podcast
details
.com
Print
Share
Look for any podcast host, guest or anyone
Search
Showing episodes and shows of
Dagogtid
Shows
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Det militante demokratiet vaknar i USA
Trass i dei alvorlege skuldingane er Trump framleis den mest populære presidentkandidaten hos republikanarane. I midten av august dukka det opp eit juridisk skjer i sjøen som kan snu opp ned på alt for Trump. Lytt til kommentaren «Det militante demokratiet vaknar i USA» i denne vekas podkastepisode. Kvar veke les me inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du og prøve? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
2023-09-01
10 min
DAG OG TID podkast
Melkøya og elektrifisering som klimatiltak
Regjeringa har bestemt at Equinor-anlegget Hammerfest LNG skal elektrifiserast frå land. Det vil kutte 850.000 tonn i årlege CO2-utslepp frå gassturbinane på øya. Kva ligg bak denne avgjerda og er det eit godt klimatiltak? Bård Lahn er gjest. Han har forska på norsk og internasjonal klimapolitikk, ressursforvaltning og oljepolitikk. Kva meiner han om elektrifisering som klimatiltak? Og kjem me til å nå klimamåla for 2030?
2023-08-26
32 min
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Eit nytt Midtausten
Opp frå krigsruinane stig ein anna Midtausten enn det vi kjenner. Du skal denne veka få høyre ein kommentar av Cecilie Hellestveit. Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du lytte til fleire? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov. DAG OG TID podkasten tar sommarferie og er tilbake i august.
2023-07-14
15 min
DAG OG TID podkast
Siri Helle om mat, praktisk arbeid og distriktspolitikk.
Siri Helle er fast skribent i Dag og Tid, agronom, snikkar, forfattar og mykje meir. Har ho funne sitt ideelle liv? Og kan ein vere rastlaus og likevel slå seg ned med hus, mann og åker? I denne episoden blir du betre kjent med Siri. Me er innom tema som matproduksjon, praktisk arbeid og distriktspolitikk.
2023-06-30
29 min
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Den som kviskrar på torget
Dersom alle mistenkjer motstandarane for å vera løgnarar og kjeltringer, blir det ikkje noko fellesskap av semja, det blir borkarkrig, skriv Jan Inge Sørbø. Høyr heile kommentaren hans på lyd i podkastkanalen vår denne veka. Me les inn eit utval artiklar kvar veke, og er du nysgjerrig på lydavisa vår eller kva DAG OG TID skriv om, ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
2023-06-16
07 min
DAG OG TID podkast
Kva skjer i Sudan?
Gunnar M. Sørbø er sosialantropolog og tidlegare direktør ved Chr. Michelsens Institutt. I denne episoden fortel han om interessa si for Sudan, bakgrunnen for den pågåande konflikten og kva konsekvensar han kan få. Kvifor er det som skjer i Sudan så viktig for området rundt? Sørbø vart intervjua i Dag og Tid 28. april, les artikkelen her. Er du nysgjerrig på Dag og Tid? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. Abonnementet stoppar automatisk etter tre veker.
2023-06-09
39 min
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Festspillene i Bergen
Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Denne veka høyrer du Sjur Haga Bringeland lese frå Festspillene i Bergen. Ønskjer du å høyre fleire artiklar på lyd? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
2023-06-02
05 min
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Eit anna menneske
Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Denne veka får du høyre Frank Tønnesen lese spalta «Kunngjeringar». Ønskjer du å høyre fleire artiklar på lyd? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
2023-05-26
05 min
DAG OG TID podkast
Magnus Håkenstad om forsvar og beredskap i Noreg
Førre veke la Forsvarskommisjonen fram si innstilling og kommisjonen slår alarm: «Det er behov for en omfattende satsing på sikkerhet, forsvar og beredskap.» Dei vil doble forsvarsbudsjettet frå 76 milliardar til 146 milliardar over ein tiårsperiode. Magnus Håkenstad er gjest denne veka og fortel om innstillinga til kommisjonen. Han er forskar ved Institutt for forsvarsstudier og har arbeidd med tema som langtidsplanlegging i forsvarssektoren, det nye totalforsvaret og forsvarsomstilling. Dag og Tid har skrive om beredskap tidlegare. Les «Det førebudde Finland» om finsk beredskap og intervjuet med Håkenstad «–Forsvaret verkar ikkje» på dagogtid.no. Er du...
2023-05-12
34 min
DAG OG TID podkast
Sverre Tusvik om Hauge-dagbøkene
Olav H. Hauge skreiv dagbok i 70 år, frå 1924 til 1994. Nokre år seinare vart bøkene gitt ut på Samlaget. Etter avtale med Bodil Cappelen og Samlaget trykker Dag og Tid no utdrag frå dagbøkene. Tidlegare redaktør i Samlaget, Sverre Tusvik, er gjest i podkasten vår denne veka og fortel om Olav H. Hauge. Kva er det som gjer dagbøkene hans så unike?
2023-05-04
28 min
DAG OG TID podkast
Om USA, musikk og litteratur. Intervju med musikkmeldar Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er professor ved Universitetet i Bergen, forfattar og musikkmeldar i Dag og Tid. Han skriv for det meste om amerikansk musikk, eit land han også har budd i. I denne episoden fortel han om opphaldet i USA, den nyaste romanen si «Ei verd utan hestar» og rolla som musikkmeldar. Vågnes les også inn meldingane sine til lydavisa. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
2023-04-28
31 min
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Tønnemeisteren
Ikkje noko tek vare på edle ropar som gamalt treverk. Men føresetnaden er at nokon veit korleis det skal handsamast. Dag og Tid er med folk på jobb. I denne episoden får du høyre Siri Helle lese artikkelen om bøkkaren Arne-Jøran Øyen. Han lagar tønner til akkevittproduksjon. Fleire av artiklane om yrkesliv kan du lese på dagogtid.no. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.
2023-04-21
15 min
DAG OG TID podkast
Kva gjer teater med oss? Intervju med teatermeldar Bent Kvalvik
På kva måte har teateret endra seg dei siste tiåra? Bent Kvalvik har meldt teater i 30 år og er gjest hos oss denne veka. Les teatermeldingane til Bent Kvalvik i DAG OG TID. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
2023-03-31
35 min
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Geitene på Kvist
Framtida til ein flokk frittgåande geiter ved Sognefjorden vart brått eit tema på høgt politisk nivå. Argumenta for å la geitene på Kvist leve vidare som villgeiter handlar ikkje særleg mykje om dyrevelferd, skriv veterinær Arve Nilsen. Høyr han lese spalta «Dyrisk». Kvar veke les vi inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du høyre fleire artiklar? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
2023-03-24
07 min
DAG OG TID podkast
Kva er ein god bassist? Intervju med Ellen Brekken
Ellen Brekken er musikar og komponist. Ho fortel om korleis ho enda opp med å spele både tuba, elbass og kontrabass. Me diskuterer rikskonsertane og kva ho lærte etter eit semester i Cape Town. Kva er verdien av ein musikar - og ikkje minst, rolla til bassinstrumentet? Du får også høyre smakebitar på to av låtane frå plata Ambush. Bandet er A Tonic for the Troops. Brekken vart også intervjua i papirutgåva av DAG OG TID. Les intervjuet her. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. Musikk frå Amb...
2023-03-17
43 min
DAG OG TID podkast
Ida Gilbert: Tute med de ulver som er ute
Ida Gilbert er gjest denne veka. Ho er filosof, skribent og kommunikasjonsrådgivar. I 2020 gav ho ut boksingelen «Rekkeviddeangst» og er no aktuell med romanen «Tute med de ulver som er ute» på Flamme forlag. Romanen har fått gode tilbakemeldingar. I Dag og Tid skriv Oddmund Hagen at «Ida Gilbert skriv både poengtert og treffsikkert om keisarens nye klede, og ho har framfor alt sans for humor og situasjonskomikk». I romanen følger me Aslaug som arbeider som kommunikasjonsrådgivar i organisasjonen Framtid med Visjon før ho flyttar til bygda og byrjar som journalist i ei lokalavis. Og...
2023-03-10
26 min
DAG OG TID podkast
Mellom to kulturar: Susanne Hætta om besteforeldra sine i Siebe
Susanne Hætta, forfattar, fotograf og biletkunstar, spør kven ho er, gjennom portrett av besteforeldra og foreldra sine, samiske og norske. Ein oppvekst mellom to kulturar, sett gjennom eit hundreår. I denne episoden tek me utgangspunkt i første del i portrettserien. Hætta fortel om dei samiske besteforeldra sine som budde i Siebe. Me kjem også innom Fosen-saka. Les meir på dagogtid.no. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov
2023-03-03
33 min
DAG OG TID podkast
Krigen i Ukraina: Halvor Tjønn om året som har gått
Det er gått eitt år sidan Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina. Mykje har endra seg det siste året. Halvor Tjønn ser tilbake på året som har gått. Korleis har krigen endra Russland, og kva med oss, Europa? Vil det framleis vere krig om eitt år? DAG OG TID skriv denne veka fleire artiklar om krigen i Ukraina. Les kommentaren til Halvor Tjønn her (abo). Alle artiklane våre finn du på dagogtid.no. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
2023-02-24
37 min
DAG OG TID podkast
Detaljene: intervju med Ia Genberg
Vinnaren av Augustprisen 2022, Ia Genberg, er gjest hos oss denne veka. Ho fortel om den nyaste boka si Detaljene som kom ut på norsk i år.
2023-02-18
14 min
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: De åtte fjellene
«De åtte fjellene er ei slags maskulin ønsketenking», skriv filmmeldar Brit Aksnes. Høyr ho lese meldinga si i denne podkastepisoden. Kvar veke les vi inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du høyre fleire artiklar? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
2023-02-10
04 min
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Kongelaksen i Columbia
Høyr ein av lydartiklane våre i DAG OG TID podkasten. Hans Morten Sundnes leitar etter laksen og urfolket som nesten forsvann då Columbiaelva i USA blei moderne. Dette er del tre i ein serie på fire delar. Det er Sjur Haga Bringeland som les. Vil du lytte til fleire av lydartiklane våre? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov
2023-02-03
17 min
DAG OG TID podkast
Arne Henning Årskaug om «Skap og sørg: eksessar om gørra vi ber på»
«Boka er berre på vel 120 sider, med luft mellom tekstane, men likevel sit ein att med inntrykk av at ho inneheld enormt mange ord, og at forfattaren har funne på dei fleste sjølv.» Dette er noko av det bokmeldar Odd W. Surén skriv om boka Skap og sørg – eksessar om gørra vi ber på. Høyr forfattar og bibliotekar Arne Henning Årskaug fortelje og lese frå boka.
2023-01-27
34 min
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Kva kan du om marsvin?
Marsvin er dagaktive og nysgjerrige og har også eit rikt kroppsspråk, eit marsvin i godt humør kan hoppe rundt i ekstase (også kalla popkornspretting). Dei har eit godt utvikla språk og kan kommunisere med innfløkte pipe- og brummelydar. Vil du vite meir? Høyr veterinær Arve Nilsen lese spalta si Dyrisk i podkastkanalen vår denne veka. Kvar veke les vi inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du høyre fleire lydartiklar? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.
2023-01-20
06 min
DAG OG TID podkast
Kåre Dahl Martinsen om økonomisk krigføring
Økonomisk krigføring, kva er det? Er Noreg ein del av det? Kåre Dahl Martinsen forskar på tryggingspolitikk og er aktuell med ei bok om økonomisk krigføring. Me er innom sanksjonane mot Russland - fungerer dei?, rolla til Kina, Wandel durch Handel-strategien. Kan ein framleis seie at det var ein god strategi? Og kva er eigentleg forskjellen mellom handelskrig og økonomisk krigføring?
2023-01-13
37 min
DAG OG TID podkast
Energiåret 2022 med Jon Hustad
Dag og Tid ser tilbake på energiåret 2022. Torv blir selt på svartebørsen i Irland og det føregår ulovleg hogst i Tyskland. Kva har konsekvensane av dei høge straum- og gassprisane vore? Korleis kjem neste år til å sjå ut? Me tar og ein snartur innom klima og Russland. Journalist i Dag og Tid, Jon Hustad, er gjest.
2022-12-23
53 min
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Høyr May Linn Clement lese reportasjen sin «Det kjende i det ukjende»
May Linn Clement sjekkar inn i barndomsheimen til diktaren Jacob Sande og skriv om det i serien «Fjorten dagar i Fjaler». Høyr ho lese første del i reportasjeserien. Ønskjer du å gje Dag og Tid i julegåve? Mottakaren får avisa i fire månader. Les meir på dagogtid.no. Er du ikkje abonnent, men nysgjerrig på Dag og Tid? Bestill eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.
2022-12-16
09 min
DAG OG TID podkast
Historia om spelekvinnene med Benedicte Maurseth
Korleis har rolla til spelekvinnene endra seg opp gjennom åra? Og korleis er det å vere spelekvinne i dag? Det fortel musikar og komponist Benedicte Maurseth om i denne episoden. Ho har skrive boka Systerspel. Maurseth vart også intervjua i Dag og Tid, les intervjuet her. Musikk: Prillarguri, Mari Eggen Fykeruds farvel til Amerika, Kristiane Lund Huldreslått frå Vang, Sarah-Jane Summers Gløymer dag og stund, Helga Myhr Frå samleplata «Systerspel»
2022-12-09
47 min
DAG OG TID podkast
Niels Christian Geelmuyden om «Når de døde våkner»
Å intervjue døde personar – er det mogleg? Statsvitar, journalist og forfattar Niels Christian Geelmuyden har gjort nettopp det i den nyaste boka si «Når de døde våkner». I denne episoden fortel han korleis det har vore å bli kjent med desse døde personane og kva han har lært av dei.
2022-12-02
25 min
DAG OG TID podkast
Dyrisk: Kva er eit dyr?
Kva skil dyr frå andre levande skapningar? Og kva er eigentleg eit dyr? Dette er første del i podkastserien "Dyrisk" med veterinær Arve Nilsen. Gjestar er Ragnhild Sollund, kriminolog og forfattar, og biolog Gry Anita Eriksen. Denne episoden vart først publisert 22. april 2022.
2022-11-25
1h 02
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Før elektrisiteten kom, var jordkjellaren kjøleskap og grønsaklager
Denne veka kan du lytte til ein av lydartiklane våre. Vil du høyre fleire? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov og last ned DAG OG TID-appen!
2022-11-18
08 min
DAG OG TID podkast
Dagfinn Nordbø: Eg lagar aldri mat etter oppskrifta
Denne veka blir du betre kjend med Dagfinn Nordbø. Han skriv om mat og reiser i spalta «Matmonsen». Treng du inspirasjon til neste middag? Kanskje lam på marokkansk vis? Les førre artikkel her. (abo)
2022-11-11
17 min
DAG OG TID podkast
Banksvindel: Per Anders Todal fortel
Har du nokon gong blitt svindla eller forsøkt svindla? Då kjenner du kanskje til både spoofing og phishing. Phishing-åtak er ei næring i sterk vekst. Gjesten vår denne veka, Per Anders Todal, vart svindla for eit stort beløp. Han fortel kva som skjedde og kva han meiner ein sjølv og bankane kan gjere for å førebygge svindel. Todal har også skrive ein artikkel om dette. Les «Usikkert som banken» her (abo).
2022-11-04
24 min
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Rauland
I år fer Håvard Rem i Langfjella, frå Dovre i nord til Agder i sør, for å utforska livet i fjella som kløyver Sør-Noreg i mål-, vass- og vêrskilje. Denne veka er han i Rauland. Høyr han lese del 6 av reportasjeserien, «Rein i fjell og bronse». Kvar veke les me inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Er du nysgjerrig på lydavisa vår, kan du bestille eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
2022-10-28
20 min
DAG OG TID podkast
Shirin Tinnesand om erfaringer frå Moria-flyktningleiren den polsk-ukrainske grensa
Shirin Tinnesand jobbar som flyktning- og migrantkoordinator og er gjest i podkasten denne veka. Ho fortel om arbeidet sitt på Moria-flyktningleiren på Lesvos og ved grensa mellom Polen og Ukraina. Kvifor er ho skeptisk til både friviljuge bistandsarbeiderar og norsk media?
2022-10-21
27 min
DAG OG TID podkast
Aage Sivertsen om Rinnanbanden
Aage Sivertsen er gjest i podkasten denne veka. Han har skrive bok om Rinnanbanden, ei gruppe nordmenn som støtta tyskarane under krigen. Sivertsen har skrive mange bøker om 'skammens historie'. Kvifor er han så oppteken av slike mørke tema?
2022-10-14
31 min
DAG OG TID podkast
Kim Hiorthøy om boka «Knivtid»
Kim Hiorthøy er aktuell med boka Knivtid, ei bok med femti korte forteljingar. I denne episoden fortel og les han frå boka. Kva er det han synest er interessant med å skrive?
2022-10-07
21 min
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Høyr Sjur Haga Bringeland lese spalta «Klassisk»
Phantasm får fram einskildtrådane i Bachs mangslungne musikalske vev, skriv Sjur Haga Bringeland. Denne veka får du høyre han lese spalta si «Klassisk». Bringeland er musikar, musikkviter og fast musikkmeldar i Dag og Tid. Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du høyre fleire artiklar? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
2022-09-30
05 min
DAG OG TID podkast
Krigen i Ukraina: ein samtale med Andrej Kurkov
«Eg er imot å publisere mine eigne bøker på russisk fram til slutten på krigen», seier den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov. Han er gjest hos oss denne veka og er aktuell med «Dagbok frå ein invasjon» om tida før og under invasjonen. Intervjuet vart gjort 20. september. Er du nysgjerrig på Dag og Tid? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
2022-09-23
20 min
DAG OG TID podkast
Alt som skranglar: Erlend Skjetne fortel og les frå den nyaste boka si
Korleis er det å skrive bok om ei dotter som ikkje har språk? Er det greitt? Høyr forfattar Erlend Skjetne fortelje og lese frå den nyaste boka si, Alt som skranglar, i denne episoden av DAG OG TID- podkasten.
2022-09-16
26 min
DAG OG TID podkast
Teaterregissør Kjersti Horn om «Kristin Lavransdotter»
Trilogien om Kristin Lavransdatter er kanskje dei mest kjende bøkene til Sigrid Undset. Laurdag 10. september er det premiere på «Kristin Lavransotter» på Det norske teatret. Kjersti Horn har regien. I denne episoden fortel ho om korleis det har vore å arbeide med eit teaterstykke som varer i 8 timar. Kvifor har ho valt å skilje publikum og skodespelarane med ein plastfilm? 26. august hadde DAG OG TID på trykk ein reportasje om «Kristin Lavransdotter». Les artikkelen her (for abonnentar).
2022-09-09
30 min
DAG OG TID podkast
Kan demens førebyggjast? Høyr nevrokirurg Haldor Slettebø lese spalta si «Medisinsk»
Denne veka får du høyre ein av lydartiklane våre i podkastkanalen. Nevrokirurg Haldor Slettebø skriv om medisin ein gong i månaden, og denne veka er tema demens. «Demens, det er skrekken», sa Drillo då han nyleg runda 80 og fekk spørsmål om alder og død i eit intervju. Han har eit poeng: Demens kan vere skremmande. Den som er råka, døyr langsamt to gonger, blir det sagt: først i sinn, så i skinn. Er du ikkje abonnent og ønskjer å prøve lydavisa? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
2022-09-02
10 min
DAG OG TID podkast
I kor stor grad har kroppsøving endra seg dei siste åra? Idrettspedagog Maren Bø fortel
I denne episoden blir du betre kjent med idrettspedagog Maren Bø som skriv spalta «Sport før og no» i Dag og Tid. Tema denne veka er kroppsøving. Du får også høyre Bø lese spalta si som denne veka handlar om skruknottar.
2022-08-26
17 min
DAG OG TID podkast
Ansvar for dei sjukaste. Jan Inge Sørbø om psykisk helsevern
I 1973 var det nesten 14.000 sengeplassar i norsk psykiatri. I 2020 var talet litt over 3000. I seinare tid har ein satsa mykje på førebygging. Gjest denne veka, Jan Inge Sørbø, meiner skuggesida av dette er at ein ser på dagligdagse problem som sjukdom. Les kommentaren hans her.
2022-07-15
25 min
DAG OG TID podkast
Kva betydning har London pub for det skeive miljøet?
«Ikkje berre ein pub», skriv Kristin Fridtun om London pub i DAG OG TID 1. juli. Denne veka er ho gjest i podkasten vår og fortel om sine eigne erfaringar som skeiv i Noreg. Kva betydning har London pub for det skeive miljøet? Og har Pride blitt for seksualisert? Kommentaren kan du lese her (for abonnentar).
2022-07-08
31 min
DAG OG TID podkast
Dyrisk: Kva er ein veterinær?
Dette er del tre i podkastserien «Dyrisk». Saman med Yngvil Wasteson og Eystein Skjerve, begge professorar ved Veterinærhøgskolen, diskuterer Arve Nilsen kva som er rolla til veterinæren. Kva dilemma møter ein veterinær i arbeidet sitt? Arve Nilsen er veterinær og fast skribent i DAG OG TID.
2022-07-01
57 min
DAG OG TID podkast
Korleis er situasjonen for LHBT-personar i Aust-Europa?
Denne podkastepisoden vart spelt inn før fredag 24. juni. Korleis er situasjonen for LHBT-personar og dei som støttar dei i Aust-Europa? Kan ein gå i Pride-parade i Georgia og Armenia? Artikkelen som har vore inspirasjon for denne episoden, «Pride – eit barometer for fridom», kan du lese her (for abonnentar). Ane Tusvik Bonde, seniorrådgivar i Human Rights House Foundation, og Patricia Kaatee, politisk rådgivar i Amnesty Internasjonal Norge, er med oss i studio. Er du nysgjerrig på DAG OG TID kan du bestille eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.
2022-06-24
30 min
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Fotballcupsommar 2022 – ikkje tida for å henga med leppa
I DAG OG TID kan abonnentane lytte til fleire av artiklane våre, og i tida framover kan du som podkastlyttar få høyre nokre av desse artiklane. Teiknaren vår, May Linn Clement, har vore på fotballcup og les denne veka reportasjen sin «Cuplivet». Trur du lydavisa kan vere noko for deg? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
2022-06-17
11 min
DAG OG TID podkast
”Polakkarbeid” og lågstatusyrke: Tømrar Ole Thorstensen om norsk og polsk arbeidsliv
Arbeidsinnvandringa svekkjer respekten for praktisk arbeid og undergrev den norske modellen, meiner tømrar Ole Thorstensen. I boka "Bare en jobb" skriv han om polsk og norsk arbeidsliv. I denne episoden fortel han om erfaringar frå då han arbeidde i Polen. Korleis ser han på sitt eige yrke - som av mange blir kalla "polakkarbeid"? Ole Thorstensen vart intervjua i DAG OG TID 3. juni. Les meir her (for abonnentar).
2022-06-10
26 min
DAG OG TID podkast
TikTok: Eit usosialt medium?
TikTok er det raskast veksande sosiale mediet i verda. Når du først er i gang, er det vanskeleg å slutte. Plattforma har blitt skulda for å sensurere innhald, til dømes å ta ut innhald av det dei ser på som «stygge» folk. I tillegg nyttar dei algoritmar til å identifisere kva brukaren likar og er oppteken av, noko som potensielt kan nyttast til å gjere brukaren meir avhengig av appen, men også til politisk påverknad. Jesper Hommefoss Johnsen, journalist i Dag og Tid, har skrive ei sak om denne videodelingsappen og er gjest i podkasten for å fortelje om sine erfaringar med TikTok. Art...
2022-06-03
18 min
DAG OG TID podkast
På reis i Litauen
Håvard Rem har vore på reis i Litauen. Landet var den første republikken som braut ut av Sovjetsamveldet. I denne episoden fortel Rem om nordisk-baltisk samarbeid, Vilnius, litauisk litteratur og mat. Han fekk også møte litauaren som leidde landet ut av Sovjetsamveldet, Vytautas Landsbergis. Dei tre første delane av reportasjeserien om Litauen kan du lese i her (for abonnentar).
2022-05-27
25 min
DAG OG TID podkast
Anders Nordstad om norsk landbruk
Denne veka er Anders Nordstad gjest. Han er engasjert i landbrukspolitikk og vart i høve jordbruksoppgjeret intervjua i Dag og Tid 13. mai. I denne podkasten fortel han om kva han meiner er gale med norsk landbrukspolitikk. Artikkelen kan du lese her.
2022-05-20
29 min
DAG OG TID podkast
Dyrisk: Døyr fe, døyr frendar
Dette er del to i podkastserien «Dyrisk». Saman med veterinærane Brit Tørud og Edgar Brun snakkar Arve Nilsen om fiskehelse og oppdrett. Ifølgje rapporten om fiskehelse i Noreg skriv Veterinærinstituttet at det døydde over 100 millionar oppdrettsfisk i 2021. Arve Nilsen er veterinær og fast skribent i DAG OG TID. Denne veka skriv han om klauvròte. Les artikkelen her (for abonnentar).
2022-05-13
59 min
DAG OG TID podkast
Å døy om våren. Ein samtale om sjølvmord med Erlend Skjetne
Forfattar og skribent Erlend Skjetne er gjest i podkasten denne veka. Han skriv no ein serie essay i DAG OG TID der han reflekterer kring temaet sjølvmord. Her kan du lese første del «Å døy om våren».
2022-05-06
24 min
DAG OG TID podkast
Det franske demokratiet er ikkje som før
Etter presidentvalet i Frankrike er det tydeleg at folket er splitta. Korleis har det blitt slik? Og kor mykje makt har presidenten? Gjest er Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid. Les kommentarane hans om same tema: "Politiske oppløysingstendensar" og "Det franske demokratiet er ikkje som før".
2022-04-29
34 min
DAG OG TID podkast
Dyrisk: Kva er eit dyr?
Kva skil dyr frå andre levande skapningar? Og kva er eigentleg eit dyr? Dette er første del i podkastserien "Dyrisk" med veterinær Arve Nilsen. Gjestar er Ragnhild Sollund, kriminolog og forfattar, og biolog Gry Anita Eriksen.
2022-04-22
1h 01
DAG OG TID podkast
Marit Bjerkeng om russisk språk og kultur
Burde me boikotte russisk kultur no? Og har Putin øydelagt den russiske litteraturen? Gjest er Marit Bjerkeng, ho er omsetjar og har undervist i russisk ved høgskular og universitet. I denne episoden fortel ho også om to av "sine" russiske forfattarar, Mikhail Sjisjkin og Ljudmila Ulitskaja.
2022-04-16
30 min
DAG OG TID podkast
Kjem snart: ein podkastserie om dyr og dyrevelferd
Fredag 22. april kjem første episode av podkastserien «Dyrisk». Veterinær Arve Nilsen snakkar om dyr og dyrevelferd saman med gjester som har mykje kunnskap og spennande meiningar. Følg med i podkastkanalen til DAG OG TID!
2022-04-15
00 min
DAG OG TID podkast
Fasade og fadese i Hollywood
May Linn Clement, teiknaren i Dag og Tid, fekk innpass på Oscar-utdelinga i Hollywood. I denne episoden fortel ho om opplevinga si. Les reportasjen hennar her (abo).
2022-04-08
25 min
DAG OG TID podkast
Intervju med Andrej Kurkov
Denne veka var den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov i Oslo, han var invitert av Samtiden og PEN. I DAG OG TID-podkasten fortel han om korleis han opplever situasjonen i Ukraina og kva han meiner om Russland. Kurkov har skrive mange artiklar for Dag og Tid, du kan lese dei her. I DAG OG TID kan du også lese Intervjuet med Mikhail Sjisjkin, som Kurkov hadde ein samtale med på litteraturhuset 28. mars.
2022-04-01
22 min
DAG OG TID podkast
Nevrokirurg Haldor Slettebø om hjernen
Haldor Slettebø, spesialist i nevrokirurgi, skriv om medisin ein gong i månaden i Dag og Tid. I denne episoden snakkar han om den første artikkelen, «Hjernen er oppskrytt», som stod på trykk 18. mars. Les artikkelen her (abo).
2022-03-25
27 min
DAG OG TID podkast
Per Anders Todal om den nye fedrelandskrigen
Journalist og forfattar Per Anders Todal er gjest i DAG OG TID-podkasten denne veka. Han seier at leiarane i både Ukraina og Russland nyttar den sovjetiske krigssoga som ammunisjon. Du kan lese artikkel hans her. Er du ikkje abonnent? Prøv DAG OG TID gratis i tre veker med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.
2022-03-18
27 min
DAG OG TID podkast
Uavhengig journalistikk i Russland
Dag og Tid trykker no artiklar av den russiske journalisten Sergej Markelov. I 2020 vart han som fyrste journalist i Russland erklært som utanlandsk agent av russiske styresmakter. Kva går denne lova om utanlandske agentar ut på og kvifor vart ho sett i verk? Journalist i Nordlys og leiar i Barents Press, Amund Trellevik, fortel om situasjonen for uavhengig journalistikk i Russland. Les artikkelen «Ein utanlandsk agent tilstår» her (for abonnentar). Er du ikkje abonnent, men ønskje å lese artiklane? Bestill eit gratis prøveabonnent på dagogtid.no/prov.
2022-03-18
28 min
DAG OG TID podkast
Finanskrigen: Jon Hustad om sanksjonane mot Russland
26. februar vart valutareservane til Russland kverrsette av europeiske land og Japan. Kva konsekvensar får dette for Russland, og er det lov å fryse andre land sine valutareservar? Jon Hustad er gjest denne veka. Artikkelen om same tema, «Finanskrigen», kan du lese her (abo).
2022-03-11
32 min
DAG OG TID podkast
Kvifor gjekk Putin til krig mot Ukraina?
24. februar gjekk Russland til åtak på Ukraina. Kva var motivasjonane bak dette angrepet? Og kva betydning har Ukraina for Russland? Russlandskjennar, førstelektor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen og forfattar av boka Russiske imperium, Kåre Johan Mjør, er gjest denne veka. I Dag og Tid 25. februar vart han intervjua av Per Anders Todal. Les artikkelen her (for abonnentar).
2022-03-04
29 min
DAG OG TID podkast
Salamandertesten: Simon Malkenes om norsk skulepolitikk
Innføringa av dagens skule byrja i 2001, då kom dei første Pisa-resultata. Dei viste at Noreg ikkje var best, men skåra middels blant OECD-land. Løysinga vart ein ny skulepolitikk, ein skulle disiplinere ungane til å lære meir. I denne episoden av DAG OG TID-podkasten er Simon Malkenes gjest. I fjor kom han ut med boka «Salamandertesten» der han skriv om norsk skulepolitikk i lys av Bjørneboes Jonas frå 1955. Boka tar utgangspunkt i eit føredrag på Nasjonalbiblioteket i høve 100-årsjubileet for Jens Bjørneboes fødsel. Nøkkelord er «læringstrykk», «humankapital», «tidleg innsats» og «disiplindugn...
2022-02-18
30 min
DAG OG TID podkast
Cecilie Løveid om livet og skrivinga
I boka «Kamerat livet» samtalar Kaja Schjerven Mollerin med forfattar Cecilie Løveid. I boka fortel Løveid om alt frå barndomen, familien, det pågåande prosjektet med boka «Piggeple» og hennar forhold til poesi og dramatikk. Denne veka er ho gjest i Dag og Tid-podkasten og fortel om livet og skrivinga. Mollerin vart intervjua i papirutgåva 4. februar, les intervjuet her (for abonnentar).
2022-02-11
29 min
DAG OG TID podkast
Siri Helle om vegetarisk middag
Det å ete grønt skal vere sunnare for både helsa og miljøet. Men er det eigentleg sunnare å skifte ut kjøtkakene med eit vegetarisk alternativ som skal etterlikne kjøtprodukt? Fast skribent i Dag og Tid, Siri Helle, er gjest. Les spalta «Frå matfatet» om vegetarisk middag her (for abonnentar).
2022-02-04
18 min
DAG OG TID podkast
Helene Uri om pronomena «hen» og «dei»
Det er ikkje alle som føler at «ho» og «han» passar med deira kjønnsidentitet. For eit par veker sidan skreiv NRK om Ravn Stiklestad Opli som identifiserer seg sjølv som ikkje-binær. Ravn føretrekker å bli omtala med pronomenet «dei». Kva er samanhengen mellom språk og identitet og blir det ikkje forvirrande å bruke «dei» om éin person? Helene Uri, forfattar og språkvitar, fortel om dei kjønnsnøytrale pronomena «hen» og «dei».
2022-01-28
22 min
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: «Med éin fot i fortida og éin i framtida»
I DAG OG TID les me kvar veke inn eit utval av artiklane våre til lydavisa. Her kjem ein smakebit der Håvard Rem les første del i serien om Qatar, «Med éin fot i fortida og éin i framtida», som stod på trykk 21. januar. Har du alt digitalt eller komplett abonnement, kan du laste ned DAG OG TID-appen og lytte til lydartiklar der. Er du ikkje abonnent, kan du gå inn på dagogtid.no/prov og bestille eit gratis prøveabonnement.
2022-01-26
17 min
DAG OG TID podkast
Tiåret då det ekstreme blei normalt
«Ytre høyres kulturkrigere vil normalisere det ekstreme». Det skriv Carline Tromp, redaksjonssekretær i debattredaksjonen i Klassekampen, i den nye boka si: «Kulturkrig». DAG OG TID publiserte eit forfattarintervju med Tromp 14. januar. I dag er ho gjest i podkasten. I episoden nemner vi teksten til Karianne Solbrække, Nyhetsredaktør i TV 2.
2022-01-21
28 min
DAG OG TID podkast
Kva er det som får fotballverda til å gå rundt?
Det er 30 år sidan verdas rikaste fotballsystem, Premier League, vart skapt. I denne episoden fortel fotballøkonom Kjetil Kåre Haugen om kva det er som får fotballverda til å gå rundt. Kvifor er 'uncertainty of outcome' så viktig? Haugen vart intervjua av Jon Hustad i Dag og Tid 7. januar. Les artikkelen "Proletariatet vann" her (for abonnentar).
2022-01-14
28 min
DAG OG TID podkast
Den grøne vendinga på turbo
Me må venne oss til at straumen gradvis blir dyrare. Men kan ein likevel finne noko positivt med høge straumprisar? Og kva er det Europa treng for at me skal ha nok energi framover og samstundes sleppe ut minst mogleg CO2? Jon Hustad er gjest.
2021-12-23
25 min
DAG OG TID podkast
Håkon Austbø: Refleksjonar over eit musikarliv
Håkon Austbø har vore aktiv pianist i snart 60 år og har no gitt ut memoarboka «Motstrøms – refleksjoner over et musikerliv». I denne podkastepisoden reflekterer han over kva klassisk musikk kan gi oss, han fortel om Messiaen og Skrjabin. Kva ønskjer han sjølv å formidle med musikken? Jan H. Landro intervjua Håkon Austbø i Dag og Tid 10. desember. Artikkelen kan du lese her (for abonnentar). I denne podkastepisoden høyrer du musikk av Chopin og Debussy, spela av Håkon Austbø.
2021-12-17
29 min
DAG OG TID podkast
Erlend Skjetne fortel om reisa i Aust-Finnmark
Erlend Skjetne vann i år Brageprisen for ungdomsromanen "Eit anna blikk" som er inspirert av ei tid då han budde i Finnmark. No skriv han ein serie om Aust-Finnmark i Dag og Tid. Reisa startar i Kirkenes og målet er Sværholtklubben. Første del av serien kan du lese her (for abonnentar).
2021-12-10
21 min
DAG OG TID podkast
Bergsveinn Birgisson fortel om Island
Gjest denne veka er forfattar og skribent Bergsveinn Birgisson. Han fortel om garden til besteforeldra, islandske sagaer og det islandske samfunnet. Kan ein finne noko i sagaene som forklarer korleis folk oppfører seg i det moderne Island? Birigsson melde boka «Island - ei reiseskildring» i Dag og Tid 26. november. Les meldinga her.
2021-12-03
25 min
DAG OG TID podkast
Det grøne takskiftet
Teiknaren i Dag og Tid, May Linn Clement, har skifta tak på huset sitt. Trass i at grøn er ein vanskeleg farge, som ho sjølv skriv i reportasjen sin om takskiftet, er det nettopp denne fargen ho har valt på taket. Me snakkar og om rolla hennar som teiknar i Dag og Tid. Har ho ein person ho likar ekstra godt å teikne? Reportasjen om det grøne takskiftet kan du lese her (for abonnentar).
2021-11-26
21 min
DAG OG TID podkast
Kviterussland: Bølla i internasjonal politikk
Kviterussland har i det siste fått mykje merksemd. Først på grunn av demonstrasjonane i samanheng med presidentvalet i 2020, og no på grunn av migrantane og flyktningane som står på grensa mellom Kviterussland og Polen. Tidlegare styreleiar i Raftostiftelsen, Martin Paulsen, er gjest denne veka. Han fortel om Lukasjenko, sanksjonane mot Kviterussland og tilhøvet mellom Kviterussland og Russland. Kva ansvar har me for flyktningane og migrantane som no står ved grensa til Polen? Redaktør i Dag og Tid, Svein Gjerdåker, skreiv i Dag og Tid 12. november ein leiar om temaet, so...
2021-11-19
22 min
DAG OG TID podkast
Den tronge porten til Nordfjord
Håvard Rem skriv no ein ny distriktsserie i Dag og Tid. Denne gongen om Nordfjord. Rem fortel om den gongen han var dreng i Våtedalen, om den tronge porten til Nordfjord og om geiter. Første del i serien kan du lese her (for abonnentar).
2021-11-11
21 min
DAG OG TID podkast
Ronny Spaans om det nye Munchmuseet
«Det verkar som om heile museet er basert på ein dårleg idé på ein dårleg dag i eit dårleg reklamebyrå», skriv Ronny Spaans i meldinga si «Munch i tristesse». I denne episoden fortel Spaans om sjølve museumsbygningen og arkitekturen i Bjørvika. Kva var intensjonen bak denne bydelen? Meldinga kan du lese her (for abonnentar).
2021-11-05
27 min
DAG OG TID podkast
Dramaet på Nordaust-Grønland
Historikar ved Norsk Polarinstitutt, Harald Dag Jølle, har vore på Grønland. Som kvalforskarassistent har han saman med forskarane Christian Lydersen og Kit Kovacs vore på jakt etter grønlandskvalen. I denne episoden fortel Jølle også om «Danmark»-ekspedisjonen frå 1906-1908 der Ludvig Mylius-Erichsen, Niels Peter Høeg Hagen og Jørgen Brønlund omkom. Kva er drivkreftene til dei som risikerer livet for å utforske nye område? «Dramaet på Nordaust-Grønland», reportasjen som stod på trykk i Dag og Tid 22. oktober, kan du lese her (for abonnentar).
2021-10-28
23 min
DAG OG TID podkast
Korleis er det å ha eit barn med autisme? Olaug Nilssen fortel
Korleis er det å ha eit barn med autisme? Det har gjesten i Dag og Tid-podkasten denne veka - forfattar, dramatikar og skribent Olaug Nilssen snakka og skrive mykje om. I år fekk ho Fritt Ords Pris saman med forfattarane Jan Grue og Bjørn Hatterud.
2021-10-21
27 min
DAG OG TID podkast
Krigsrapport frå landsbyar i Nord-Syria
Tyrkia har okkupert fleire område i Nord-Syria dei siste åra, kva slags krig fører Tyrkia og kva er målet? Det skriv Erling Folkvord om i artikkelen «Krigsrapport frå landsbyar i Nord-Syria» som stod på trykk i Dag og Tid 8. oktober. Folkvord reiste til Nord-Syria i august og i denne episoden av Dag og Tid-podkasten fortel han om sine inntrykk frå reisa. Han gir oss òg eit overblikk over korleis situasjonen er i Nord-Syria no. Artikkelen kan du lese her (for abonnentar). Den tyrkiske ambassaden har fått tilsendt artikkelen Folkvord skreiv etter reisa si. Sv...
2021-10-14
26 min
DAG OG TID podkast
USA trekkjer seg militært ut av ørkenen og dreg til sjøs
Cecilie Hellestveit er gjest i denne episoden av Dag og Tid-podkasten. Ho fortel om den amerikanske forsvarsstrategien og kvar den militære teknologiutviklinga er på veg. USA trekkjer seg militært ut av ørkenen og dreg til sjøs. Kvar skal Noreg plassere seg når USA og Europa får ulike interesser i Midtausten? Artikkelen "Enden på krigen utan ende?", som denne episoden tar utgangspunkt i, kan du lese her (for abonnentar).
2021-10-07
26 min
DAG OG TID podkast
Ei klappjakt mot journalistar
I den nyaste utgåva av DAG OG TID skildrar redaktør Andrej Dynko i tidsskriftet Nasja Niva livet i eit fengsel i Minsk. Ane Tusvik Bonde kjenner Dynko godt og kan mykje om situasjonen i Kviterussland. I DAG OG TID-podkasten denne veka seier ho at det føregår ei «klappjakt mot journalistar».
2021-09-30
25 min
DAG OG TID podkast
Lydartikkelen til podkasten: «Ein kort tur til helvete»
På torsdag kjem ein ny episode av Dag og Tid-podkasten. Ane Tusvik Bonde, seniorrådgjevar i organisasjonen Human Rights House Foundation, er med som gjest og snakkar om framsidesaka frå den siste utgåva – «Ein kort tur til helvete». Artikkelen er skriven av redaktøren i det kviterussiske tidsskriftet Nasja Niva, Andrej Dynko. Han skildrar livet i Okrestina-fengselet i Minsk. Podkastepisoden kjem på torsdag, men allereie no kan du lytte til artikkelen som Dynko skreiv. Kvar veke les me inn utvalde artiklar frå avisa. Her får du ein smakebit på lydavisa vår!
2021-09-29
14 min
DAG OG TID podkast
Valordning på fjell, myr og skog
I land med allmenn røysterett er det eit ideal at alle røyster skal telje like mykje, men slik er det ikkje i praksis. I Noreg kjempar idealet om lik røystevekt mot distriktsomsyn og styringseffektivitet. Her spelar arealfaktoren og sperregrensa viktige roller. Gjest denne veka er professor i rettsvitskap Eirik Holmøyvik. Han var medlem av vallovutvalet som i fjor leverte framlegg til ny vallov. Du kan lese NOU-en, «Frie og hemmelige valg – Ny valglov», her.
2021-09-23
27 min
DAG OG TID podkast
Andreas Hompland om stortingsvalet
Korleis kjem den nye regjeringa til å sjå ut? Og kva er dei grunnleggande trendane i norsk politikk? Andreas Hompland er gjest i DAG OG TID-podkasten denne veka.
2021-09-17
26 min
DAG OG TID podkast
Hilde Vesaas om det å melde bøker
Har bokmeldarar blitt for lite kritiske? Hilde Vesaas, barnebarn til Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas – og bokmeldar i Dag og Tid, fortel om det å melde bøker. Kva gler ho seg til å lese i haust?
2021-09-09
21 min
DAG OG TID podkast
Kor lenge skal vi leite?
Striden om norsk leiteboring handlar om meir enn moral. Journalist Per Anders Todal og finansanalytikar Ole André Hagen snakkar om lønsemda i oljeleiting.
2021-09-02
21 min
DAG OG TID podkast
Straumprisen
Fyllingsgrada i magasina i Midt-Noreg er lågare enn for eit normalår, likevel held kraftselskapa fram med å selje straum til utlandet. Ein ny kraftkabel til England er snart klar. Kva har dette å seie for straumprisen i vinter? Jon Hustad er gjest.
2021-08-27
27 min
DAG OG TID podkast
Brit Aksnes om film
Kva er filmtrendane no, og kven er det som bestemmer kva som blir vist på norske kinoar? Filmmeldar i Dag og Tid, Brit Aksnes, er gjest.
2021-08-19
24 min
DAG OG TID podkast
Ein samtale om kunst med Eva Furseth
Finst det god og dårleg kunst, og korleis kan me bli flinkare til å sjå på kunst? Kunstmeldar i Dag og Tid, Eva Furseth, fortel om kva kunst betyr for ho og kva rolle kunst har i samfunnet.
2021-08-12
27 min
DAG OG TID podkast
Vestens nei til oljeproduksjon
Mai vart den kanskje mest dramatiske månaden for vestlege oljeselskap sidan andre verdskrigen. Oljeselskapa får press frå politisk, juridisk, finansielt og statistisk hald. Men kva vil konsekvensane av mindre oljeproduksjon frå vestlege oljeselskap vere? Jon Hustad er gjest denne veka.
2021-06-25
22 min
DAG OG TID podkast
Den usunne hundeavlen
Aldri før har så mange nordmenn ønskt å skaffe seg hund. Den store etterspurnaden har ført til ein usunn forretningskultur hos nokre oppdrettarar. Dyrevelferda er på eit nivå som vi ikkje kan akseptere. Det seier Arve Nilsen, veterinær, forskar og fast skribent i DAG OG TID, og Torill Moseng, veterinær og president i Den norske veterinærforening og visepresident i Den europeiske veterinærforening. Vi snakkar om usunn hundeavl.
2021-06-17
26 min
DAG OG TID podkast
Arkitektur på villspor
Dei siste 70 åra har den brutaliserande arkitekturen heimsøkt landet og landskapet vårt. Naturen forsvinn til fordel for invaderande, naturframande og miljøskadelege bygningformer. Ulf Andenæs, som er gjest denne veka, har i fleire tiår vore oppteken av arkitektur og byggeskikk. I denne episoden fortel han kva han meiner om arkitekturen i Noreg.
2021-06-15
21 min
DAG OG TID podkast
Haugalandet
Håvard Rem er på reis igjen, denne gongen er det Haugalandet som står for tur. Men kva er bakgrunnen for namnet til denne delen av landet? Og kva har Haugalandet å by på?
2021-06-10
22 min
DAG OG TID podkast
Kunsten å irritera seg over skrivefeil
Kvifor irriterer me oss over skrivefeil? Har det noko med personlegdomen vår å gjere? Forfattar og filolog Kristin Fridtun pratar om den nye boka si, Kunsten å irritera seg over skrivefeil. Ho er òg fast skribent i Dag og Tid der ho skriv språkspalta "Ord om språk".
2021-05-27
39 min
DAG OG TID podkast
Songen som stilna
Song har god effekt på språktrening, på relasjonsbygging og på læring av kultur. Likevel er songen nemd berre to gongar i læreplanen for norskfaget. Teolog og forfattar, Eskil Skjeldal, snakkar om song i skulen.
2021-05-19
18 min
DAG OG TID podkast
Lang covid: Den lange halen til pandemien
Langtidsverknadene av covid-19 er vanskelege å overskode. Mange ulike plager råkar også unge og spreke menneske, og «lang covid» er framleis eit mysterium. Det snakkar vi om med Nina Langeland, professor i infeksjonsmedisin fra Universitet i Bergen, og Per Anders Todal, journalist i DAG OG TID.
2021-05-12
27 min
DAG OG TID podkast
Atle Grønn om sjakk, Russland og Nepomnjasjtsjij
Jan Nepomnjasjtsjij er Carlsens neste VM-utfordrar. Korleis kjem kampen mellom dei to til å sjå ut? Og kva har sjakk og Lermontovs «Vår tids helt» med kvarandre å gjere? Sjakkekspert og professor i russisk, Alte Grønn, er gjest denne veka.
2021-05-05
25 min