seg vidare i arbeidet som litteraturkritikar. Bøker av Ulla Svalheim:Til troendeBoka eg nemner, som òg handlar om tru, frå 2021:Komposisjoner av lys av Elisabeth Thorsen. —Ta gjerne kontakt!Instagram: @sunnivarbE-post: skrivesnakk@gmail.comNettside: sunnivaberg.noMu...
2022-03-22
48 min
Skrivelivet
51: Sunniva Relling Berg om snobberi og jantelov
Sunniva Relling Berg er gjest i Skrivelivet denne uka. Hun er forfatter og vert for podcasten Skrivesnakk. Sunniva og jeg kom i snakk på Instagram om et tema vi begge er opptatt av: Fordommer, snobberi og nedlatende holdninger som vi og andre møter når vi gir ut bøker. Vi snakker om hvorfor vi tenker at folk nedvurderer ungdomsbøker, tegneserier, serieromaner og selvpubliserte bøker. Sunnivas masteroppgave fra noen år tilbake handler om forfattere og deres forhold til digital litteratur, og der kommer det fra mye interessant om holdninger og syn på forfatterrollen. Vi engas...
2022-03-21
51 min
Skrivesnakk
13. Er ungdomsbøker banale – og treng vi litteraturkritikk?
NRK-kritikaren, Thula Kopreitan, skreiv ei setning i ei bokmelding, som fekk fleire til å reagere, blant andre Heidi Sævareid. På Facebook skreiv Heidi: «Barne- og ungdomslitteratur = banalt? Det synes visst NRK-kritiker». Fleire forfattarar av ungdomsbøker blir møtt med ei liknande tilnærming når dei gir ut bok for vaksne, og kvifor er det sånn? Difor inviterte eg Thula og Heidi til å diskutere kva fordommar vi har om ungdomslitteraturen, og kva som er verdifullt med litteraturkritikk. Kvifor vel Thula å halde fram som kritikar sjølv om ho har opplevd å få truslar? Kva blei annleis når...
2022-03-01
49 min
Skrivesnakk
12. Tyra Teodora Tronstad: Sa opp jobben for å skrive på fulltid
Kva skal til for å bli kunstnar, og kva for val må ein ta for å komme seg dit? Tyra Teodora Tronstad skriv om Sigrid, som er i ein økonomisk skvis som hovudforsørgar for mann og barn. I tillegg ønskjer ho å skrive dikt. Tronstad har sjølv kjent på å vere i ein sånn spagat, og vi snakkar om å albue fram plass til å skrive, om forfattarøkonomi og det å ha lite pengar og kva for hobby Tyra har fått, som har gjort at det kjennest som om ho kan leike og vere litt som eit barn att. Bøker av Tyra T...
2022-02-15
47 min
Skrivesnakk
11. Spontansnakk med Maren Skolem
Korleis kjenst det å få si første bok i hendene? Maren Skolem er debutant, og delte på Instagram at ho hadde fått boka si heim. Eg ville gjerne vite korleis det kjendest der og då, og spurte spontant om ho ville stille til intervju. Det blei ho med på! Høyr korleis prosessen fram til endeleg bok har vore, om utfordringa med å finne ut om det skulle vere ei bok for vaksne eller for ungdom, kva ho har lært av å gå på skriveskule og kvifor ho tviler meir når ho skriv bok enn når ho skriv for film...
2022-02-07
13 min
Skrivesnakk
10. Bjarte Breiteig: Tru og tvil på fellesskap og skriving
Under arbeidet med romanenTøyeneffekten, merka Bjarte Breiteig at hans eigen kjærleik til Tøyen stod på spel. Breiteig fortel om skrivearbeidet, korleis det er å vere skrivementor på trafo.no og kva han gjorde då han låg på golvet i leilegheita si, og trudde at han ikkje ville klare å skrive noko meir. Bøker av Bjarte Breiteig:Fantomsmerter – noveller (1998)Surrogater – noveller (2000)Folk har begynt å banke på – noveller (2006)Île Sainte-Marie – prosa (2013)Mine fem år som far – roman (2014)Den andre viljen – essays (2016)Tøyeneffekten – roman (2021)—Ta gjerne kontakt!Instagram: @sunnivarbE-pos...
2022-02-01
47 min
Skrivesnakk
9. Iram Haq: Skumlere å skrive bok enn filmmanus
Iram Haq er ein prisløna filmskapar, likevel syntest ho det var skummelt å skrive sin første roman. Uelsket var ein av 2021-haustens beste debuter, meinte meldarane. Kva driver Iram Haq til å fortelje historier, i mange ulike format? Bøker av Iram Haq:Uelsket (2021)Hva vil folk si (2019)Skylappjenta (2009)—Ta gjerne kontakt!Instagram: @sunnivarbE-post: skrivesnakk@gmail.comNettside: sunnivaberg.noAbonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunesTa gjerne kontakt!Instagram: @sunnivarellingbergE-post: skrivesnakk@gmail.co...
2022-01-11
40 min
Skrivesnakk
8. Ingvild H. Rishøi: Makkverk eller mesterverk
Allerede før boka Stargate: En julefortelling hadde nådd butikkane, var boka nominert til Brageprisen. Meldarane har kalla boka for rein julemagi og trilla seksarar. Det er sju år sidan Ingvild H. Rishøi kom med si førre bok, Vinternoveller. Kva har skjedd i desse åra, kvifor enda ho med å skrive ei juleforteljing og kva er hennar forhold til jula? Ho gir konkrete og gode tips til skriveprosessen. På eit tidspunkt er ho i fasen «Makkverk eller mesterverk», i ei anna fase er stovegolvet fullt av sider med skrift i storleik 10. Bøker av Ingvild H. R...
2021-12-15
37 min
Skrivesnakk
7. Debutantspesial: Helle Haugsgjerd, Eivind Grip Fjær og Marianne Marthinsen
Kva skal til for å gi ut ei bok? Ein skodespelar, ein akademikar og ein tidlegare stortingspolitikar fortel korleis det har vore å debutere som forfattar. Helle, Eivind og Marianne snakkar om den overraskande kjærleiken til eiga bok, om det å få meldingar og kan ein eigentleg endre verda med litteratur? Du får dessutan deira beste tips for å sjølv komme gjennom nåløyet hos eit forlag! Bøker:«Hver natt dør jeg» av Helle Haugsgjerd«Det stemmer ikke» av Eivind Grip Fjær«Selveiersanger» av Marianne Marthinsen—Ta gjerne kontakt!
2021-12-07
1h 00
Skrivesnakk
6. Kathrine Nedrejord: Jakta på eit språk for det vonde
Korleis finne språket igjen etter ei dramatisk hending? Kathrine Nedrejord opplevde det som heilt nødvendig å skrive etter ei overfallsvoldtekt. I Forvandlinga (2018) skildrar ho tida like etter overfallet. Ti år tidlegare debuterte Nedrejord som forfattar med boka Transitt (2008) og ho har skrive kritikarroste og prisbelønte bøker i fleire sjangrar. I ungdomsbøkene hennar, er handlinga ofte lagt til Finnmark og ho skriv frå innsida av miljø som sjeldan har vore skildra tidlegare. I boka Det Sara skjuler handlar det m.a. om ei voldtekt i Karasjok, og sjølv om historia er oppdikta, er statistikk...
2021-11-26
52 min
Skrivesnakk
5. Neda Alaei: Å følge opp suksessen
Neda Alaei fortel om kvifor ho har valt å skrive for den viktigaste målgruppa, og at det til tider har vore livsviktig å skrive. Neda debuterte med "Dette er ikke oss" som er omsett til dansk og tysk, og boka har vunne fleire prisar. I haust kom ho med romanen "Å fange luft". Korleis er det eigentleg å skrive andreboka, etter at den første blei ein så stor suksess?Neda Alaei blei uteksaminert frå forfatterstudiet ved Norsk barnebokinstitutt i 2017. Ho er òg utdanna barnevernspedagog, og jobbar med ungdom som miljøterapeut.Bøker av Neda Alaei:Dette...
2021-11-16
34 min
Skrivesnakk
4. Marit Eikemo: Å skaffe seg rom gjennom skrivinga
I meldingar av bøkene til Marit Eikemo, står det ofte at ho tar «samtida på kornet». Det er lett å kjenne seg att, på godt og vondt. Når Eikemo kjem med ny roman er det mange som har forventningar. Denne hausten er ho aktuell med ein roman om fellesskapet vi alle har rundt oss, av profesjonelle hjelparar som legen, banken, psykologen, snikkaren og den personlege trenaren. Det er desse som har ordet etter tur i romanen «Team Tuva», og vi får innblikk i kven Tuva er, samtidig som vi blir kjent med personane bak yrka.Marit E...
2021-10-29
32 min
Skrivesnakk
3. Kaja Kvernbakken: Å skrive frå inne i kroppen, dodikt og sinne
Kaja Kvernbakken har gått inn i kroppen til Elly. Elly er ein fotograf som mister synet i ei dramatisk ulykke. Korleis skrive frå innsida av nokon som blir blind, når du sjølv kan sjå? Kaja held skrivekurs og har oppretta skrivefellesskapet Skriveriet. Ho snakkar om kvifor det aldri er for tidleg – eller for seint – å følgje draumen sin, og vegen fram til ho sjølv blei ein publisert forfattar. Bøker av Kaja Kvernbakken:Lukta av klor (2019)Motlys (2021)Følg Kaja Kvernbakken på Instagram.Finn ut meir om skrivekurs og...
2021-10-13
40 min
Skrivesnakk
2. Nils-Øivind Haagensen: MeToo i guttegjengen
Nyleg kom Nils-Øivind Haagensen med romanen Sangria i parken, som gir eit nytt perspektiv til MeToo-debatten. Sidan debuten Hender og hukommelse i 1998 har han gitt ut over 20 bøker, vunne prisar og vore nominert til Nordisk råds litteraturpris. Han er òg forleggar ved Flamme forlag og har unik erfaring innanfor litteraturfeltet. Haagensen kjem frå Ålesund, og fortel korleis det var å vekse opp i arbeiderklassen i Steinvågen og låne med seg så mange bøker han kunne bere frå biblioteket. Bøker nevnt i episoden:Sangria i parken (2021)Det uregjerlige (2020)Dette norske livet...
2021-09-23
37 min
Skrivesnakk
1. Nora Dåsnes: 13 bøker på 15 månader
Nora Dåsnes er ein spanande ny forfattar, som debuterte våren 2020 og som allereie har vunne prisar, blitt kritikarrost og omsett til fleire språk. Korleis har ho klart å utgi 13 bøker på 15 månader? Dette og mykje anna snakkar vi om i første episode av Skrivesnakk. Bøker av Nora Dåsnes:Ti kniver i hjertetGjenklang Vesle vil også bakeUbesvart anropFølg Nora på InstagramTa gjerne kontakt!Instagram: @sunnivarbE-post: skrivesnakk@gmail.comNettside: sunnivaberg.noAbonner, gi stjernekast eller skriv ein...
2021-08-30
39 min
Skrivesnakk
Frampeik om Skrivesnakk
Her får du høyre kva Skrivesnakk er, kven som vil vere første gjest og kvifor eg har starta denne podcasten. Abonner og følg med utover hausten for skrivesnakk med nye og spanande forfattarar!Tips meg gjerne om forfattarar du vil høyre, eller kom med andre innspel:Instagram: @sunnivarbE-post: skrivesnakk@gmail.comNettside: sunnivaberg.noMusikk av Simon Kristoffer Relling BergTa gjerne kontakt!Instagram: @sunnivarellingbergE-post: skrivesnakk@gmail.comNettside: sunnivaberg.noMusikk: Simon Relling Berg
2021-08-13
02 min
Leser søker bok - Podkaster
Sunniva Relling Berg i samtale med Brit Bildøen om romanen «Polarnatt»
Sunniva Relling Berg møter rådgiver Brit Bildøen for å snakke om arbeidet med ungdomsboka Polarnatt.
2020-08-03
12 min
LESEpodden
Sunniva Relling Berg i samtale med Brit Bildøen om romanen «Polarnatt»
Sunniva Relling Berg møter rådgiver Brit Bildøen for å snakke om arbeidet med ungdomsboka Polarnatt.
2020-08-03
11 min