podcast
details
.com
Print
Share
Look for any podcast host, guest or anyone
Search
Showing episodes and shows of
Tarjei Heggernes Og B�rd Nordvik
Shows
Priest VS Maiden
#029 LAD vs UITE med Espen Rock Nørvåg Slapgård
Espen Rock Nørvåg Slapgård er ein institusjon innan norsk hardrock. Om er han er i rolla som plateselskaparbeidar, redaktør for Metal Hammer, radiovert på Radio Rock eller DJ i teamet Oslo Rock Dealers flyr han heavy-fanen høgt. Espen Rock, we salute you! Espen har fått den vanskelige oppgåva å avseie dom på kva som er det beste av to av tidenes beste live-album: Live After Death og Unleashed In The East. I denne episoden går vi svært grundig til verks, og diskuterer låtutvalg, plassering i diskografien, kor viktig dei to...
2022-11-04
1h 44
Priest VS Maiden
#028 Love Bites med Aki Morimoto frå Electric Eel Shock
Aki Morimoto er gitarist og vokalist i det fantastiske bandet Electric Eel Shock. Etter at ein av vertane (Tarjei) såg dette bandet på Garage ein tysdag kveld tidleg på 2000-talet vart han storfan, og har mellom annan skreve ein artikkel i Bergens Tidende om dei, hatt dei som gjester på 17.mai-frukost, og vore på konsert med det fleire gonger både Noreg og fleire byar nedover kontinentet. Vi snakkar mellom anna om korleis det var å vokse opp i Japan som metal-fan på 80-talet og om dei to gongene Bruce Dickinson inviterte Aki og bandet som gjestar...
2022-09-01
48 min
Priest VS Maiden
#027 Wild Nights, Hot and Crazy Days - SRF vs TONS
Vi oppsummerer dei to store festivalane vi har vore på i år: Sweden Rock og Tons of Rock. Vi diskuterer storleik, toalettfasiliteter, publikum, program og avslører våre topp tre konsertar frå begge festivalane. Deretter bruker vi litt ekstra tid på refleksjonar rundt den første Maidenkonserten vi har sett etter at vi har starta podkasten. Det er sumarferie, vi tar nokre veker fri men fortset med nye gjester og meir diskusjon til hausten. God sumar, og takk for at du lyttar til Priest VS Maiden! Musikk-vignettene som blir brukt e...
2022-07-06
1h 08
Priest VS Maiden
#026 A Touch of Evil: Live in Lykkeland
Vi var på konsert med Judas Priest i DNB Arena i Stavanger 14 juni 2022! Det var heilt vilt bra, og på mange måtar har denne podkasten bygd opp til denne konserten. Og til Maiden 23. juni på Tons of Rock! Musikk-vignettene som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og YouTube. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
2022-06-16
23 min
Priest VS Maiden
#025 The Trooper with Nate Bergman
This is our first (but not last!) episode in english! This podcast raises the very important question: Which is the better band, Priest or Maiden? While we don't like polarizing opinions, we love discussing every aspect of those two bands with our guests. Each guest tells which band the prefer, but can only give 1 point based on the aspect we are discussing. If you like, you can check the unedited episode on YouTube.Our first english-speaking guest is the powerhouse singer Nate Bergman. He fronted the now legendary Lionize for many years, and...
2022-06-03
1h 15
Priest VS Maiden
#024 Wildest Dreams med Hallvard Gaardløs
Hallvard Gaardløs er bassist i mange av dei finaste heavy/rock-banda her i landet, mellom anna Spidergawd, Draken og Orango. Og ettersom Tarjei er bassist sjølv har han lengta lenge etter å endelig å få nerde seg på bassing med ein likesinna.Vi set (bass) tonen med at Hallvard og Tarjei går gjennom sine topp tre bassistar, og deretter går vi gjennom både spelestil, utstyr, låtar, livestil med meir. Før vi konkluderer med kven som er den beste bassisten lagar vi fleire nyord som Post-Harris-Bass-Powerchords-Maiden og snakkar om Ny-Hill-ismen, som kanskje til og med...
2022-05-16
1h 36
Priest VS Maiden
#023 Powerslave med Eirik Strønen Søfteland
Eirik Strønen Søfteland kom busande inn i hjartene til heile det norske folk i 2013, og har hatt ein plass der sidan! Han er ein framifrå vokalist og formidlar av både eigne og andre sine låtar, og han har fleire gonger måtte stå rett foran ekspert/dommarpanel (men han har vel aldri fått kjeft). Han leiar prog-rockarane Sipher i tillegg til at han frontar eitt av Bergens to Maiden-coverband: Powerslaves. Men! Både Priest og Maiden spelar og coverlåtar, alt frå Joan Baez, Fleetwood Mac, Jethro Tull, Thin Lizzy, FM m.m. har få...
2022-04-28
1h 11
Priest VS Maiden
#022 Between the Hammer and the Anvil - Topp 10 heavyband
I denne episoden snakkar vil litt om starten på Judas Priest sin jubileumsturné, om 40årsjubiléet til Number of the Beast, og Tarjei har litt kritikk av bokssettet 50 years of metal! Størstedelen av episoden går likevel med til å telje ned topp 10 heavyband for vertane. Ein av lyttarane utfordra oss på det, og vi tok utfordringa på strak arm. Og angra med det samme! For å skulle rangere og vurdere favorittbanda sine, det er vanskelig det. Så kva er nr 1 heavybanda våre? Og kor plasserer Priest og Maiden seg på lista? Den som...
2022-04-07
1h 16
Priest VS Maiden
#021 50 years of metal unboxing
I denne episoden snakkar vi litt om Meat Loaf, fantaserer litt om potensielle gitaristar som kunne ha steppa inn i Priest om ikkje Sneap hadde blitt tatt inn i varmen igjen, og pakkar opp den nydelige boksen 50 years of heavy metal. Denne episoden fins og som video på Youtube https://www.youtube.com/watch?v=gI8Tx8Qyq_w og på podkasten sin Facebook-side. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
2022-02-11
54 min
Priest VS Maiden
#020 Christmas for Everyone - Juleavslutning på Apollon
P vs M-pod’en begynner året der vi sluttet i fjor, Vi håper å forlenge den gode julestemningen med en forsinket julespesialepisode. Vi oppsummerer 2021, tar en full gjennomgang av KK’s Priest og gir noen gode julegavetips (som man kan ta med seg til neste jul). Vi diskuterer også hvilket band som gir best julestemning! Men hva er så stillingen etter første året med podkasten? Jo: Når det gjelder hvilket band gjestene liker best, er stillingen 6-6, uavgjort! Det hadde vi ikke trodd. Når det gjelder poengene gjestene har...
2022-01-07
52 min
Priest VS Maiden
#019 Never the Heroes med Lasse Lambrechts
Det er iallefall ein i redaksjonen som er glad i data, og i denne episoden går vi vitskapelig til verks med data-journalist Lasse Lambrechts frå Bergens Tidende! Kva er dei minst spelte låtane på dei ulike platene? Kva for eit band groovar mest? Er det stor forskjell i avspelingar mellom dei mest populære låtane og resten? Dette og meir til får vi svar på i denne episoden. Lasse laga seg rett og slett to topp 3 lister: Ei for platene før Blaze/Ripper æraen, og ei etter. Klassikarane: P...
2021-12-09
1h 24
Priest VS Maiden
#018 Prowler med Frode Helmic Pedersen
Frode Hemlic Pedersen er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved UiB, årets litteraturkritikar 2021 og forfattar aktuell med boka Splinten i øyet. Men han spelte og med Bård i black metal bandet Asmodeus , og vokste opp med heavy som mange av oss andre. I denne episoden diskuterer vi tekstane til Priest og Maiden. Kva vil dei med tekstene? Kva for ein litterær tradisjon høyrer tekstforfattarane til? Og sist men ikkje minst: Kven er best på tekstar, Priest eller Maiden?Frodes favoritter:Priest:Album: Defenders of the faithL...
2021-11-25
1h 25
Priest VS Maiden
#017 Exciter med Tore Bratseth
Tore Bratseth er ein heavy-entusiast utan like, kjent for sin kjærleikt til alt som luktar god rock, og då kanskje spesielt Motörhead og Twisted Sister. Han har og lang fartstid innan metalmiljøet som gitarist, han var med i Old Funeral i den tidlege black-metal-æraen, og har seinare gjort nakkene våre såre med band som Bömbers, The Batallion og Studfaust.I redaksjonen ser vi jo spesielt på Mötorhead som ein gullstandard, og for å samanlikne banda spør vi oss i denne episoden: Er det Priest eller Maiden som har hatt dei nær...
2021-10-21
1h 01
Priest VS Maiden
#016 Firepower med Tarjei Strøm
Det freistar jo litt å kalle han "Heile Noregs Tarjei Strøm", kjent og kjær frå både scener rundt om i det ganske land og utallige program på radio og tv. Som ein trommis med ein flott særegen stil har han aldri lagt skjul på at han elskar heavy, 80-talet og ikkje minst KISS, men kva har han å seie om trommisane i Priest og Maiden?I denne episoden snakkar vi om korleis begge Tarjeiane var til stades ved fødselen av Ralph Myerz and the Jack Herren Band, om Tarjei (jr) sin urovekkande nær-Priest op...
2021-09-30
1h 10
Priest VS Maiden
#015 Hell bent for leather med Karin Park
Karin Park er kjent som ein artist med masse særpreg og umiskjennelig vokal. Karriæra starta i Bergen, men ho har dreve med sang i 40 år! Sjølv det det kanskje er synth-musikk ho er mest kjent for, elskar ho både hårdrock og hårdrockare, og med Årabrot plasserer ho seg i rett i den mest bråkete delen av rocken. Ho har og spelt metal tidlegare med både Bård og Tarjei, og fronta eit band saman med nokon av dei aller mest skandaløse punkarane i Bergen. Det er stor stas med vår...
2021-09-16
59 min
Priest VS Maiden
#014 Death of the Celts
Vi reknar altså dette som første episode i sesong to av podkasten! To store ting har skjedd i løpet av dei siste vekene: Rob Halford har fylt 70, og vi brukar starten av episoden for å hylle han, egentlig mest som person. I tillegg har Iron Maiden slept eit nytt album, og det er lenge mellom kvar gong nokon av desse banda vi diskuterer slepp ny musikk, så det må vi så klart snakke om! Vi går gjennom førsteinntrykket av Senjutsu, låt for låt, og konkluderer med har har Iron Maiden kome med eit flott album, igje...
2021-09-10
48 min
Priest VS Maiden
#013 Senjutsuprat med Torgrim Øyre
Som dei fleste lyttarane av denne podkasten har fått med seg kjem det eit nytt Maiden-album i september. Vi er spente, og diskuterer med vår Maiden-observatør Torgrim Øyre. Litt om videoen til The Writing On The Wall, litt om mottakinga blant fansen, litt om låtlengde og låtskrivarar på den nye plata før vi avslutter med å prate litt om Maiden sine førstesinglar generelt, og om dei kan gje ein indikasjon på kva vi kan forvente oss av albumet.Praten gjekk opprinnelig live på Facebook, og du kan sjekke opptaket her om du vil sj...
2021-07-29
58 min
Priest VS Maiden
#012 Maiden Apollon Live! Med Tor Tessen
Første livesending for podkasten! Vi startar med å gjere opp foreløpig status, og i løpet av episoden vil vinnaren av første sesong bli kåra. Blir det Priest eller Maiden? Livesendinga er tatt opp på kanskje verdens beste platebar, Apollon i Bergen, og gjesten er ingen ringare enn daglig leiar Tor Tessem. Hovudfokuset er band og artistar som lagar, eller i allefall puttar logoen sin på alkohol. Kvifor gjer dei det? Og kven gjer det best av Priest og Maiden? I tillegg til Tor's faglege vurdering lot vi publikum blindsmake på øl (Maiden vs Vreid...
2021-07-01
1h 11
Priest VS Maiden
#011 Hallowed be thy name med Totto Mjelde
Totto Mjelde er ein av NRK sine store profilar innan rock, og kjent frå P3 i god gamle dagar, og P13 gode nye dagar. Programmet PYRO bana veien for moderne norsk rockeradio, og i dag er han aktuell og elska i programma Stjernepose og Gitar. Det store spørsmålet denne gongen er: Er det Priest eller Maiden som gjer seg best på radio? Radiomannen gjer sin faglige vurdering, men vi får og litt strenge kommentarar til både KK Downing og ikkje minst Janick Gers, og vi får høyre korleis det er å møte og g...
2021-06-17
1h 34
Priest VS Maiden
#010 Sinner med Harald Frode Unneland
Frodis (Harald Frode Unneland) er ein super trommis, låtskrivar og vokalist med lang fartstid frå band som Pompel & The Pilts og Savoy, og han er framleis aktiv som turnetrommis og i bandet Evig Din For Alltid. Sjølv om han ikkje er ein utprega heavy-trommis i dag er Priest og Maiden er to av dei banda han vaks opp med og lærte seg å spele trommer til. Maiden har hatt to trommisar, men i Priest har det vore inne ikkje mindre enn seks trommisar som har bidratt live og på plate. Vi går gjennom ein god...
2021-06-03
1h 40
Priest VS Maiden
#009 Breaking the law med Thomas T Dahl
Thomas T Dahl er kanskje den framste jazz-gitaristen i landet, og førsteamanuensis i gitar på Grieg-akademiet. Men under oppveksten på Karmøy var det heavy-banda som lokka han til å plukke opp gitaren, og då kanskje først og framst Ace Frehley. Thomas har gått tilbake til den 70-80 tallet og høyrd på platene med lærar-øyrer. Korleis ville ha vurdert gitaristane frå den tida dersom dei var hans elevar? Vi diskuterer spelestil, lyd, gitaren sin plass i låtane i forhold til vokal og andre instrument. Forøvrig, sjekk gjerne ut Thomas sine ulike band...
2021-05-20
1h 03
Priest VS Maiden
#008 The Ripper med Olav Iversen
Olav Iversen er ein av landets beste vokalistar og frontmenn, mellom anna i Sahg og Electric High. Har stått på scena av og på dei siste 20+ åra, inkludert i Iron Maiden-coverbandet Maidenheads. Vi diskuterer nokon av dei store spørsmåla i rocken: Kva er kriteria for ein god frontfigur? Er det berre stemmeprakt, eller er det fleire ting som formidling, utstråling, klesstil, effektar m.m. som tel? Og kanskje det største spørmålet av alle: Kven er den beste frontmannen, Rob Halford eller Bruce Dickinson? Spoiler al...
2021-05-06
1h 19
Priest VS Maiden
#007 Unleashed after Death del 2 - Judas Priest
6 februar i år markerte 30års-jubileet til Tarjei som Priest-konsertgjengar. I denne episoden får du høyre om både gledes- og sorgtårer, eit møte med bandet, natt-tog og nightlinere m.m. når vi går gjennom Priestkonsertar vi har vore med på mellom 1991 og 2018! Har dei gode settlister? Heldt dei koken live? Leflar dei og med revy og varieté slik Maiden gjer? Vi avsluttar episoden med å avsløre våre topp tre Priest-konsertar. I denne episoden blir det ikkje delt ut poeng. Forrige veke hadde vertane ein tilsvarande gjennomgang av Maiden-konsert...
2021-04-22
1h 00
Priest VS Maiden
#006 Unleashed after Death del 1 - Iron Maiden
I kveldens episode ser Bård og Tarjei på Maiden-konsertar dei har sett mellom 2003 og 2018. Korleis var det første møtet med Maiden? Er dei gode på å lage varierte settlister? Er det ein god idé å spele heile det siste albumet i sin heilheit på konsert? Heldt dei koken på dei siste turneane? Og kva er topp tre Maiden-konsertar for vertane? I denne episoden blir det ikkje delt ut poeng. I neste veke vil vertane ha ein tilsvarande gjennomgang av Priest-konsertane, og på slutten av den episoden vil vår dom falle over kva for eit band som eng...
2021-04-15
36 min
Priest VS Maiden
#005 The Ides of March med Iver Sandøy
Iver Sandøy er ingen kvensomhelst, han er kanskje mest kjent for å produsere både vanlige og heavy-plater, men han er og ein rå trommis som ein kan høyre på innspelingar av både Enslaved, Emmerhoff & The Melancholy Babies og Manngard. Innan heavyplater har han produsert både nevnte Enslaved, Gaahls Wyrd og mange andre skikkelig gode band. Og det er nettopp produsent-jobbane på platene til Priest og Maiden vi skal snakke om denne gongen. Er det bra å bytte produsent ofte, eller best å holde seg til den samme på plate etter plate? Er det eit fareteikn nå...
2021-04-08
1h 22
Priest VS Maiden
#004 Revelations med Jannicke Wiese-Hansen
Jannicke Wiese-Hansen er ei legende, både som tatovør og som illustratør, og driv tatoveringsstudioet Nidhogg. Kunsten hennar er prega inn i alt frå Tommy Lee til myntar frå Isle of Man. Ein annan ting ho er kjent for er å ha laga nokon av dei mest ikoniske logoane til den nyare norske nasjonalarven: Black Metal. Frå og med denne episoden får podkasten eit fast innslag: Tarjei sin nevø, Aleksander (13), vurderer Priest-katalogen, album for album! Vi snakkar i denne episoden om korleis Jannicke både starta å høyre på heavy, korleis ho starta med...
2021-04-01
57 min
Priest VS Maiden
#003 Raw Deal med Kim Diaz Holm
Kim Diaz Holm er første gjest ut i denne podkasten, og for ein bra gjest! Vi går gjennom platecover, og i slutten av episoden blir det første poenget i kampen mellom Priest og Maiden delt ut av nettopp Kim. Kim sine illustrasjonar har pryda norske og utanlandske heavy-cover frå Den 5 statsmakt med Black Debbath fram til siste Abbath-plata. Vi går gjennom ulike epokar og ulike artistar som har laga cover for begge banda gjennom åra. Ikkje overraskande er det Maiden som stikk av med det første poenget, så etter de...
2021-03-25
1h 06
Priest VS Maiden
#002 Prowler med Maiden-observatør Torgrim Øyre
I forrige episode kom det for en dag at begge vertene for podkasten heier mest på Judas Priest! Men før Maidenfansen roper skandale vil vil meddele at selveste Torgrim Øyre, en av Norges største Maidenfans og ekspert er med på laget for å balansere inntrykket. Torgrim forteller om hvordan han oppdaget Maiden (og Priest), hvorfor han digger Maiden men også litt om forholdet han har til Judas Priest. Begge bandene kommer egentlig ganske bra ut av denne episoden. MEN! I neste episode starter alvoret - det første poenget i storkampen Priest VS Maiden skal da deles...
2021-03-18
1h 00
Priest VS Maiden
#001 Rocka Rolla
Første episode! Bård og Tarjei snakker om hendelsen på SRF 2018 som utløste trangen til utforske Judas Priest, Iron Maiden og folkene som elsker disse bandene litt nærmere, og slik finne ut av hvem av disse to heavygigantene som egentlig er best. Deretter om at formålet med podkasten er å få vurdert Priest vs Maiden på flest mulige parameter for å kunne ha et godt sammenligningsgrunnlag. Denne, og episodene fremover, avsluttes med at gjester (denne gangen vertene) velger topp tre låter av hvert band, samt favorittalbum av hvert band. Her er ukens topp 3 + favorittalb...
2021-03-18
46 min
Priest VS Maiden
Teaser 1
Får vi noen gang det endelige svaret på hvilket band som er best, Judas Priest eller Iron Maiden? Kjenningsmelodi:Inspirert av Priest og Maiden, framført av Andrea Noah Boma BoccarussoBrukt med tillatelse av framfører. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
2021-03-08
00 min