Look for any podcast host, guest or anyone
Showing episodes and shows of

Annemettehjelle

Shows

Kampen om stortingsbenken Sogn og FjordaneKampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane11. BONUS: Erlend Blaalid Oldeide, NRK Vestland (32:20 min)Møt valutspørjar Erlend Blaalid Oldeide, politisk journalist i NRK Vestland. Han er kjent som ein tøff utspørjar! Det stressar fleire av stortingskandidatane i Sogn og Fjordane. (Opptak gjort 31.8.2021). 2021-09-0632 minKampen om stortingsbenken Sogn og FjordaneKampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane10. Olve Grotle, Høgre (29 min)Olve er superoptimisten som ikkje vil vere nostalgisk. Han er og ordføraren som har fått råd av Firda-redaktøren om å bli meir "rocka". Han er advokat, men har dei siste 10 åra styrt den kommunale skuta i Førde og Sunnfjord. (Opptaket er gjort 28.8.2021) 2021-08-2829 minKampen om stortingsbenken Sogn og FjordaneKampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane9. Tore Storehaug, Krf (33:11 min)Tore er den einaste av kandidatane til årets stortingsval som allereie er på stortinget. For fire år sidan tok han utjamningsmandatet etter ein valthriller. Han synes debattar er pyton, men også  avhengigheitsskapande. Han har ulike metodar for å slappe av. (Opptaket er gjort 24.8.2021) 2021-08-2533 minKampen om stortingsbenken Sogn og FjordaneKampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane8. Torbjørn Vereide, AP (32:42 min)Torbjørn vil på stortinget og kjenner på presset om å levere i valkampen, men aller mest er det høgtid at så mange vil snakke politikk no. Han elskar dørbank, men er ikkje fullt så glad i dei høge tonane i partiet sine kampsangar. (Opptaket er gjort 5.8.2021). 2021-08-2332 minKampen om stortingsbenken Sogn og FjordaneKampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane7. Alfred Bjørlo, Venstre (32 min)Ordførar-Alfred er godt kjent frå media, m.a. som "distriktspsykopaten", men seier han både kan vere stille, beskjeden og litt introvert. Han har hovudfag i tropisk fjørmygg, men er i dag meir opptatt av det store bildet. Han tek ingenting for gitt no i valkampen. (Opptaket er gjort 15.8.2021.) 2021-08-2032 minKampen om stortingsbenken Sogn og FjordaneKampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane6. Erling Sande, Sp (31:22 min)Erling er den alle spår har ein plass på stortinget i neste periode for Sogn og Fjordane. Sjølv vil han ikkje ta det på forskot, sjølv om han har fylt ut søknadsskjema om stortingshybel. Han er opptatt av å oppføre seg ordentleg i valkampen. (Opptaket er gjort 9.8.2021.) 2021-08-1831 minKampen om stortingsbenken Sogn og FjordaneKampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane5. Marius Langballe Dalin, MDG (31:43 min)Marius er legen som snakkar fort og mykje og som syklar rundt og deler ut tusenvis av valkampbrosjyrer. Av ting han ikkje likar er forenkling og overdriving. Debattar kan også vere utfordrande. (Opptaket er gjort 10.8.2021.) 2021-08-1631 minKampen om stortingsbenken Sogn og FjordaneKampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane4. Anfinn Sjåstad, Frp (30:43 min)Anfinn er frå Stadlandet. Sjølv om det er travelt med valkamp, så prøver han å gå ein tur kvar dag, helst med Pink Floyd på øyret. Han har livserfaring som gjer at han er særleg opptatt av folk som slit økonomisk. (Opptaket er gjort 8.8.2021.) 2021-08-1330 minKampen om stortingsbenken Sogn og FjordaneKampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane3. Hege Lothe, SV (31:45 min)Hege er ein erfaren politikar som vil ha meir makt, men ho føler også på presset no når ho er SVs førstekandidat. Hege går alltid med partiprogrammet i veska og gruar seg til utspørjinga i NRK, men meiner kvinner må bli betre på å gje litt "F". (Opptaket er gjort 9.8.2021.) 2021-08-1131 minKampen om stortingsbenken Sogn og FjordaneKampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane2. Geir Oldeide, Raudt (33:10 min)Geir har 20 år bak seg som kommunepolitikar i tidlegare Vågsøy, no Kinn kommune. Han har lang arbeidserfaring frå fiskeindustrien, men er no pensjonist. Geir innrømmer gjerne at han ikkje veit så mykje om landbruk. - Det er ei ærleg sak. Vi er jo ikkje vandrande wikipedia-idiotar! (Opptaket er gjort 6.8.2021.) 2021-08-0933 minKampen om stortingsbenken Sogn og FjordaneKampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane1. Introduksjon til "Kampen om stortingsbenken SFJ" (1:54 min)I podkast-serien "Kampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane" intervjuar Eirin Aardal og Anne Mette Hjelle 9 førstekandidatar til stortingsvalet i Sogn og Fjordane. Målet er å lære meir om kandidatane og kva som skjer bak kulissane i valkampen. For at du skal vite meir, gir vi deg her ein kort introduksjon om podkasten, kvifor vi gjer dette, oppstarten og om oss. :-)   2021-08-0901 min